Latskap

Lurer på korleis eg før i tida fekk unna alt og i tillegg hadde tid til overs

No får eg ikkje gjordt nokon ting.Går veldig seint og kjem aldri i mål

og no er eg aleine…

Kan ikkje skulde på nokon verdens ting.

Får liksom ikkje ting unna..Kjem ikkje igang heller

Der eg før var rask er det no som eg vaser rundt i sirup

igrunnen veldig irriterande

Trur rett og slett eg har det for godt

Ingen som maser og rotet kan flyte…

Skummelt igrunnen

Er nok hovudgrunnen til at kiloa renn på

Hadde eg fått reva i gir og jobba meir både inne og ute så hadde det nok hjelpt på

Lite hjelp  i å sitte på reva å gafle i seg mat og søtt og gremje seg over kiloa:-)

Kvifor er det så vanskelig å gjere noko med det ein igrunnen veit..

Mangel på sjølvinnsikt er det ikkje. Heller mangel på sjølvkontroll og ork til å gjere noko med det

Her har eg nok ein jobb å gjere

prosjekt Kjeftsmella

 

Ingen bønn:-)

Ja Idag har eg vore veldig trøtt

Ikkje for det.det er eg støtt

Men grunnen i dag var vel lite søvn

Måtte jo hjelpe til å ta min tørn

 

Vaska ei hytte ,det gjekk forferdeleg seint

Skulle jo tru, at eg i det var trent

Hjelpe meg for ein latsabb du er

ropte Lisa og tok eit bringebær

 

Altså no får du komme deg ut på tur.

Ikkje berre daffe og føle deg lur

Gale Lise var i støtet idag

Så vi tok oss ein tur på Vardeheia ilag

 

Starta litt seint skulle det vise seg

for oppe med demma fekk eg regnet på meg

Hadde no heldigvis regnjakke med

for regnet riktig hølja ned


Gjorde igrunnen berre godt,sjølv om det føltes ganske vått

Einaste er at ein må passe på

kor ein set føtene når ein skal til å gå

Glatt på berga og ellers søkk vått

tar litt på for ein gammal skrott:-)

Regnet det stoppa då eg kom opp

på denne flotte og nydelege topp

No var det berre tenkje på, kor eg skulle nedatt gå

Forsiktig rett ned, eller litt på skrå

 

For det var sleipt som f og ekstremt glatt å gå

i tillegg vått og skummelt på berga blå

 Skoa var lekk og eg var søkka blaut

Følte meg nesten som eit gammalt naut

Men alt i alt ein hærleg tur

Eg kjenner eg er trøtt og ikkje sur

Det gjekk ikkje fort og eg brukte veldig lang tid

men gjer ingenting ,eg er like blid:-)

 

#Humor #friluftsliv#dikt

 

 

ikkje sovetid:-)

Nei no må gamla komme seg opp

Treng å bevege min runde kropp

Kanskje eg må ta å gjere litt

Ikkje alt som held seg støv-fritt

 

Det er jo fredag og eg har fri

Viktig å bruke av tida mi

Så no er det slutt på å late seg

Nesten so eg seier ,Stakkars meg

 

Sovedag

Vore ein nydeleg dag ute idag,men eg har sove:-)

Sånn er det berre. Har jo fått nokre timar i godveret,men søvn må ein ha når ein jobber natt

Vurderte om eg skulle ta meg ein tur,men er igrunnen så trøtt i kroppen at eg har ein latmannsdag:-)

Gjer godt det og

Er forresten lat kvar dag så er igrunnen ikkje noko nytt:-)
Får heller gjere ein innsats både ute og inne i helga.Visst eg gidd:-)

 

 

Gale Lisa:-)

Eg har eit alterego ,la meg kalle ho Lise

Ho er søkka dum og går rundt her og knise

Ho er aldri fornøgd uansett kva eg gjer

aldri har eg gode nok klær

 

Eg fann ut i dag at eg kunne gå meg ein tur

Gjekk jo alikavel her og var sur

Ute var veret faktisk ganske så flott

Litt mykje vind men uten knott

 

Var faktisk ganske varmt i lufta

Så kosa meg godt eg gjekk rundt der å luffa

Gjekk ikkje så langt for eg var jo litt trøtt

Og hadde igrunnen litt lyst på noko søtt

 

Kom heim og var glad og ville sette meg ned

Då kom det frå Lisa.:,ditt dumme fe

Gå ein tur på fjellet og få deg litt trim

Du er jo trillande rundt rundt magen din

 

 

Ho ga ikkje fred så eg vart fly forbanna

Eg gjekk meg ein tur,eg kunne ikkje anna

Det var veldig med vind,det må eg sei

Men eg kom meg no opp over lyng og hei

Ser jo ut som eg er spika galen

Er ikkje slik at eg er etter malen

men vinden den bles det sure vekk

så følte meg liten der som eg gjekk

 

Eg tenkte på orda til gale Lise

Kjende eg nesten fekk lyst til å fnise

For er ikkje så verst å vere litt gal

så lenge ein er ute og ikkje på ein sal

 

Tok på meg jakka det var ganske kaldt

Var av og til glatt og var tett før eg fallt

men var faktisk ein hærleg og koseleg tur

jammener detgodt at eg har Lisa på lur

 

 

 

 

 

 

#dikt #tur #friluftsliv #humor

Dikt om latskap

Eg burde gått tur men eg orker det ikkje

ute så bles det  og eg har ikkje bikkje

Då hadde eg nok måtte gått meg ein tur 

og ikkje sote inne og vore sur

 

For i tillegg til vinden så regner det ned

at vi aldri kan få liv å nyte godver i fred

Er så sliten at eg snart må sove

om eg gjer det det tør eg no ikkje love

 

Har såte inne i heile gudskapte dag

og igrunnen ikkje gjordt detminste slag

Men har lært eindel om k-leane og slikt

men hjelper lite på snue og gikt

 

Nydeleg lunsj fekk vi og servert

Kursfolk veit og sette pris å slikt

På hotellet i Leirvika kan dei mat

Og vi fekk det servert på kvar sitt fat

#dikt#humor

 

 

sliten.no

Utruleg kor sliten ein kan føle seg av kun ha såte på baken heile dagen:-)

Kurs og møte til langt på dag gjorde at eg følte meg heilt tom.

Vart litt seint og sola var omtrent vekke.Mange skyer samla og eg fann ut at her var det berre å køyre heimom,skifte og ut å tur

Turen på Einingsfjellet tek ikkje meir enn vel timen for meg då,Merk vel:-)Men må jo først køyre:-)

Var aldeles nydeleg å få bevege kroppen etter å ha såte heile dagen.Kurs i morra og men då er det meldt regn,så ikkje turver. etterpå

Må utnytte dei dagane vi har

 

Er vel snart berre meg som ikkje vert lei av denne utsikta:-)

Men var veeeeldig svolten så kasta noke kylling inn i bakarovnen og fann meg salat

Smakte himmelsk:-)

No er det sofa,71 grader nord og hekletøy:-)

#tur #salat

Fantastisk flott søndag

Vakna tidleg for ein gangs skuld.

Til og med eg vert i godt humør og får lyst å stå opp når sola skin.

Vandra meg ein tur i nærområdet på føremiddagen

Fuglane åt frukost oppi rognebærtreet:-)Høyrdes ut som dei hadde det reint triveleg:-)

Stille og roleg:-)

Men ryggen min er ikkje så glad for turer på asfalt fortida,så tusla meg til naboen på føremiddagskaffi:-)

Vel heime så tenkte eg at kanskje det gjorde godt for ryggen med ulent terreng:-)Veit jo aldri kva nykker den har

Er litt usikker på om ein kan kalle dette ein varde.Er vel igrunnen ei steinrøys med ein kjepp oppi:-)

Mandarina smakte himmelsk etter ein veldig tung tur opp. Pusta så ein kunne høyre meg milevis:-)

Men om det var stille på vegen så var det til gjengjeld stor trafikk i løypa her:-)

Og på fjellet helser alle:-)

snakk om å ta seg ut frå si beste side..Igrunnen rart at folk torde å snakke til meg:-)

Veldig vått i løypene .Var veldig god skotørk i sola,så mens skoa tørka kosa eg meg med krimboka mi:-)

Fantastisk å kunne sitte på altanen og sole seg og nyte livet i september.Gløymer nesten alt regnet vi har hatt:-)

Vart litt rastlaus,og sidan ryggen ikkje likar vegen fortida så vart det ein ny ettermiddagstur på yndlingsfjellet:-)

Og denne gangen gjekk det mykje bedre

Var fantastisk flott på toppen.Stille .Kosa meg med nok ei mandarin.Trur nesten det må ha vore dagsrekord med turgåarar idag:-)

Traff koselege turgåarar no og.

men no var eg svolten:-)

Har ete meg ein durabeleg middag og har no  planta baken i sofaen med hekletøy og kaffi :-)Ser tv og lurer på om eg skal få med meg fotballkampen kl 21 eller sjå på noko anna:-)

Kjenner at no har eg masse krefter til ny veke:-)

#natur #foto #tur

Einingsfjellet

Var utruleg godt å komme seg på fjellet att kjende eg.

Er ikkje noko høgt fjell men alikavel:-)

Var veldig vått idag

Og ikkje minst slept-Er utruleg tungpusten fortida så kan jo bruke dette som unnskyldning for at eg brukar så lang tid opp

Likar vel å merke å  plaske rundt i sølepyttar men det med støvler på:-)

No er hjortejakta starta så har funne fram refleksvesten.Ikkje for det.Veit ikkje om det er nokon som går på jakt her ,men er det ellers der eg går på fjellet

Utruleg vakkert lys

Nydeleg sol på toppen idag:-)

Kan aldri sjå meg mett på denne utsikta .Med  Alden i  det fjerne og følelsen av å sjå hav så langt ein ser:-)

Flott sol men litt kald vind,så den etterlenkta mandarina den åt eg litt lenger nede

Vert aldri lei av å gå opp hit:-)

#foto #tur #natur

Glømsk eller berre sløv?

Dagen starta som vanleg..Godt å kunne sove lenge og ta verda med ro

Hadde fått melding om pakke i posten i forgårs.igrunnen var eg tenkt å vente til mandag

Men,eg var lens for frukt og i tillegg hadde eg treng for nokre sekkar med mold

Fann fram kort og telefon..den er jo viktig:-)

Rydda plass til mold bak i bilen,kom å at eg hadde tomflasker eg måtte plante,og letta over at eg endeleg 

hadde huksa tomgods og at eg skulle ha mold,køyrde eg avgarde

 

Men,,,vel framme var ikkje gleden meir så veldig stor…..For kor søren var kortet og telefonen henne…

Ikkje med iallefall…Kva gjer ein på butikken uten peng…Snill betjening som kjenner meg så fekk skrive til mandag

Men følte meg ganske dum for å sei det mildt

 

Og pakken,,,,,Nei den glømde eg heilt av,så den får eg hente som først tenkt mandag når eg må innom å betale varene:-)

Tenkte det var best eg tok meg ein tur for å få litt fart og frisk luft i hjernecellene

Så denne gangen la eg telefon med kort i jakkelomma