Fredagsro


Ikkje berre eg som syns det er tryggast inne i denne vinden
Tek godt i kasta
Skikkeleg ruskevær

Ryggen har bestemt seg for å krangle
Er nok litt lite bevegelse
Helvetesilden klamrer seg fast

Ikkje noko eg får gjere mykje med

Har i det minste funne adventsstjerna
Lysa og adventsstaken lurer eg på kor er

Skal nok finne noko før søndag

God helg

Sliten av ingenting

Enkelte dagar kan få forbigå i stillhet
Innom grendahuset vårt og dekka nokre bord
Heim til teamsmøte frå sofaen
Kjennes ut som eg har sprunge maraton


Skulle gå meg ein tur men var nok med 500 meter
Ikkje min dag i dag

Jaja.
Fortsatt ikkje funne adventsakene
Ting tek tid her i gården
Skal rett og slett berre legge meg på sofaen

Ny dag og nye muligheter i morra

Det susar i sivet

Eller det er rett og slett begynt å blåse opp
Eg for min del er der eg stort sett har vore dei siste dagane
På sofaen under teppet
Kjem sterkare tilbake
Personalmøte fekk eg med meg på teams
Greit det finns slike muligheter

No er det rett og slett litt kjekt å kunne vere inne
Fortsatt ikkje sjekka kor adventstinga mine er
Er nokre dagar til søndag endå
Ser på spillet og nyheiter
Noko skal ein jo drive med

God natt😇

Fasinerande serie

Serien om Petter og familien som reiser rundt og bur ilag med familiar i land rundt om i verda fasinerer meg
Kjem så tett innpå korleis ein har det og dei kjenner på kroppen korleis det er å bu og leve sik.
Må ha vore vanskeleg men lærerikt og all ære til familiane dei har budd med

Lærer mykje av det eg og
Likar slike ekte seriar som syner det livet som det er, og tankane dei har rundt

Tidleg vaken idag,men ikkje rart etter all sovinga igår
Litt og for å ta smertestillande:-)For smertene dei er der fortsatt
Sånn er det no berre
Må iallefall prøve å komme meg litt ut i frisk luft om ei stund

Skal vel vere bra ver idag og før veret snur
Men fortsatt er det mørkt ute
Står i avisa at bossavgiftene skal stige
Grunnen er at vi er vorten for flinke å sortere;.)Rar begrunnelse
Men når vi innfører ordning der vi betaler ekstra for kvar dunk vi levere med søppel,så blir vi jo automatisk flinkare å sortere.
Papp og plast gir inga auking ,kun søppel
Vi vart oppfordra til å bli flinkare å sortere.Så vart vi for flinke
Skjønner at selskapet må få ting til å gå rundt
Men kanskje konklusjonen vart litt feil
Akk ja’
Blir nok dyrare uansett om vi er finke å sortere eller ikkje
Ikkje enkelt dette her,Ikkje alt ein skal forstå

Har for god tid å fabulerer når ein ikkje orkar så mange andre ting
Ha ein super dag

Den som sover..

Den som sover synder ikkje er det eit ordtak som seier
Godt er det, for mykje anna vert ikkje gjordt heller

Idag har eg stort sett sove vekk heile dagen
Hjelp lite at det er sol når gamlemor er ute av drift
Ryggen kjennes ut som den er av,,
Eg er fortsatt stuptrøtt etter mange timars søvn:-)

Må prøve å halde meg våken litt kanskje
Godt å få sove då
Har vorte litt lite av det,men kroppen kjem vel til eit punkt der den kollapser den og
Jaja går nok over dette og
Planane mine for dagen er vorten utsatt
Kanskje i morra
Imorra er det ein ny dag


Skulle ha festa endane på desse
Mulig eg skal sjå om eg finn nåla

Ha ein super kveld

God morgen:-)

Fantastisk flott ute idag,men kaldt
Hadde meg ein tur med matbosset Ja altso drog dunken til vegen
Får vere bra nok tur
Brodder og tjukke klær er eit must
Så eg tutla meg innat og under peddet med kaffikoppen
Bildet er ikkje frå idag.No er det skyfritt

Dagens plan er å finne ut kor eg har adventslys og stake
Er liksom aldri der eg trur dei skal vere
Merkelege saker
Må og hente pakke
Trur det er meir enn nok for idag
Blir noko slapp av denne helvetesilden
Men først tek eg ein lang kaffipause og kvil på sofaen:-)
Lage meg frukost kanskje

Vaske til jul gjer eg ikkje
Eg vasker om våren
Må sjå kva eg driv med
Men når eg har fått tørka litt støv
Vaska over golvet og slengt på litt juledukar og nisser her og der så er det jul uansett
Litt kjeks skal eg bake,men berre litt
Lagar dei som eg veit forsvinn or boksane
Ellers har dei mykje godt på butikken
Elskar kjøpte havreflarn
Bei svolten av å tenkje på det.

Ha ein super tirsdag

Mange typar sild

Eldstemann sende meg bilde av sursid som svar på at eg hadde fått helvetesild
Likar igrunnen ingen av delane eg då
Surrer no berre rundt her
Ikkje så mykje som hjelper mot smertene heler så prøver late som dei ikkje er der

Har selskap av Ingolf-
Han har ingen som helst medfølelse og syns eg bør ta meg sammen
Ikkje med dei yngste han heller
Vore ute og segla litt på isen,men idag er formen sånn passe så vart berre ein liten tur
Men,frisk luft fekk eg
Nei får strikke litt meir på sokken min.
Få tankane vridd over på andre ting
Ingen mønsterstrikking
Må gjere det eg kan.Rett og vrangt:-)Går det og i ein støv
Festing av ender får vere til seinare

Novemberdag

Sol 🌞
Litt snø
Obs is og litt glatt
Nydeleg søndag
Gjorde godt for kropp og sjel
Vi treng slike dagar

God søndag

Har normalt eit litt hissig temperament
Men no tek det heilt av
Har liksom meir enn nok med smertene
Ingolf meiner det har klikka heilt og det kan eg kanskje vere einig i

Idag er det fint ute
Er litt snø endå
Nok til at eg er redd vegen min er temmeleg så glatt:-)
Har no broddesko,så må nok hente dei fram idag
Trur eg må prøve å g meg ein tur
Avlede smertene litt
For dei er der,uansett kva eg måtte finne på
Går forhåpentlegvis fort over
Noko skal ein jo ha
Andre får influensa og eg slår til med helvetesild:-)

Tek ein tv dag eg.Kombinert
Mest glad i skiskyting skal eg vere ærlig

God søndag❤️

Helvetesild

Etter fleire dagar med temmeleg iltre smerter,så kom utslettet
Frå å tenke at smertene kom av musklane ,så vart eg til slutt sikker på
et gjer dei ikkje
Var inne på tanken om helvetesild
Viss de lurer
Det er ingen ting å ha
Skjønner navnet for å sei det slik
Snill nabo kjørde meg på skitføre til sjukehuset
Synd den lokale legevaktsatelitten ikkje var oppe
Hadde spart meg for 4 timars køyring
Eller eg slapp køyre sjølv

No var no eg og legen einig i diagnosa
På apoteket og henta ut tablettar
Det var ikkje billig:-)
Håper det hjelp
Går visst ikkje over med det første:-)
Trur eg må ha litt sterkare enn aracet til natta
Den hjelper lite
Akk ja
Noko skal ein jo ha
Glad eg bur aleine

God helg