Misunnelsen lenge leve😎

Eg er misunneleg…
Ingen god følelse igrunnen.
Hadde planer om å kunne få gå fjellturar og skikkeleg kose meg no i ferien…
Istaden forbanner eg eiga uforsiktigheit og fall, og irriterer meg over kne som verker og ikkje vil gi seg…
Her fartar venner og familie på fjellet og gamla må vere heime…..
Søren til greier..
Ikkje for det..unner jo andre å gå på fjellet…berre at eg skulle så gjerne ha vore med….

Men har no kosa meg i vind og sol eg og då

Nytt dagen med god bok og tid med familien.
Besøkt naboane og hatt det kjekt…
Men…er rart kor det ein ikkje kan frestar…
Aldri hatt slik lyst på fjellturar som no…
Er nok og det faktum at etter eit helsikens ver og null turver i juni ,så er det no kjempefin temperatur til akkuratt det..
Liksom litt kaldt for badeliv..
Nordavinden er kald kor den kjem frå😙Hengekøya var ikkje noko for meg ,men dattera syns den er super:-)Eg har prøvd og vart nesten sjøsjuk:-)

Må nok ha meg eit legebesøk til med kneet..ting tek tid og eg kan ikkje gjere stort anna enn ta det med ro ei stund til…
Så får eg heller sjå bilde frå andre sine turar og tenkje…gje det var meg…

Misunnelse er ikkje ein god aktivitet for verken hjarte eller hjerne:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg