Hadde liksom store planar om at idag…jau då skulle eg få gjordt noko før eg starta på seinvakta
Planla godt..Sette klokka på ringing 08 og 08.30.
Det tenkte eg var iallefall maks det eg trengde sove og burde sove…
men…strekte armen ut og slo av eg…Har jo seinvakt:-)
Klokka ni ringde ein seljar…Normalt så brukar eg berre la vere å ta telefonen når eg ser dette nummeret,men idag tenkte eg..
Eg tar den.:-)
Hallo,sånn passeleg surt
Blid og kjekk mann i den andre enden
Har eit fantastisk tilbud til deg eg..Likar du å hekle og strikke?
Eg…Nei!kort og kontant
Vart heilt stillt.Han har sikkert aldri trefft på ei dame i min alder som verken likar strikking eller hekling
Så kom det…Eg tenkte eg skulle glede deg eg men no kan eg desverre ikkje det.Ha ein fin dag:-)
Likte måten han tok seg inn på.
No likar eg igrunnen både strikking og hekling i små former,men har ikkje lyst på” alt om handarbeide.”og reknar med det var det han ville selje til meg:-)
Ikkje greit med halvsure gamle kjerringar som attpåtil er morgongretne og ikkje bør tilsnakkast før det minst har gått 1 time etter vekking:-)..
Kom meg no opp og inn på badet.Etter å ha fått i meg ein kaffikopp starta eg på planen
Gå tur:-)Den gjekk greit
Men der stoppa det
For vel heime åt eg meg sånn sein frukost eller lunch…og etterpå har eg ikkje letta meg av flekken
Vert ikkje gjordt så mykje skal eg fortsette å denne latskapen
Kanskje eg i det minste kan finne fram nokre gevinstar til basaren søndag.
Har jo arbeidshelg så kan ikkje slite meg ut og planer er til for å endrast:-)
Var no godt denne seljaren ringde ellers er det no godt mulig eg hadde sove til no:-)
Ikkje greit å vere B-menneske og planar er til for å forandrast
Eg er jo fleksibel:-)
#humor#ironi


