Fantastisk flott søndag

Vakna tidleg for ein gangs skuld.

Til og med eg vert i godt humør og får lyst å stå opp når sola skin.

Vandra meg ein tur i nærområdet på føremiddagen

Fuglane åt frukost oppi rognebærtreet:-)Høyrdes ut som dei hadde det reint triveleg:-)

Stille og roleg:-)

Men ryggen min er ikkje så glad for turer på asfalt fortida,så tusla meg til naboen på føremiddagskaffi:-)

Vel heime så tenkte eg at kanskje det gjorde godt for ryggen med ulent terreng:-)Veit jo aldri kva nykker den har

Er litt usikker på om ein kan kalle dette ein varde.Er vel igrunnen ei steinrøys med ein kjepp oppi:-)

Mandarina smakte himmelsk etter ein veldig tung tur opp. Pusta så ein kunne høyre meg milevis:-)

Men om det var stille på vegen så var det til gjengjeld stor trafikk i løypa her:-)

Og på fjellet helser alle:-)

snakk om å ta seg ut frå si beste side..Igrunnen rart at folk torde å snakke til meg:-)

Veldig vått i løypene .Var veldig god skotørk i sola,så mens skoa tørka kosa eg meg med krimboka mi:-)

Fantastisk å kunne sitte på altanen og sole seg og nyte livet i september.Gløymer nesten alt regnet vi har hatt:-)

Vart litt rastlaus,og sidan ryggen ikkje likar vegen fortida så vart det ein ny ettermiddagstur på yndlingsfjellet:-)

Og denne gangen gjekk det mykje bedre

Var fantastisk flott på toppen.Stille .Kosa meg med nok ei mandarin.Trur nesten det må ha vore dagsrekord med turgåarar idag:-)

Traff koselege turgåarar no og.

men no var eg svolten:-)

Har ete meg ein durabeleg middag og har no  planta baken i sofaen med hekletøy og kaffi :-)Ser tv og lurer på om eg skal få med meg fotballkampen kl 21 eller sjå på noko anna:-)

Kjenner at no har eg masse krefter til ny veke:-)

#natur #foto #tur

4 kommentarer

Siste innlegg