sommar i september

Utruleg for ein flott dag vi har hatt

no er eg trøtt og ganske matt

Har vore ute stort sett i heile dag

Nytt naturen for eit velbehag

Starta dagen  med kaffi og bok

kjende godt kor godt sola tok

Fekk litt lyst til å ta meg ein tur på eit fjell

før eg vart sittande og gjekk å ein smell

Syns eg var tidleg ute å gjekk

men der skal eg sei eg fekk meg ein smekk

For før eg var kommen halvvegs opp

kom andre ned og hadde vore heilt på topp

I dag sat eg lenge og berre såg på naturen

Var så varmt og godt at eg kunne tatt formiddagsluren

Åt meg ei mandarin og drakk litt vatn

tenkte at i dag gjev eg berre katten

Måtte ein tur innom frisøren og

Ikkje at eg så mykje bedre ut såg

Men har no fått farga mitt gråe hår

og drakk meg og ein kaffitår

Fantastisk vakkert ute i kveld

No er det slutt på fridagen og eg har arbeidshelg

Men gjer ingenting for denne dagen var flott

sjølv om det ikveld var ein haug med knott:-)

Sol i vest:-)

Det er visst skodde i Oslo idag

I vest hos meg er ein nydeleg dag

Det sa dei i all fall på God morgen Norge

Her får ein fylle alle kleskorge

Er fantastisk å få ein fin september

etter to månader regn.Du you remember

Det gode med oss er at vi gløymer fort

at regnet tok heile sommaren bort

No har eg satt i gang vaskemaskina

Har fri så eg har dratt frå alle gardina

I dag skal eg retteleg kose meg

og skikkeleg nyte sola her:-)

Dikt om tur og slikt

Kjekt å finne ein benk i naturen

når ein er sliten og drittlei av turen

Der kan ein sitte og tenkje å livet

Kvifor ein ikkje er liten og tynn som sivet

Koselig at folk tek seg tid til å bygge

Ting som for andre kan vere til hygge

Ros skal dei ha det vil eg sei

Kan jo brukast av alle som er lei:-)

Opplysningsskilt er og litt greie

Om det er grønt eller rødt har jo og litt å seie

Eg vel dei grøne,syns dei er min stil

og kan ta ein blå med innlagd kvil

Men rødt og svart er for dei viderekomne 

og ikkje ei kjeftsmelle som held på å sovne

men det viktigaste er at eg får nok frisk luft

og ikkje pæser på all utpust

#tur#humor# dikt

Gjer det eg kan og ikkje kan:-)

Ingenting å sei på utsikta på jobben ei tidleg morgonstund

Litt skyer og skodde i lufta idag,men temeraturen var fin.Reine sommaren:-)

Men inga tid til å vase ute og nyte veret,for først må det jobbast:-)Og det om ein er B menneske og kjenner seg som eit slakt:-)

Litt skodde på fjellturen etter jobb, men var bra nede.Merka jo litt til skoddevinden

Når ein går slik å traskar i skoddeeimen trur ein jo at ein er aleine på jorda:-)

Slik var det jo med meg.Men plutseleg fekk eg følelsen av at det var eit eller anna bak med.

Formeleg hoppa rundt…Der kom ein ung mann slentrande oppover  rett bak meg.Stille, og såg jo ut som han berre gjekk å luffa.Men det gjekk fort:-)

Det er då eg skjønnar kor tregt eg går..Og stille er eg iallefall ikkje..Mykje pust og pæs

Var igrunnen greit at det var andre og som vandra rundt i skodda:-)

Ikkje noko særleg utsikt,men gjorde ikkje noko. I dag var det igrunnen berre det å vere ute i frisk luft som var målet:-)

Misunner nesten dei som spring på dei høgre fjelltoppane omkring nett som ingenting…Der er ikkje eg..Dei er jo på fleire toppar på den tida eg brukar på ein

Seier vel mest om farten min:-)

Nede var det ganske så bra:-)

Kom på den glupe ideen at eg skulle lage sylte då eg kom heim

Må antageleg vere at eg vart inspirert av naboen,eller så var det lufta som tok på

Har ikkje laga sylte på årevis

Problemet var at det einaste eg hadde var plommer..Mangla både ingrediensar og glas så då var det jo å fare i full fart innatt til naboen:-)

Fekk det eg trengde.Reine butikken

Om det vert brukande sylte, veit eg ikkje.Men er no komme på glas.Gjenstår å sjå om sylta stivnar….

Men kan no bruke den i saftsuppe visst ikkje,så ingen fare.Var no artig etter gammalt:-)

Mørkt ute,så då er det skikkeleg kos å berre krølle seg opp i sofaen og sjå på tv:-)

#tur#syltetøy

Lettvektar

Ikkje ofte eg føler meg lett,men idag skjedde det:-)

Var på min vante fjelltur.Nydeleg sol men vind

Mykje pust og pes og er igrunnnen lei meg for at pusten og tida vert dårlegare og ikkje bedre

Må kanskje ta å ringe og bestille meg ein sjekk istadenfor å gå å gneldre om det

Ingen andre kan hjelpe meg og er berre irriterande å høyre på:-)

Hadde medvind så gjekk unna

I det er kom opp på toppen tok vinden skikkeleg tak i gamla:-)

Var som eg flaug bortover mot varden.Nesten så eg var glad for dei ekstra 10 kiloa

Litt kjekt av og til å føle seg som ein lettvektar:-)

Litt problematisk å få skrive seg i manntalet i vinden, men utsikta var som alltid upåklageleg

Gjorde godt.

Var så tidleg oppe og idag at eg har igrunnen fått veldig mykje utav formiddagen.Det er ikkje ofte

Ikkje gjordt så mykje men vore ute

Sjekka om turistane hadde det bra i vinden

Litt for mykje vind på føremiddagen til å fiske:-)

Så då har dei tid til litt pludring med oss fastbuande:-)

Litt kjekt å kunne ha god tid før jobb.Iallefall når vi har dette flotte høstveret

No har gamla fått i seg litt for mykje middag.

Nesten kvalm,men går vel over

Snart klar for seinvakt:-)Kjekt det og

#ut#tur

lett som ei fjær:-)

Kjekt å sjå

Treffte nokre sauer då eg var ute og loffa

Dei såg rart på meg og lurte nok på kva dette her var for spettakkel

Stirra på meg lenge og ga frå seg eit lite brek.Flytta seg ikkje ein cm:-)

Hadde nok ropt på resten av gjengen for plutseleg dukka det opp tre til.

Dei berre sto der og såg på meg:-)

Prøvde å snakke med dei,men var nyttelaust

Hadde sikkert ikkje lov å ha kontakt med fremmande. Noko som er fornuftig:-)Ikkje hadde eg med noko godt til dei heller:-)

Ikkje så ofte ein ser dyr no lenger

Synd igrunnen for landskapet gror att

Men slik er det når det er små gardsbruk og ein ikkje kan leve av det.

Ikkje alle vil vere hobbybønder med jobb ved sida av.Vert for tøfft

Så ein får glede seg over dei få som fins

Refleksvest og hjortejakt

Er litt forsiktig når eg går tur

for kan jo ligge ein jeger på lur

ikkje at eg trur dei vil skyte meg

Må  vere noko bedre dei finn på sin veg

Kan nok oppføre meg som ei kyr

Men går ikkje akkuratt som eit dyr

Men har alltid refleksvesten på

Slik at dei ser meg når eg er ute å går

I dag var det godver og jakt i lufta

så nokre toppar får vente til dei er fordufta

Gjekk litt etter vegen og så til fjells

Men valde den toppen der ein kjem ned før kvelds

Er no berre kos at folk går på jakt

Det må eg altså no få sagt

Men prøver å ikkje rote det te

slik at dei får jakte på dyra i fred

Dikt om livet

I dag har eg berre luffa litt rundt

sett på naturen og gått Bordvika rundt

Kan anbefalast å rusle omkring

Ein ser forskjellig og tenkjer på ting

Kom på at eg kunne hatt bryllaupsdag 

Ja me er sjølvsagt ikkje lenger i lag

Det gjekk med det, som med treet her

Litt ribba tilbake men står no her:-)

Blomstrar fortsatt i vegkanten.

Då tenkjer eg at jammensante

Det er ikkje så verst å bu her ute

sjølv om det knapt nok går ei einaste rute:-)

Sto ein vakker og litt oppeten sopp

Minner meg på at ein ikkje må gi opp

Om livet er tøfft og alt er svart

så går det over om ikkje så snart:-)

Vill vakker og våt, er fossen her

Forandrar seg om det er fint eller stygt ver

Slik er det også med oss igrunn

Viktigast er at vi er god på bunn

God helg

#natur #dikt