Har normalt eit litt hissig temperament Men no tek det heilt av Har liksom meir enn nok med smertene Ingolf meiner det har klikka heilt og det kan eg kanskje vere einig i
Idag er det fint ute Er litt snø endå Nok til at eg er redd vegen min er temmeleg så glatt:-) Har no broddesko,så må nok hente dei fram idag Trur eg må prøve å g meg ein tur Avlede smertene litt For dei er der,uansett kva eg måtte finne på Går forhåpentlegvis fort over Noko skal ein jo ha Andre får influensa og eg slår til med helvetesild:-)
Tek ein tv dag eg.Kombinert Mest glad i skiskyting skal eg vere ærlig
Etter fleire dagar med temmeleg iltre smerter,så kom utslettet Frå å tenke at smertene kom av musklane ,så vart eg til slutt sikker på et gjer dei ikkje Var inne på tanken om helvetesild Viss de lurer Det er ingen ting å ha Skjønner navnet for å sei det slik Snill nabo kjørde meg på skitføre til sjukehuset Synd den lokale legevaktsatelitten ikkje var oppe Hadde spart meg for 4 timars køyring Eller eg slapp køyre sjølv
No var no eg og legen einig i diagnosa På apoteket og henta ut tablettar Det var ikkje billig:-) Håper det hjelp Går visst ikkje over med det første:-) Trur eg må ha litt sterkare enn aracet til natta Den hjelper lite Akk ja Noko skal ein jo ha Glad eg bur aleine
Litt trøtt etter natt og lite søvn i dag Må snu sovemønsteret til normalen
Fekk nydelig bukett av dattera❤️ Koselig med nydelig høstfarger i kontrast til snølandskapet ute Vi gjekk inn når sola forsvann vi to Koseligste i sofaen
Om alt om Epstein no kjem fram i lyset tviler eg på. Er som regel noko ein held sjukt Krigen i Midtøsten tek aldri slutt Frykteleg Samme med dei andre krigene som pågår Vi er ikkje trygge lenger vi heller
Når kvelden går over til natt Og tankerekka er nokså bratt Når katten tenkjer at her må bli ro Og gamla ho tenkjer Først må eg på do
Frå seinvakt og lefsebaking til isete veg Rett opp i sofaen og pleddet godt tulla rundt meg Sett kompaniet klatre seg opp ein bratt sti No er det litt krim ,no er eg på gli
Om eg får sove det kan ein lure på Men kan sove i morra så får heller la gå Straumen er dyr,skal eg velge Norgespris Kan jo ikkje godt fryse til is
Vart ganske så kaldt og straumen fauk opp Merkeleg at det sånn plutseleg gjer eit stort hopp Men eg har jo ved eg kan spe litt på med Skal kanskje vere glad eg får bu her i fred
No starter årets vintertrim og ekstremsport Ikkje glad i denne årstida Sikkert grunna isete vegar med hjarte i halsen og all denne måkinga Jau då Får masse trim Men kunne godt ha vore forruten Spesiellt køyre på glatte smale vegar Men eg bur her eg bur av eigen vilje Og på jobb må eg Kjøpe mat må eg og for den saks skuld Vert meir pysete med åra
Epstein dokumenter skal offentliggjerast eller ikkje Kva som står der er ikkje godt å seie Skremmande kor mykje makt pengar gir og kor mykje ein då kan styre med i åresvis uten at nokon grip inn uff
Nei,gamla får prøve å få kroppen igang og starte dagen Ha ein super tirsdag Idag skal det bakast lefser på avdelinga er meininga Blir nok ein kjekk ettermiddag på jobb Og det er ikkje meg sonm har ansvaret Men,eg er god på å hjelpe til
Kom heim til snøver igår og idag er det kvitt Og frosen bil Det heng liksom ihop Min står ute og då er det slik
Tilbake til kvardagen Sove lenge Kaffi og pledd Normal start på dagen Bør nok satse på tur ut før jobb Litt frisk luft er nok lurt,men ser på vind og ver at den må skje godt påkledd:-)
Norge slo Italia og verden vart litt lysare for gjengen som kjem til VM Godt med litt positivt i ein heller trist verden Snart jul og her er ingenting gjordt Men jula kjem uansett den:-)
Kjempekos å treffast Stolpejakt i Kanadaskogen er fint for kropp og sjel Trim ,prat og latter Kjekt å besøke nye plassar Kjekt å vere i lag Stolpejakt er fin aktivitet
Kvalitetstid Hadde ei stille og roleg helg Berre kosa oss i lag
Tok ekspressbåten Fint transportmiddel sjølv om eg syns det er vorte dyrt
Søsterhelg God mat og kos Gjer seg Claus Sellevoll Vestlandshumor Blanding av alvor og humor Lo så tårene rann og tårene pressa og på i dei alvorlege temaene Kan anbefalast Vi fekk heldigvis plass igår. Spontan gjeng Var nokre ledige seter på sida Det vi trudde var dårleg plass viste seg som det motsatte Lenge sida eg har vore ute
Sjelden vi er samla vi tre Blir sånn når vi bur her og der