Frihelg på gamla

Kommen frå nattevakt
Krølla meg opp i sofaen og ser på God morgen Norge…
Må nok sove litt etter nattevakt,men frihelg,så må snu døgnet igjenn.
Vinden rusker fortsatt i hus og tretoppene.
Skal verte godt med fri kjenner eg.
Ikkje så ung og sprek lenger.

Vinden tek tak

Kjenner kor vinden jobber med sitt
I tillegg prøver han stikke av med mitt
Er kraft i den karen og han gir ikkje opp
Prøver febrilsk å velte nok ein tretopp

Inne sit eg og lytter og ser
Men mørket sjuler jobben den gjer
Må snart ut i mørket og vinden ein tur
Sjølv om eg helst vil ta meg ein lur

Sofadag

Litt småslakk gamlemor har tilbrakt mesteparten av dagen på sofaen.
Strekk ut med teppe godt rundt meg.

Har fått i meg både mat og søtsaker,så matlyst er på plass.
Skulle gjerne sovna litt,men enn så trøtt eg er så vil ikkje kroppen.
Skal på nattevakt.Hadde nok sovna visst eg ikkje skulle..

Litt småforkjøla og uggen.
Småsjuk
Kanskje det er verskifte på gang.

Går over antar eg..
Er i grunnen skikkeleg innever.
Liker ikkje desse lange mørke kveldane …..

Hekleguri

Sånn.
No er denne ferdig hekla..
Var desse endane då, og må jo styrkast.. Liker ikkje feste endar
Får legge den i dungen med  nesten ferdige prosjekt……

Har ein halvferdig juleløpar eg nok må gjere ferdig.Trur den er frå forrige jul …
Visst eg då finn den att….snart desember

Ny knagg😍

Endeleg har eg fått opp knaggen i gangen…
Godt kva som er gjordt

Syns den er litt knas.
Det farger på tilverelsen😆
Vorten ein kløpper i å vaske opp for hand er eg og.
Hatt middagsgjester .Litt kos å ha nokon å ete med av og til.

Kos med familie.

Om eg har godt av alt dette matinntaket er ei anna sak.

Her er det ikkje snakk om uten karbohydrater..
Tvert om…
Beundrer dei som klarer ta av nokre kilo.
Her gjeld det mest å unngå å gå meir opp.
Litt for glad i mat og avslapping.
Har planer om å gjere mykje men det kjem liksom ikkje lenger..
Ei smule frustrert av meg sjølv.

I det minste er nummerskiltet på plass.ikkje mi fortjeneste.
Men no ser eg jo kor eg bur😂

Lørdagskos🤣

Isbilen var her idag…
No er krokanisboksen snart tom og eg er kvalm…
Uff…ingen kontroll.
Berre kosa meg idag.
Slappa av.
Laga til og med raspeballer til middag..
Litt kjekt å kunne det og innimellom.

Fått bestillt meg kjeks og karameller..
Og knekkebrød..
Det siste har eg ikkje kjøpt sånn type av før..
Kom to kjekke jenter på døra..
Kom på at eg gløymde å skrive telefonnummeret..
Og det endå dei sa det…men dei finn nok ut av det

Vind ute men fortsatt mildt..
Sit her litt på spranget i tilfelle denne røykvarsleren får nye idag og..
Kan aldri vete.

Prøver å hekle litt.men går litt i rykk og napp.
God lørdagskveld frå gamla i sofakroken😁

Nesten panikk….

Helt skjelven…
Her sat eg i fred og fordrageligheit og ante fred og ingen fare..

Då går røykvarsleren…seriekobla..
Skal sei gamla fekk opp både fart og puls..
Har fossert heile huset rekordfart .
Finn ingenting..opp med dører og pokkerskapet har stoppa..
Sikkert berre tett luft..
Mulig eg har dårleg ånde..
Har iallefall hjertebank..
Glad ingenting var gale og røykvarsleren funker iallefall…
Ekkelt…
Skal ha meg ei ekstra brannrunde om litt…
Har ikkje helse til slikt…

No er det greit nok at den får nye ved matlaging ..
Men når den smell iveg sånn uten då kjenner eg at kroppen sjelv

I mangel på beroligende tek eg peanøtter

Steike deg opp

Gamla har funne stillinga.
Tett før eg sovner her eg sit.
Ikkje mykje futt i denne skrotten.
Flinke å synge desse ungdommane i Idol.
Rykkjer i dansefoten😁
Lenge sidan eg har dansa…
Får starte på seniorenes når så langt lir😁Plutseleg er eg der…
God trim
Bedre det enn å sitte på reva som eg no gjer i grunnen.
Men men…sånn er no den saken…

I morra må eg visst rydde litt..trur eg…
Latskapen lenge leve…

Oppvaskmaskina har takka for seg..

Utruleg kor avhengig eg er vorten av den…
Syns i grunnen den er litt uforskamma.
Vel dreg den på åra, men burde jo vore storfornøyd med å fått flytta inn hos meg…
Den gang ei.
Trivst ikkje på landet så nekter pumpe ut vatnet..
Den om det…
No må den utskiftast
Så no kan den ha det så godt…

Jaja…eg vert no skikkeleg rein på hendene

Ikkje så glad i slike utgifter..

Var på kirkegården og besøkte pappa.
Vatn er ikkje så enkelt å finne der…
Men blomster fekk han..

Rusla turen min har eg og

Vakkert uti havet.
No er det middag og helgefred.
Sofa,snop og TV

God fredagskveld

Ein himmel full av stjerner

Fantastisk flott på himmelen ikveld.
Tenkte på sangen til Lillebjørn Nilsen.
Vakkert.

Sjeldent syn.
Gir ro i sjela..
Det er i sterk kontrast til åndenes makt som var på TV då eg slo på..
Meir grøss og gru.
Funne meg ei gulrot i håp om at eg klarer unngå innhogg i matskapet..
Ikkje enkelt.

Bilde frå før på dagen.
Stjernehimmelen er kun for å nytast.
God natt frå meg😎