sommar i september

Utruleg for ein flott dag vi har hatt

no er eg trøtt og ganske matt

Har vore ute stort sett i heile dag

Nytt naturen for eit velbehag

Starta dagen  med kaffi og bok

kjende godt kor godt sola tok

Fekk litt lyst til å ta meg ein tur på eit fjell

før eg vart sittande og gjekk å ein smell

Syns eg var tidleg ute å gjekk

men der skal eg sei eg fekk meg ein smekk

For før eg var kommen halvvegs opp

kom andre ned og hadde vore heilt på topp

I dag sat eg lenge og berre såg på naturen

Var så varmt og godt at eg kunne tatt formiddagsluren

Åt meg ei mandarin og drakk litt vatn

tenkte at i dag gjev eg berre katten

Måtte ein tur innom frisøren og

Ikkje at eg så mykje bedre ut såg

Men har no fått farga mitt gråe hår

og drakk meg og ein kaffitår

Fantastisk vakkert ute i kveld

No er det slutt på fridagen og eg har arbeidshelg

Men gjer ingenting for denne dagen var flott

sjølv om det ikveld var ein haug med knott:-)

 

 

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg