Dagen derpå

Sommergry er over for denne gang
Fantastisk stemning
Starta med sol og mygg,men vergudane held handa si over oss og senka temperaturen så myggen forsvann og danselysta tok overhand:-)

Imponert over artistar,publikum og frivillige
Berre lovord å høyre over organiseringa så hipp hurra for dei som sto for den:-)
Kjekt å vere frivillig og idag er dagen derpå
Trur eg fortsatt ikkje har fått i meg varmen,sjølv om eg bevega meg mykje og hadde lagvis med klær:-)

Så no er det tidleg frukost her i huset
Kaffi og til og med frukost
Tidleg for meg,men var svolten rett og slett:-)

Regnet kom inatt eigang
Etter at eg kom heim
No er det rett og slett litt høstver
Kor sommaren vart av veit eg ikkje
Men vakkert ute
Sola skin litt mellom skyene og eg trur det er markrell i fjorden
Glad i markrell men har ikkje båt og heller ikkje fiskelyst:-)

Ha ein fin pinsedag:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg