Lørdag og Sommergry:-)

Frihelg og det skal gjere godt kjenner eg
Denne veka føler eg kun har bestått av desse utsiktene

Heime er det godt å vere,men har liksom ikkje komme meg ut av sofaen
Kan jo skuldast at jobbeveka har innehelde to natt,dag og sein
Kroppen vil berre sove den,men får det ikkje heilt til

Flott utsikt på jobb og ,og trivast der eg,men burde nok vore litt meir ute i frisk luft,kjenner eg

I dag er det Kvernsteinsmarknad i kommunesenteret
Var der i fjor,men kjenner at eg trur eg berre skal halde meg iro..Litt grått i veret,men håper at det blir med skyene
Uteaktivitetane i kvernsteinsparken på dag og ikkje minst utekonsertane på Sommergry ikveld treng fint ver,litt vind og lite mygg:-)
For duskregn,stille og mygg det er eg nemlig ikkje glad i

Ikkje andre heller reknar eg med.Utekonsert er kos i godver
Der skal eg nemlig
Blir kjekt med utekonsert sjølv om eg skal jobbe litt for frivilligheita:-)Det er som regel berre kos

I verden ellers er det Musk og Trump som driv munnhoggeri.Brenn i Lærdal og ser for meg skrekksenariet sist det brann der
Norge vann over Italia og då er det meste av annan krig og elendigheit gløymt for ei stund iallefall

Skal ta vare på dei gode øyeblikka ein har i ei ellers usikker verd:-)
Her blir det litt avslapping til kjenner eg
Ingolf tek sin form for massasje

Eg drikk kaffi og prøver få kroppen igang

God pinse:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg