Eg er ekstremt lat.. Ikkje så rart at kiloa aukar for kvart minutt😣 Hadde det ikkje vore for den turen eg tek etter vegen av og til så hadde det sett endå verre ut
På tide eg får reva opp avsofaen meir enn ein gang for dagen. Glad det går mot lysare tider og forhåpentlegvis litt arbeidslyst😁
Vert ikkje noko futt i denne gamle skrotten med å sitte i sofaen og strikke og lese og kun reise seg for å hente mat og å gå på do…
Sukk og stønn… Trur det er på tide eg finn fram vaskeklut og mopp og går laus på husvask i hus og hytte…dette her kan ikkje fortsette slik…kan verte depremert av mindre
No får det verte slutt på denne sjølvmedlidenheita og giddaløysa og over til å få litt bevegelse i skrotten før eg må trillast ut or sofaen😎
Fått med meg mykje idag eg Starta dagen med Pengesluket på tur. Bensin fyller eg på tilbakevegen,tenkte eg..Pengesluket sa seg einig.. Vi tøffa i veg i 15 km før gamla kom på at både mobil og visakort låg att på kjøkkenbenken..grådig smart…så var berre å snu Men vi nådde fram i tide
Sande kyrkje… Ikkje ofte eg går i kyrkje..det må eg innrømme men det skader ikkje.
I dag var det tårnagentane (3klasse)som ilag med presten og nokre konfirmanter hadde gudstjeneste.
Koselig når ungane kjem i første rekke❤
Men som god bestemor vart det jo og tid for pokemonjakt.. Skjønner meg ikkje på det men eg får no frisk luft
Av og til skal ein jo vere litt impulsiv. Så slengte meg på kjøkkenjakt i Førde Har no planlagt å investere i høgst nødvendig kjøkken i fleire år….trur det nærmar seg
Ikkje meg som er først i køen.. Det er naboen😉 Men er litt lurt å få litt inspirasjon.. Gjeld å klare å bestemme seg.. Ikkje berre skal ein velge kjøkkenskap Nei her er det både vegger og golv… Dilemmaet er…skal eg ta vekk ei dør eller ikkje…. Uff…No har eg bestemmt meg for å stenge att…Får jo meir skap… Men har jo ombestemme meg før.. Ikkje rart det tek tid….
Men først skal naboen få seg kjøkken. Dvs..få og få….
Kjekt med utflukt.Foten er nesten bra❤ Håpar veret held seg mildt for har igrunnen tenkt meg på utflukt Kirkebesøk på Sande…. Men ikkje visst det vert glatt. Det likar verken eg eller Pengesluket
Nydeleg dag ute.. Var jo eg som skulle på fjelltur idag og…Men her sit eg.. Ikkje mange steg eg kan ta…ilt er det og…stakkars meg😊
Brukar altså omtrent alltid fjellsko med støtte for anklage.. Omtrent var ikkje igår… Irriterende… Men som man reder så ligger man.. Sist eg hang fast med ein fot var no på flate golvet…då rauk kragebeinet…
Ulykker skjer overalt Har no i det minste fått tatt haugen med strykeklær Var ei stund sidan sist eg brukte strykejernet såg eg på kleda☺ Rir ikkje alltid den dagen eg salar
Går seg vel til med denne ankelen , Alt har vel kanskje si meining.. Mulig det var det som skulle til for at eg skulle ta desse klærne og rydde litt i papirhaugen.. Men burde nok heller ha trimma litt.Eser jo utover for kvar dag… Jaja.. No er eg klar for kveldens handballkamp😁💚Det skal ikkje stå på meg Eg skal gi alt💙
Flott ver idag Sidan eg var ferdig på jobb klokka 14 fekk eg den glupe ideen å ta ein fjelltur. No er vi ikkje så flinke med vedlikeholdet av turløypene her som hos naboen. Ingen plank over våte parti eller kvilebenk. Til gjengjeld er det gjørmehol og plaskedammer.. No tenkte eg at eg var glupe og smart og valde gummistøvlar
Problemet var at høgrestøvelen var lekk og ikkje stort bedre den andre heller. Var søkka blautfør eg kom på første toppen…kalde våte bein… Ville snu…Men då tok galne Lise heilt av Det gjekk då søren ikkje anna å trekke seg berre på grunn av det..Pysete eller?
Igrunnen er eg det..Men å snu var kanskje ikkje lurt.. Gjekk ikkje fort men gjorde godt
Aldeles nydeleg på toppen. Forma er elendig.. Trudde rett som det var at eg skulle kollapse..
Men så klart kan ikkje gamla komme frå ein slik ekspedisjon ustraffet. På veg nedover i sleipa hengde høgrefoten seg opp i ett eller anna.sklei ut i ein komisk vinkel..Gamla slang hit og dit..var sikker på å bryte foten.. Men unngjekk å dette.. Kom unna med forstuing ,men det var inni h..ilt Har du tenkt å overnatte her eller, kom det kvasse frå gale Lise… Må sei det fresta ikkje..med mi tyngde er eg heller ikkje så enkel å bere kilometervis… No var det kanskje ein fordel at eg var iskaldt.og våt på beina.. Hjelp jo å kjøle ned… Pingsa meg no nedover om ikkje så brått
Var sjeleglad eg kom meg heim. Så no har eg landa på sofaen med foten på krakk. Godt bandasjer med støttebandasje… Smertestillande er nødvendig og igrunnen så skjønner eg ikkje korleis eg kom meg nedatt😊godt eg har langfri Håpar på at det ser lysare ut i morra Går seg nok til
Var igrunnen ikkje så mykje sprett i verken meg eller Pengesluket på føremiddagen. Trege om morningen begge to Men vi rakk no spatimen kl 12 Pengesluket var lykkeleg over den flotte regnbogen..eller var to
Den var veldig sterk i fargane sjølv om mobilen ikkje viser det😊 Pengesluket var lukkeleg over å få spa av ungdommen No er det litt begrensa kva økonomien tillet av slike spabehandlingar..syns to i januar får vere bra😊
Så istadenfor å verte sittande å vente gjekk gamla på tur.Brendaholten eller noko sånnt☺ Sist eg skulle finne fram her, så vart det mislykka..Då var det til mitt forsvar dårleg merkt😊Det var det ikkje idag
Er veldig flinke med å lage bruer og benker på turstiane i ytre Fjaler. Eg let meg imponere. Ikkje for det..I dag var det tross flotte bruer både vått og glatt
Dette her var igrunnen det einaste vetige fottøyet
Får litt historie med på kjøpet Er litt redd for at hadde ein dreve med slike ting no så hadde ein vorte anklaga for vandalisme og skadeverk på naturen.. Personleg så trur eg at hadde noko malt litt fin grafitti på eit berg i naturen ein plass så hadde det ført til at mange fleire hadde fått seg ein spasertur i rein nyskjerrigheit❤
Må sei at visst det er utsikt ein vil ha så er igrunnen ikkje dette rette turen. Men likar ein å gå i naturen så er dette noko som alle klarer.Kort og enkelt men litt slept nedatt😀
Bok og benk❤ Sånn skikkeleg skogstur. Eitpar runder med motorsaga hadde gjordt underverker for utsikta på toppen.. Berre eit tips😊
Litt såg ein jo mellom trea. Eg storkosa meg.
Litt kjekt med slike turløyper for dei som ikkje er så spreke og Brukte lang tid eg då..gjekk ikkje nett fort.. Men no måtte eg no uansett nytte tida mens Pengesluket brukte pengane mine😁
Litt kjekt å få gå litt i naturen .Lenge sidan sist eg gjekk turløype..
Henta ein fornøgd bil og tøffa oss heimover. Avslutta med å rusle på utsikten
Ikkje gjordt det slag nyttig idag Fridagar er jo til for å nytast
No er ikkje tussmørkna,plaskregn og køyring nokon god mix. Iallefall ikkje for meg. Vi beregma gooooood tid og Pengesluket tusla iveg…
Radioen til Pengesluket har plutseleg lagt inn årane. Ingen lyd verken i den eller cden Sikkert høyrt om dab og valt å avslutte sjølv😊 Klokka til Pengesluket lever sitt eige liv.. Så der tøffa vi rundt i god tru til vi kom på Langeland og eg såg mi eiga klokke… Då vart det slutt på kosefarten Det gode er at ein som regel må vente på sykehuset😎
Problemet med å måtte vere i Førde i timesvis er jo at ein plutseleg treng det ein ikkje visste ein hadde behov for
Smakte utmerka og mett vart eg. Tenkte det var smart å ta med kaffi i pappbeger med lok…Kjekt i bilen❤ Vel oppi lia skulle eg ta meg ein slurk…. Det var berre det at loket var litt laust.. No var det igrunnen greit at eg hadde falle for fristelsen og kjøpt ny genser.. Var berre å vente til eg fann ein plass å køyre ut Når sant skal seiast så har eg og desse koppane aldri hatt det store forholdet…ikkje første gang
Kjørde rett inn til naboen og drakk kaffi og lånte ryggmasasjeputa . Hærleg etter alt maset.. Hadde no kjøpt med vg og ein blomsterkvast som tskk for lånet❤ Retteleg fått på meg spanderbuksa og var i godlune Pengesluket ville heim og gamla gjekk seg ein tur i ruskeveret
Trur karmaen min er elendig for tida. I likheit med parabolen har eg dårlege signal
Vore slik nokre dagar. No har no min gode hjelpar styra på ute i regnet i fleire timar. Prøver å hjelpe gamlemor Mulig han får fram litt signal hos parabolen
Så får heller dette spetakkelet få orden på seg sjølv
#humor#ironi
Av og til så veit eg ikkje korleis eg sksl takke. To timar i regnet for gamlemor❤❤❤❤
Ikkje det spor å sjå av det gullet som morgenstunda skulle ha etter ordtaket😐 Gamla er stuptrøtt og har på eit vis kreka seg or senga.
Ute er det storm og regn..og det med obs. Varsel… Utruleg for eit humør det er på han i lokalradioen😊 Er no ikkje glatte vegar i det minste. No spelar dei jaggu ..det er lov å vere blid på radioen…ser dei meg?
Håper det er så nokonlunde framkommelege vegar . Kvir meg på køyreturen til Førde og på heile sjukehusbesøket… Går nok greit Får gryte i meg meir kaffi og høyre om munkane som kasta kors i vatne og dukka etter det.. Noko måtte dei vel ta seg til😀 Mulig eg og vert bli iløpet av dagen
Har rett og slett ikkje orka gå tur dei siste dagane…og det straffa seg I dag kjendes det ut som ryggen var av… Smekka i meg smertestillande og aka meg forsiktig ned i godstolen…
Det var då gale Lise dukka opp Er du spika galen…Trur du at ryggen vert bedre av å sitte her som eit slakt!!!! Kom deg ut å gå….eg lystra
Av og til er det ok med alterego Feķk med stor møye på tursko og klær og ut med meg
Dukka plutseleg opp fleire unge menn med ein tjukk kabel hengande over skuldrane.kom gjennom skogen og såg tungt ut…minna meg om dvergane i askepott….😁
Det å gå etter vegen var ikkje det heilt store så valde gamlevegen over kletten heimover.. Hærleg å vase i utmarka..
Kjem minner frå gamle dager då ein sprang over her ofte og i full fart.
Gjekk ein hest på beite her…Den hadde absulutt ingen interesse av ungar virker det som.. Vi sprang det vi orka for å rekke gjennom grinda før den kom.. At den nok sprang fordi vi sprang det var mindre nøye..
Var veldig vått i marka og skodda låg over fjellet..Fresta ikkje så veldig å gå lenger opp..
Her var ryggen min rett og slett på bristepunktet… Det einaste eg tenkte på var at far min nett hadde kjøpt deg ny masasjepute for ryggen..
Og den hjalp❤ Ryggen er ill no og den men mykje bedre. Trur ikkje eg bør la vere å bevege meg ut fleire dagar i strekk…det straffar seg..