Sliten.no men det er fredag:-)

No kjenner eg det er godt å krype godt opp i sofakroken
Vore på sykehuset og til tannlege så fått sprøyte både i auge og munnen.
Eg var no i det minste stille den stunda 😊
Slakk i ånden
fortsatt.
Forkjølelsen heng i
Sleipt på vegen var det og inni landet då snøen kom.
Her er berre
vind. Skikkeleg inne og kose seg ver❤
Hadde meg ein tur innom Mjølkerampen på Sande i Sunnfjord.
Koseleg kafe og utsalgsplass😊
God kaffi og skillingsbolle❤
Litt mat måtte eg ha før tannlegen.
Koselig med slike plasser litt utenom det vanlege

Vel verd eit besøk
Men må innrømme det var godt å komme heim.
No går det i musikk av leonard på tv.
Eg har fått lappen på auget og livet er litt meir innskrenka å sjå til😁
Men bedre det enn å annstrenge auget for mykje .
Storm og regn i vente så denne helga vert innehelg😁
Trur det er fornuftig for kropp og sjel og kanskje eg då finn att heklegardinene
mine.Dei har nemlig gjømt seg❤

Ikkje berre dei .Mulig det spøker men er nok meir gamla som ikkje aner kor ho har alle desse lure plassane sine.

Så imorra får eg kanskje rydde litt meir i håp om at tinga dukker opp

Verden går vidare:-)

.No har Donald vunne valget

Hadde det på følelsen.

Har vore eit salig rot med beskuldningar og epostar .For meg er det det glade vanvidd

Verden går no vidare, men vert spennande å sjå om det vert store forandringar når han inntar trona.Kven veit?

Ein skal vel ikkje dømme nokon før dei har fått prøvd seg..

Er berre glad for at det ikkje er Usa tilstander i Norge

Vi har det godt sjølv om langt frå alt er perfekt her heller.

Forskjell på fattig og rik er det overalt.Jaja

Er stort sett fornøgd med det eg har og at eg bur i eit land som tek vare på alle

Ser ut på nydeleg natur der sola skin så vakkert oppi lia.Får den etterkvart på huset og

Sur og kald vind.Vinter i lufta men vi har fred og ro.Ingen krig som truer bak hushjørnet

Sjølv om eg ikkje alltid er fornøgd verken med det eine eller andre,så er eg takknemlig for at eg bur i det landet eg bur i:-)

Politikk er og blir eit spel

Og ein person styrer ikkje eit land åleine .Men  der ,som ellers, er ein avhengig av rett person ved rattet,Viss ikkje kan det fort verte ein manøver som ikkje kan rettast opp og det endar i elendigheit

No får vi berre vente å sjå kva det vert til 

Håper det går bra 🙂

 

 

 

 

Valgnatt?

Om ein vil eller ei får ein med seg valget på president i Usa
Om ikkje anna så gjer dei mykje av seg
Glad vi ikkje har slike valg i Norge…
Skremmande
Kven som vinn veit ingen og eg skjønner igrunnen lita av korleis det var dei som sto att til slutt
Her ser ein kva pengar og makt har å sei.
Har ferie så kan nå følge med på valget utover natta😊

Ser på ymeplattforma som minner om ei stor oljetid som no ser ut som er forbi.
Kva skal vi no satse på framover?

Det gode med å ha ferie at ein treng ikkje gjere nokon ting
Minuset er at det er bitande kaldt ute…
Men sol❤så skal ikkje klage.
No har eg laga meg kaffi.
Funne avslappingsmoduset og er klar til tv kveld og presidentvalg

Huttetu:-)

Er vinter

Skikkeleg bitande kaldt og eg får kun lyst til ein ting..

Verte klimaflyktning;.)

Heime etter å ha besøkt hovudstaden.Der var endå surare.Ikkje i temperatur, men der var vind og snø

Herr er det nydeleg ver, men huttetu.

Minus 6 grader held lenge for meg.

Fortsatt forkjøla og vond hals..Det varer nok ei stund

Vert så imponert over dei som klarer fjelltur i denne kulden.

Ikkje noko for meg….Alt for kaldt.

Mulig eg frys meir fordi eg ikkje er heilt i form,men trur ikkje det

Tidleg og lang vinter skal den vare frå no til mars /april

Her er det ei som er optimist:-)

Men er jo slik det er,Nokon elskar kulde og vinter..Eg gjer det ikkje

Er nok ein av dei som helsemessig burde vore i varmare strøk om vinteren:-)

Men no er no ting ikkje slik:-)

Her er det berre å gjere det beste utav det

Så no har gamla fyrt godt i ovnen.Kveikt lys og koser seg inne ,

Litt slakk i ånden men har ferie så det gjer ingenting om eg tilbring dagen i sofaen

Må nok ha meg ein liten tur ut men ikkje endå:-)
 

 

 

Vindusplass:-)Heia Norge

Vindusplass på flyet er supert når veret er fint
Bort såg eg kun skyer

 

Vakkert land vi bur i

Var godt å komme heim
Men kaldt…
Har fyrt i så omnen lettar men tek si tid…
Så har pakka meg inn frå topp til tå
Får pakke meg utatt i morra😁

Ute er det beinkaldt , men ser så vidt i den flotte solnedgangen
Flott å vere på tur men jammen er det kjekt å komme heimatt og

 

#foto #natur

Reisefeber😊

I morgon er det påan igjenn…
Besta reiser aleine del 2
Gruer meg som berre det
Blir no satt på flytoget og deretter får eg skjerpe med😊

Er ein stor by så får sjekke ut meir neste gang

Fått gjordt mykje.
Vore på konsert.Trefft familie.god kvalitetstid,kino og ete god mat.
Ikkje så ofte det skjer🐮
Men som alltid skal det verte godt å komme heim og.
Hadde vi berre kunne hoppa over vinteren😁

Osloferie😊

Koser meg ein søndagsmorgon i vinternorge
Aleine heime og trengde frisk luft så våga meg ut 😎

Fann ut at det greie her er at ein kan gå lange strekker rett fram..
For retningsville meg er dette topp.
Iallefall ein god start

Kjekt å få rusle rundt litt

Her snudde eg på eventyrbrua
Trur ikkje eg skal lenger på eventyr aleine idag iallefall

No er det litt avslapping.
Må jo ta det litt forsiktug.:)

It is could outside

Vinter ute og vind
Har nok tatt vestlandsveret med meg på tur.
Ikkje heldig med turveret men så lenge ein er i godt selskap så er det ikkje nøye
Forkjøla som eg er så er det best eg er inne uansett

Var på koseleg plateslepp igår
Bergen mandolinband uten bergensarar og lady Hardanger.
Bluegrass. Flinke musikarar og kjekt
Ikkje så ofte eg beveger meg ut men gjer seg

Trudde ikkje Vigerlandsparken var så stor
Utruleg fin.Sikkert eit syn om sommaren.
No er det så ein får lyst til å kle på alle desse statuene😀

Youngstorget
Hasra forbi i østavinden😊

Dattera er gått på trening så no nyt gamla tilverelsen i sofaen med kaffi og strikketøy
Frister ikkje å gå ut.
Ikkje vil det vere så lurt å vase ut på eigenhand heller
Fader veit kor eg ender❤

Gamla på tur

Uffameg og huttetu.
Ikkje så enkelt.
Men til Bergen går fint
Vestlandsver.
Surt og kaldt

Å fly er ikkje noko for forvirra kjerringar
Systa køyrde meg på flyplassen😊
Megasnillt
Men overlatt til meg sjølv var eg totalt avhengig av god hjelp for å komme vidare
Mange hjelpsomme folk skal eg sei:)
Kom meg på flyet og over skyene skein sola
Det gjorde det ikkje under

 

Så var det neste skritt.
Flytoget
Godt eg er i Norge…
Etter god hjelp kom eg meg på toget
Fekk til å med spørsmål om nokon henta meg eller eg trengde hjelp på oslo S.
Men der sto heldigvis dattera❤

 

Så no koser vi oss

Augesjukdommen Våt AMD

Ikkje så kjekt uansett kva sjukdom ein får uansett liten eller stor

Sjølv har eg våt AMD
Får behandling med sprøyte ein gang i mnd…har styra på med dette i 2 år.
Hadde jo håpa at det skulle roe seg men er visst like hissig som eg er.:-)

Var på Haukeland for verteporfin-terapi. Hadde eit håp om at det skulle bremse litt sjukdommen..men den gang ei…

Men så lenge eg klarer å halde det så nokonlunde i sjakk så tar eg gladeleg den sprøyta på auget ein gang i mnd.Alternativet er verre

Så sjekk augene folkens
Gå til optikar visst du merkar forandring
Eg venta forlenge❤