Mett og trøtt

Herlig med vår.
Naturen vakner til liv.
Kveldane vert stadig lysare.
Magisk.

Har som regel selskap og turfølgje.
Til tider irriterande..

Krigen fortsett og blir berre verre og totalt meiningsløst.
Berre trist..
Legg ein demper på det meste.

Glad eg kan nyte kvelden i sofakroken.

Mord og mysterier

Fredagskveld på sofaen og krim på tv.
Har fått ekstra dyne
Treng nok litt nærheit og varme.

Nysing og hosting er lite populert så har flytta seg til rett side av sofaen.
Bles godt ute men nydelig måneskinn.
Ut skal eg ikkje..
Men går fint an å nyte det innafrå.
Trur eg må prøve rydde litt imorgon.
Støvsuge litt…
Katten legg att spor overalt.

Tok inn litt påskeliljer og grønt idag.
Ikkje heilt sprotne ut,men kjekt med sjølvlaga bukettar.
Har nokre lave påskeliljer som blomstrer ilag med noko blått eg ikkje veit kva heiter..
Ikkje krokus.
Den blomstrer og.
Det er vår❤

God morgen


Vakkert er det
Det skal det ha.
Kanskje dagen vert retteleg bra

Ikkje veit eg,men syns det er surt
Mulig ullklær kan vere lurt.
Ikkje at eg skal ut på tur.
Tenkte eg skulle sitte inne å vere lur.

Håper sola får trenge seg fram.
Varmen frå den treng vi alle mann.
Men først skal eg drikke kaffien min
La roa senke seg i kropp og sinn

Ha ein super dag

Felles interesse

Det har eg lært gjennom eit langt liv.Har ein sambuar så er det viktig med felles interesser
Det har Ingolf og gamla og.Nokre få.Vi liker mat og vere inne i surt ver.
Ingolf forlanger middag fleire ganger på dagen,så idag har her gått ei kule varmt.Han vert tildels amper visst han ikkje får det som han vil
No let eg meg ikkje overkøyre,så litt tøffor får han då tåle.Kort lunte på meg og fortida
Og eg vil ha middagen min ifred.

Så no har vi time out.
Ingolf har fått nyvaska pledd.Kongeblått sjølsagt,og eg har funne fram strikketøyet.Pledd.Berre rett og eg slepp tenkje..
Samtidig varmer det mens eg held på med det.
Ikkje tenkt å belaste ryggen meir enn høgst nødvendig idag heller.Den er litt kranglete..
Men det er lenge lyst ute,og psyken kjem seg ilag med våren
Ikkje glad i den mørke årstida
No venter eg berre på at sola skal komme att,så kjem det seg
Ikkje så storforlangande….
Litt småkaldt inne,men idd ikkje gå ut etter ved.Så pledd får gjere susen.

God torsdagskveld

På tverke

Tidleg oppe og ser dagen gryr
Ryggen er heilt å styr på morningen,så var liksom einaste løysinga å krabbe seg opp og finne smertestillande
Ikkje om eg veit det verkar heller,men i det minste hjelp det litt med strekking og bevegelse.
Går nok over,men er merkeleg kor hjelpelaus ein vert når ryggen ikkje vil.
Jaja.Alderen kjem ikkje aleine:-)
ikkje 20 lenger kjenner eg.
Litt vondter skal ein no ha

Grått og trist utanfor stoveglaset.
Står i stil til all elendigheita i verda.
Ikkje mykje positivt å høre å sjå på nyheitene heller

Vurdere å få sått nokre gulrotfrø inne.Gjorde det i fjor med godt resultat.Men først må eg no få fat i desse frøa:-)
Har skaffa meg slike små såbeger.
Må sikkert gjøyme dei godt for Ingolfen,for eg er redd han er god på jord og graving.
Faren for at han skal grave opp det eg grev ned,den er nok stor.Er veldig hjelpsom.
Men først må ein ha frø…
Poteter må eg og ha,men er for tidleg:-)No er eg ikkje den som får så stor avling akkuratt.
Hage og blomster kan ein gløyme.Her er det hagedjevel og ugras som rår.Hagegenet mitt er totalt fråverande.
Men beundrer dei som syns det er stas
Vi er heldigvis ulike

Men uansett så får eg vente til ryggen har tenkt å fungere som normalt att.No er den berre litt lei og treng kvile:-)
Eg og Ingolfen strekkjer litt på kroppane våre og tenkjer att.
Vi tek det med ro ei stund til.Har funne plassane våre på sofaen og nyt roa.Meldt regn og vind og innever:-)
Formanskapsmøte på agendaen.
Litt har nok hjernecella godt å beskjeftige seg med

Ha ein super torsdag

Sofatid

Slakk i ånda eller viljen eller kanskje kroppen.
Iallefall er strekk ut på sofaen beste stillinga for ryggen akkuratt no.

For deg frisør og Ingrid var det eg klarde idag.
Fartsstripa er vekke og i det minste håret har det bra..
Suppe på tilbud på Spar..Elsker Toro si tomatsuppe.
Her gidd ein ikkje lage mat frå botn,og uansett…toro er best syns eg..
Og eg vert ikkje sponsa..

Men resten av dagen vert her under teppe kjenner eg.

Som de ser i godt selskap..
Eg frys.
Kanskje ikkje noko godt tegn..
Men sånn er det med den saken.

Kan bli dårleg av mindre

Tid for kos

Ingolf her..
Blir litt sur på dette kvinnemenneske.
Her prioriterer eg kos og klem med ho istaden for utetid i regnveret.
Er ho fornøgd?eg må då vere viktigare enn data..
Vondt i ryggen har ho,seier ho.mwn når eg prøver å gi varme og trøst vert eg skubba ned.
Orker meg ikkje heilt opp i fjeset..
HLlo!!! Kven trur ho att ho er

Ho får berre sutte på den kaffien.
Eg tek morgonvasken

Kveldsroa har senka seg

Ser på nyheitene og blir berre trist.
Noko så meiningsløst som krig.
Stakkars folk .
Ingenting mot russara,men mot dei som styrer og meiner krig er løysinga..


Er godt å bu i eit fredeleg land.
Der eg kan nyte nydelig naturopplevelser og sleppe konstant redsel.

Her nyt eg kveldsroa.Litt kjølig ute og godt å ligge under teppe på sofaen og gjere ingenting

God tirsdagskveld

Vår❤


Uffameg.
Ingolfen her.
Litt usikker på denne matmora mi,så slo likegodt fylgje til naboen..
Skulle berre ete middag,sa ho.
Men ho seier så mangt og plutseleg er ho vekke.
Så idag har eg fotfylgt ho sidan ho kom att..
Ikkje godt å vite kva ho finn på i godveret.

Bilder skal det ta både her og der,men så fort eg får ein ide er det ein anna lyd.
ikkje fred å få…

Slapp i viljen.

Småtufs og pakka meg inn i teppe.
Ta vare på meg sjølv kveld.
Var ute ein tur og lufta hjernecella.
Såg brannbilane var ute å lufta seg og.
Sånn i flokk og fylje.
Mulig dei skulle hjelpe ved behov.
Men dei kom fort att.
Skjønner godt dei vil sjå seg om i ytre.

Hadde meg ein tur på gravplassen ilag med mamma.
Roser til pappa og tid for ettertanke.
Skikkeleg surt,men kom oss heim før regnet kom.
Snufsen,så bør vel ta test om litt.


Han her lever gode dager.
Farter rundt og tenkjer lite oå farer.

Så no nyt vi kvelden på kvar sin halvdel av sofaen.
Mette og gode.
Vi kan kunsten å kose oss