MyFitnessPal :-)

Hatt besøk av Oslosysta:-)

Kjempekos å kunne pludre om laust og fast og om matlyst og vanvittig søthunger

Det var då vi kom innom appen som reknar om det du et, og gir deg sanninga svart på kvitt:..

Ja ein må jo vere ærlig…

Det er då ein forstår at det ikkje er så lurt å a grytt i seg omtrent ein stor pose med karameller som har 35 kalorier kvar…

Heilt ærlig så har eg ikkje tenkt så mykje på kva alt eg putter i munnen av søtsaker har av kaloria…

Igrunnen så var idag ein av dagane eg trudde eg hadde vore flink:-)

Men det var berre sjølvbedrag:-)

Fått hjelp til å laste ned appen og ikkje minst til korleis eg skal bruke den…

Kor dette skal gå når eg knapt kan bevege meg, er meg eit under,,,men noko må eg gjere…

3 kilo i pluss på knapt ei veke uten dei vante turane lover ikkje godt,,,

Kanskje appen kan få opp augene mine for kva eg stapper inn…og at eg kan stoppe før eg har grytt i meg posjonar som normalt held til to:-)

Så bør eg nok kanskje ta litt mentaltrening på meg sjølv så eg tenkjer på anna enn mat og søtt:-)

Er svolten og har lyst på noko godt….

Men har ete ikveld og er forlengst komme over det som kallast eit normalt inntak;-)

No gjeld det berre å verte bra att i dette hersens kneet så eg får bevege meg litt og….

Visst ikkje er eg redd dette går den vegen høna sparkar

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg