Det regner trollkjerringer her på morningen Igrunnen så er det heilt greit Men,det bør jo lette opp innimellom Fridag Berre surrer rundt i mi eiga verden fortsatt i pysjbuksa Berre få lov å vakne i fred og ro Har godt selskap Ikkje ver å gå ut,sa Ingolfen:-) Heilt einig Så her sit vi i sofaen Skal nok gjere litt idag..berre litt Men først og fremst berre tanke krefter
Krigane i verda berre eskalerer Skremmande Og ingen kan stoppe det verkar det som Menneskeliv har liten betydning
Sommaren blir nok som i fjor Den var i mai:-) Sjølv har eg ferie først når det nærmar seg slutten av august Så inntil det kjem så langt er det berre å nyte fridagane om det regnar eller ei Ha ein super tirsdag Vi skal berre kose oss
Endelig fått i meg frukosten:-) Var tidleg oppe idag,eller tidleg ute av hus Så no har eg tappa nokre glas blod og vel heime att:-)
Litt sånn bob bob vær ute sjølv om eg trur igrunnen det er meldt fint vør Letter nok utpå dagen Trur eg har sove i 12 timar. Grådig trøtt fortida, så vert mykje soving Blir plutseleg trøtt og må berre sette meg ned..Og borte vekk er eg:-) Går nok over,men litt travelt mens det står på..Litt uvant for eg plar igrunnen ikkje få sove:-)
Starta på nytt sokkepar og lurer på om dette paret vert uten feil Skjønner ikkje kva som skjer,men klarer alltid å få ein eller annan feil i mønsteret. Og selvfølgeleg ser eg det etter det er ferdig. Jaja,,Alt har sin sjarm:-) Venter på at eg skal få litt energi frå overn eller ein eller annan plass,for batteriet mitt er ein smule på minus Irriterande ,men sånn er det med den saken Alt kan ikkje alltid gå på skinner
Verkar som det er berre dårlege nyheiter for tida I Usa tek ein fredelege demonstrasjonar til nye høgder med å sette inn nasjonalgarden Skuleskyting i Østerike Krig i verda ellers og frå Storbritania flyktar dei rike som ikkje vil betale så mykje skatt
Sjølv er eg slakk og syns litt synd i meg sjølv Totalt bortkasta Tygg hasselnøtter og drikk kaffi Hjelper ikkje det heller Meir som ein aktivitet
Oppdaga nett feil på sokkane eg strikka.Dvs den eg hadde ferdig,men det får vere som det er Gidd rett og slett ikkje ta opp meir Skal berre ha dei sjølv og eg er ikkje rett eg heller Sånn sett perfekt
Sofadag idag og men passer til regnet,så går greit Ikkje alle dagar som er like greie
Men så lenge ein har sofa og tv så klarer eg meg eg:-) Norge vann fotballkampen igår og..Med eit nødskrik og håpet mot vm veks Ikkje så veldig glad i fotball ,men landskamper er litt greit So no er det berre å håpe på litt sommar i vest:-) Det hadde vore greit om temperaturen klatra opp mot 20 grader..Gjerne over:-)
Først då tek livet til Når man er 66 da gjør man som man vil
Det har no du gjordt lenge,tenkjer eg var kommentaren frå ein bebuar då vi snakka om gebursdag og kom inn på denne sangen ein dag på jobb:-)
Har nok rett i det på mange måtar,men idag veit eg ikkje Med forkjølelse så slår kolsen seg vrang, så er ikkje mykje hopp og sprett på gamla idag I det heile så styrer denne kolsen vel mykje for tida syns eg Men, går litt opp og ned, så ein får ta det som det kjem
Suksessterta eg baka var super, sa dattera Takket vere nøyaktig oppskrift og framgangsmåte frå oslosøstra Litt greit å få ting inn med teskei Såg kanskje ikkje perfekt ut, men god var den Første gang eg har fått den til
Så når ein vert 66 ordner det meste seg:-) Han her har gått ut eintur Fint ver meinte han,men eg orkar ikkje … Håper på bedre dag i morra
Skal eg fortsette med sofa og kakeeting er eg redd døra snart vert for smal Håper på lyst til meir stolpejakt og titurtoppar..No er det liksom ikkje der eg er, kjenner eg Kanskje eg heller får strikke ferdig sokkane ..nett rekt opp ein heil ein fordi eg oppdaga, etter å strikka deler av den andre,at…den første var feil…På mønsteret oppe… Går ikkje tom for trå eg skjønner de Ha ein fin kveld
I dag så tek vi begge verda med ro Prøvde bake rullekake Gjekk bra det til eg skulle smake Hadde jo dryssa rikeleg på papiret eg kvelvde den på
Tok meg ein stor bit
Ramsalt Sånn er det når det går litt fort i svingene Den gjekk i bosset Prøvde ein gang til Det bukta seg i eine hjørnet. Ikkje det vakreste men uten salt🥲😄 Trur eg bør halde meg til sofaen No har eg iallefall brukt opp alle egga:-) Sett meg nedatt i sofaen ilag med Ingolf Bakar vert eg aldri
Sommergry er over for denne gang Fantastisk stemning Starta med sol og mygg,men vergudane held handa si over oss og senka temperaturen så myggen forsvann og danselysta tok overhand:-)
Imponert over artistar,publikum og frivillige Berre lovord å høyre over organiseringa så hipp hurra for dei som sto for den:-) Kjekt å vere frivillig og idag er dagen derpå Trur eg fortsatt ikkje har fått i meg varmen,sjølv om eg bevega meg mykje og hadde lagvis med klær:-)
Så no er det tidleg frukost her i huset Kaffi og til og med frukost Tidleg for meg,men var svolten rett og slett:-) Regnet kom inatt eigang Etter at eg kom heim No er det rett og slett litt høstver Kor sommaren vart av veit eg ikkje Men vakkert ute Sola skin litt mellom skyene og eg trur det er markrell i fjorden Glad i markrell men har ikkje båt og heller ikkje fiskelyst:-)
Frihelg og det skal gjere godt kjenner eg Denne veka føler eg kun har bestått av desse utsiktene Heime er det godt å vere,men har liksom ikkje komme meg ut av sofaen Kan jo skuldast at jobbeveka har innehelde to natt,dag og sein Kroppen vil berre sove den,men får det ikkje heilt til Flott utsikt på jobb og ,og trivast der eg,men burde nok vore litt meir ute i frisk luft,kjenner eg
I dag er det Kvernsteinsmarknad i kommunesenteret Var der i fjor,men kjenner at eg trur eg berre skal halde meg iro..Litt grått i veret,men håper at det blir med skyene Uteaktivitetane i kvernsteinsparken på dag og ikkje minst utekonsertane på Sommergry ikveld treng fint ver,litt vind og lite mygg:-) For duskregn,stille og mygg det er eg nemlig ikkje glad i
Ikkje andre heller reknar eg med.Utekonsert er kos i godver Der skal eg nemlig Blir kjekt med utekonsert sjølv om eg skal jobbe litt for frivilligheita:-)Det er som regel berre kos
I verden ellers er det Musk og Trump som driv munnhoggeri.Brenn i Lærdal og ser for meg skrekksenariet sist det brann der Norge vann over Italia og då er det meste av annan krig og elendigheit gløymt for ei stund iallefall
Skal ta vare på dei gode øyeblikka ein har i ei ellers usikker verd:-) Her blir det litt avslapping til kjenner eg Ingolf tek sin form for massasje Eg drikk kaffi og prøver få kroppen igang
Veret har sånn plutseleg forandra seg idag Sola kom og gamla oppdaga det iallefall før den gjekk ned:-) Men det gode med ein innemorning var att strykahaugen gjekk i null:-)Godt kva som er gjordt
Fann denne mystiske beskjeden sammenrulla i kjøleskapet Hengde den på veggen så eg kunne fundere på kven tjuvane kunne vere Dei lister seg like stille på tå som Kasper,Jesper og Jonatan
Nydeleg ute i ettermiddag så turen på grava vart etterfylgd av tur på Folkestien. Den er vorten fin og endrer seg stadig vekk Koselige innslag Diverse oppi treea:-) Lurer på om desse har vore på stolpejakt:-) Koseleg tur og gjorde godt for kropp og sjel Kjekt med slike koselege stiar Vel fornøgd køyrde eg heim og laga meg middag Kom akkuratt unna regnbygene:-) No er det avslapping framfor tven Godt det og:-) ingen fjelltoppar eller stolpejakt denne helga heller,men ein gang så kan det hende ….
Ny månad og nye muligheiter Sommerver Regn:-) Vind og innever:-) Pappa hadde hatt bursdag idag.Vorte 88..Åtte år sidan han døde Sånn er livet Nokon går bort og andre blir født
Idag blir det lesing og strikking på gamla trur eg Kose meg innedag Kjekt det og og gjer godt Liksom ikkje så mykje futt i kroppen fortida Ingolfen gidd heller ikkje gå ut Var tenkt,men ombestemte seg i døra Er igrunne forståeleg
Må legge opp nye labbar tenkjer eg Det einaste eg klarer strikke mønster på:-) Ha ein super søndag