Stakkars meg:-)

I dag er det ikkje hjelp i verken gale Lise eller noko anna på  det eine eller det andre

Vorten stappa forkjøla og rusten i stemma

Stakkars meg.:-)

Halsen er sår,kroppen verker og hovudet dunkar

Med andre ord er det noko som går over, berre ein tek det med ro litt

Kanskje er det det eg treng.

Så idag ligg eg som eit slakt i sofaen men papir i umiddelbar nærheit

Slike dagar er det igrunnen godt at eg er aleine.

Slepp å ta hensyn til nokon andre enn meg sjølv og ikkje smittar eg nokon heller

Det einaste eg treng er rikeleg drikke og febernedsettande

Litt bale med vond hals men håper det går over av seg sjølv

Slike ting brukar det

Hadde sikkert vore godt å hatt nokon som dulla med ein,men igrunnen så syns eg det er litt masete når det einaste eg treng er fred og ro:-)

Vorten ei skikkeleg sær gammal dame med åra:-)

Men det er eit fantastisk flott ver ute .Men kaldt

Vinteren bankar på døra og minner meg om at no vert det tid for glatte vegar,sukk og stønn og mykje snømåking

Det siste gjev jo mykje frisk luft og musklar men for ei som ikkje er så glad i denne årstida er det berre eit pæs:-)

I slike tider eg tenkjer at eg nok burde budd i sivelisasjonen der det gjekk kollektiv transport og ein slapp å kjøyre rundt på smale glatte vegar med livet som innsats,for deretter lese om miljøpolitikk, der alle skal ta kollektiv transport,bilavgiftene og bensinen skal auke og det skal straffast å bu på landsbygda

Trur eg vert litt agressiv av å vere sjuk og:-)

Gale Lise

Av og til kan det vere greit med eit alterego.Andre ganger meir slitsomt
Skikkeleg sliten då eg kom frå jobb.Det einaste eg tenkte på var mat og så sofaen
Følte eg omtrent gjekk i svart
Låste meg inn i gangen og sparka av meg skoa då gale Lise plutseleg trona framfor meg som den burugla
Kor ska du?Spør du meg så er det einaste du treng ein spasertur i frisk luft…Ho var ikkje nådig
Så gamla fekk på seg joggesko.hue og refleksvesten og tusla avgard

Mykje vatn i bekken sjølv om eg syns det har minka sida igår
Kjenner det er kjøligare i veret.men vi er jo kommen i november så det er inga bombe.
Fortsatt er det litt lauv att på trea om ikkje så mange

Gale Lise har rett av og til.
Var godt med ein spasertur.
Skodda har lagt seg over fjorden og det er godt å komme inn.
No gjeld det å få fyr i ovnen og middagen ferdig😊
Svolten og litt kald og ikkje minst sliten.
Skal bli godt å krype opp i sofakroken

Høstdepresjonar

Av og til så har ein slike dagar der det meste følest tungt ,urettferdig og vanskelig

Tenkjer at kva er poenget,kvifor skal eg gjere ting og kva er hensikten

Alt innimeg er kaos

Følelsen av at nei…slik vil eg slett ikkje ha det er påtrengjande

Prøve hardt å tenkje på at jau..

Eg er flink,eg kan dette og ting ordner seg kan vere litt vanskelig å finne

Ute er veret attpåtil grått og trist og kjenner at eg må passe å så ikkje høstdeperasjonane tek altfor godt tak

 

Men men.Ting har det med å gå seg til

Om ei stund ser livet annarleis ut og tankane er positive og lyse

Livet har sine opp og nedturar for oss alle:-)

Tankane går litt opp og ned .heilt normalt

Kanskje eg skal bruke resten av dagen til å rydde og styre litt og få ut den negative energien på fysisk arbeid:-)

 

 

 

 

Kom an besta😀

Kva er vel koseligare enn å komme sliten frå jobb ein søndagsettermiddag og få besøk av barnebarna😚
Dei kom jo igår ,men med besta med jobb lørdagskveld og dag søndag så er jo oldeforeldra eit supert alternativ
Kom ikkje aleine men med pappa sin for å ha sagt det:-)

 

Er kjekt med litt spel i denne digitale verden..
Er padda som er tingen som vanleg.
Men med besta i lotto og onkelen på ishocky så høyres det i huset.
Kjempekos😁
Fekk masse energi.Så då besøket gjekk tok eg på meg vestlandsbunaden og rusla ut i regn og mørke
Fader så mykje den timen gjer om kvelden. Syns kveldane var lange nok frå før eg…

Gjorde godt.No er det tid for avslapping og tv.Var igrunnen glad eg kom meg ihus.Er ikkje så glad i å tusle rundt i mørkna skal eg vere ærleg.

Stemmer for sommartid heile året.Kunne godt berre ha hoppa bukk over vinteren i samme slengen:-)

klokka tilbake

Ikkje ofte eg er tidleg oppe ein søndagsmorgon:-)

Vel, eg skal på jobb,men er som ungane…Skjønner ikkje heilt det med klokka,verken eg eller kroppen min

Eller normalt sett så er eg dautrøtt når klokka ringer.

I dag var eg oppe ein halv time før den ringte:-)

Å sei at eg er frisk å opplagd er å ta i…for er B menneske ,og dei er sjelden det på denne tid

Men vaken er eg .Til å med fått i meg eit par kopper kaffi og det klokka seks om morningen:-)

No spørs det kor lenge eg føler meg våken,

Men her gjeld det å ikkje ta sorgene på forskudd

Har som vanleg vore vaken x antall ganger i panikk for å forsove meg..

Så igrunnen kunne det gjordt seg å krype under dyna og fått sove til langt på dag

Ha ein fin søndag:-)

 

Tankar ei morgonstund:-)

Les om kandidatane til valget i Usa og tenkjer skrekk og gru

Epostskandala tek seg opp att, og han med hentesveisen jublar.

Ville jo kanskje tru at Usa hadde hatt litt fleire kandidater som var skikka til jobben.

For strengt tatt så veit eg ikkje om desse to har det

Har mykje makt og innflytelse antageleg

 

Sjølv har eg sove lenge idag.Var rett og slett deileg å få lov å sove til eg vakna av meg sjølv

Vekkerklokka har tatt seg av den jobben no i fleire dager

Sola trenger seg fram og skin så flott inn til meg,så her må eg fram meg støvsugaren og støvfilla:-)

Ikkje berre berre med denne sola:-)

Nett ferdig som lean veileder eller rettleiar som det heiter på nynorsk.

Må igrunnen sei at eg for det meste er totalt forvirra ..

Må nok litt meir lesing og ikkje minst trening til

Når det går over ein månad mellom kvar gang ein kurser seg i noko og ikkje trenar ,så har det ein tendens til å legge seg bakerst i harddisken

Men kjem vel fram att.

Gleder meg.Kjekt å lære nye måter å tenkje på .Trur dette kan verte eit godt arbeidsverktøy når vi vert kjend med det på arbeidsplassane

Men ting tek tid .som med alt anna

 

 

Hærleg

Hærleg å endeleg gå seg ein tur
Gjer ingenting at haglet låg på lur
Først så kom sola og fekk meg ut
Skein så flott og var inga sut

Men då eg nådde utsikta mi
Fekk haglet meg til å nesten gå i hi
Men sola ho kjempa seg fram frå ei sky
Og då kom smilet mitt fram att på ny

Men vegen frå huset mitt ser ikkje ut
Den er forsvunnen fins ikkje meir grus
Den er på tur skal visst langt avstad
Ligg mange meter herifrå

Må ut med graps og riva mi
Men ikkje no eg har ikkje tid
Må først få lov å kvile meg litt
For eg har vore på kurs og det er ganske stritt

#dikt#bilder

Plunder og heft:-)

Skal sei vi fekk verforandring
Vind og regn i mengder…
Men mildt er det.Ute
Vore på kurs i heile dag.
Godt å komme heim
Fyre i ovnen og berre slappe av

I dette vere har eg heller ikkje det spor dårleg samvittigheit for manglande trimtur..
Driv ikkje med sjølvskading😀
Benka meg i godstolen med strikketøy og tv mens eg venter på at middagen godgjer seg

Gjeld å finne den beste ballansen mellom jobb og kvile:-)
Kjekt å lære nye ting men slitsomt
No føler eg at lærdommen berre fyk rundt i øverste som fullstendig kaos..
Plunder og heft..Men kan vere det endrer seg med litt øvelse

Øvelse gjer mester heiter det så pent😊

Får ta ein titt på middagen mens regn og vind piskar mot vindusglaset

Forfengelig?

Kursdag
Kjekt og lærerikt men no føler eg meg heilt tom.dum og ubrukeleg….
Mulig det har festa seg litt meir av kursinnhaldet enn eg trur..men fuglane veit

Vore his frisøren og må vite
Vurderer om eg berre burde la den grå manken overta for det koster å farge kvar 6 veke😁
Forfengeligheita lenge leve

Men men..var no godt å bli dulla med😁

Vart lang dag så no er eg skrubbsvolten
Men får prøve å halde meg i skinnet til eg har fått middagen ferdig
Ute er det slutt på godveret.
Det regnar og bles og det er nesten mørkt
Då er det kos i sofaen under pleddet og slappe av med tv…
Har litt papir eg må gå igjennom men det vert  etterpå…Først må eg få i meg litt mat og slappe av litt så eg får litt fart på hjernecellene att:-)

Litt lat

Ikkje så stor trimlyst idag🤔
Veit at imorra kjem regnet
Men rusla meg heller berre ein liten tur

Ryggen har lyst å slappe av og det har resten av kroppen og
Tok turen innom naboen

Sto berre bra til der
Kjekt å vere nabo med foreldra sine
Kan vere praktisk for alle parter av og til😊

Og for å vere sikker på at eg ikkje minkar i vekt så laga eg meg litt vel god og for mykje lunch eller tidleg middag
Snart jobb og slutt på latinga for ei stund

Først litt kaffikos på altanen☺