Det bles på toppane

Det gjer det både billedleg og her hos meg idag
Skikkeleg surt ute no i kveld.
Regnet kjem både vannrett og loddrett og på skrå

Fekk no meg ein liten luftetur i vinden før regnet kom
Har og hatt meg eit kvarter i massasjestol
Har det hos den lokale frisøren
Best å ikkje gjere for mykje ut av det:-)
Ellers så har eg ete meg altfor mett og havna her i sofaen ilag med Ingolf
BodøGlimt lader opp til kamp ser eg på tv.Iallefall supporterane
Supert levert å komme så langt sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av fotball
Dattera spurde om eg kunne strikke ho ein hood
kombi sjerf og hette i ett.
Såg berre litt opp og sa.jadå.Ser no greit ut
Det var til eg fekk mønsteret
i-cord
Aner ikkje korleis eg skal få det til å strikke kantane med det
Les forklaring og er like klok.Har aldri vore nokon strikkeekspert
og så er det halvpatent
Trur eg må finne nokon som kan forklare.Ser på you tube og vert liksom like klok
Skal strikkast med dobbel trå og pinne ni,så veks nok fort.Berre eg no skjønner kva eg skal gjere
Uff
Må nok øve meg på eit anna lite prosjekt
Redd dette kan ta tid
Må lere meg å sjekke kva eg seier ja til

Alt er nok enkelt når ein kan det
Men må berre kjøpe pinne nummer ni..Det er punkt ein.Tråd har eg kjøpt
Dyr tråd så kan ikkje gi opp heller
Godt det er lenge til det er vinter att:-)

Lang veg til eg når målet

Ha ein super kveld

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg