Kjempekos å treffast Stolpejakt i Kanadaskogen er fint for kropp og sjel Trim ,prat og latter Kjekt å besøke nye plassar Kjekt å vere i lag Stolpejakt er fin aktivitet
Kvalitetstid Hadde ei stille og roleg helg Berre kosa oss i lag
Tok ekspressbåten Fint transportmiddel sjølv om eg syns det er vorte dyrt
Søsterhelg God mat og kos Gjer seg Claus Sellevoll Vestlandshumor Blanding av alvor og humor Lo så tårene rann og tårene pressa og på i dei alvorlege temaene Kan anbefalast Vi fekk heldigvis plass igår. Spontan gjeng Var nokre ledige seter på sida Det vi trudde var dårleg plass viste seg som det motsatte Lenge sida eg har vore ute
Sjelden vi er samla vi tre Blir sånn når vi bur her og der
Ein ligg der og vrir seg Fram og tilbake Tankane svirrer Ein tel sauer Prøver pusteteknikk Snur seg igjenn Ein tur på toalettet Tilbake i senga Same prosedyre Til slutt Berre å gi opp Lage kaffi Slå på data Har det skjedd noko inatt Pus må få mat berre å prøve igjenn neste natt Søvn er oppskytt
Nydeleg dag og stå opp til sjølv om skrotten kjennes ut som den har passert 105 Var nok den grøftegravinga og ellers litt løft som ryggen ikkje var så glad i Litt for svak i musklaturen sikkert Går nok over Gårsdagen gode nyheit var at dei skal starte opp jobben med å få på plass landbasert oppdrettsanlegg i nabokommunen Glad for kvar arbeidsplass som dukker opp i nærheita. Gjer at det og er ein plass det er verdt å bu No er vegen ut til Lutelandet heller misserabel.Ikkje slike vegar ein finn i sentrale strøk for å sei det slik. Håper det vert litt orden på den og Kjekt det skjer noko positivt
Må prøve å starte dagen snart her og Har eindel eg bør få gjordt
Og irritert skal eg vere ærlig Vi skal få fiber Jobben med det er gjordt stort sett av eit firma der norsk er noko ein ikkje kan Har kosta meg meir enn godt er Dei ødelegg meir enn bra er
I dag ringde det ei dame Fekk beskjed at innen helga måtte mannen min eller eg grave grøft til inntak Vi skulle få sms om kor vi kunne få røyr. Men med ferre ord Prøvde å spørre om dei ikkje skulle lagt att røyr. Er det som står i kontrakta Ho kunne berre dei få orda som ho sa for då starta ho oppatt på same remsa Kor får vi røyr Det skulle vi få melding om Så kom melding frå Enivest Ta direktekontakt med firma som legg kabel viss du treng meir røyr Var jo derifrå dei ringde Ho masa på sms Her er null røyr å bruke. Så ja eg treng Men eg skulle jo vente på sms. Jaja. Treng ein meter eg. Gidd ikkje ta meir kontakt Litt skummelt å sei at mannen min fekk grave grøft Har nokre eksa men dei grev nok ikkje😇 Har ingen andre enn meg sjølv å lite på Håpar ho ikkje ringer nokon som nett har mista mannen sin. Kan verte sårt Forventer at firma som ringer kan såpass norsk at dei kan svare på enkle spørsmål Bur i Norge I alle fall når kommunikasjon her er viktig Angrer på at eg bestilte fiber Hadde klart meg med tråleutstyr nettverk
Men eg har greve grøft Mangler kun røyr Og finne ut kor eg vil ha det inn
Idag er ein slik dag eg berre hadde lyst å dra dyna godt over hovudet og sove vidare Late som dagen ikkje er her Drittver ute og kroppen krangler
Etteretningstjenesta har lagra ulovleg data Ikkje enkelt å halde styr på kva slike hemmelege tjenester igrunnen driv med
Er meir og meir svindel på nett og telefon Blir redd å svare på meldingar til slutt veit jo aldri om dei er ekte eller falske Håper det letter litt Er vel meldt kaldt og frost Kanskje derfor kropen min krangler idag Heilt greit sidan eg har ferie Vart litt lei av å strikke restesokker,så kjøpte meg litt anna tråd Striper i den og 🙂 Slepp no feste så mange endar i det minste Men er grei syssel saman med lesing på slike dagar
Smugling av laks er på tapetet.Skada sådan til feil pris Ikkje god reklame for laksenæringa Laksen er nok like god,men har skada Vil alltid finnast dei som tjener penger på slike ting.Sikkert vanskeleg å få bukt med
Men,er heldigvis ikkje mi oppgave å løyse det problemet
Fekk meg til å tenkje på Paddington Vore på tur i vindparken Kan meine kVA ein vill om vindmøller, men er vorten ein flott plass å jogge eller gå tur Dattera jogga Eg gjekk Vart litt lenger tur på henne for å sei det slik
i dag gjekk dei alle. Er ikkje så mange Å gå under ga meg følelsen av kraftig brottsjø som kom mot meg Nydeleg natur som uten vindmøller ikkje hadde vore så lett å komme til landevegen I dag var det duskregn så vi droppa kaffipause Fått rydda frysen Veit i alle fall kVA eg har nok av Fårikålmiddagen vart berre lekker Ferie skal vere litt kos Ser tv Solbakken dunker voldsomt i bordet med venstrehånda Sikkert ikkje greit å stå fram når ein av spelarane har gjort noko gale
Heimeferie gjer godt det og Planen for ferien Å rydde i frysen Gjer det igrunnen ofte,men no var der kaos der som i resten av huset Ryddig har eg aldri vore Eg får vere som eg er Burde nok rydde litt og sikkert
Men frysen skal eg no klare å ta meg av Fort gjordt når eg berre får motoren igang