Skal sei vi fekk verforandring
 Vind og regn i mengder…
 Men mildt er det.Ute…
 Vore på kurs i heile dag.
 Godt å komme heim
 Fyre i ovnen og berre slappe av
I dette vere har eg heller ikkje det spor dårleg samvittigheit for manglande trimtur..
 Driv ikkje med sjølvskading😀
 Benka meg i godstolen med strikketøy og tv mens eg venter på at middagen godgjer seg
Gjeld å finne den beste ballansen mellom jobb og kvile:-)
 Kjekt å lære nye ting men slitsomt
 No føler eg at lærdommen berre fyk rundt i øverste som fullstendig kaos..
 Plunder og heft..Men kan vere det endrer seg med litt øvelse
Øvelse gjer mester heiter det så pent😊
Får ta ein titt på middagen mens regn og vind piskar mot vindusglaset
1 kommentar
 
 




 
											
Her er det skikkelig vind! 😣