Ser igrunnen litt finare ut enn det er
Kald gjennomskjerande vind på morningen.

Ingolf er igang med jobben.
Eg har stavra meg inn i sofaen med kaffien.
Kjennes ut som eg er overkjøyrt av eit tog.
Roer seg får eg håpe.
Paracet og kaffi gjer susen.
Godt å ha fri idag.

Krigen krev stadig nye offer og gjer meg redd.
Alt er vorte svindyrt.
Verden er ikkje som før.

God søndag

Ingolfs opplevelser

Har vore litt av ei veke skal eg sei dåke.
Kan verte forvirra og utsleten av mindre..
Her prøver eg å tilpasse meg dette kvinnevesenet så godt eg kan.

Om ho er takknemlig..
Langt ifrå.
Eg held området fritt for mus og orm.
Speider frå toppen av tre og sonderer terrenget..
Det einaste eg høyrer er Iñnnnnngooolf…
Eg har utmerka hørsel..
Til å med tilgangen til toalettet vart sperra ei natt..
Ja då må eg jo finne meg noko alternativt..
Kven fekk skulda?

I dag for eksempel..
Måtte vere inne heile dagen i solskinnet..
Då vi endeleg kom oss ut så tenkte eg at reglane var vel like for alle..
Ikkje visste eg at eg måtte vere inne til eit visst klokkeslett..
Så gjekk på visitt til naboen.
Der er det løe….spennande..
Jau då.Høyrde ho i det fjerne..
Svarde og,men det var det..var opptatt
Til slutt oppdaga eg gamla tråkka rundt å ropte..
Let ho gje på ei stund til eg såg ho var på veg heimatt..
Så då ropte eg..
Vent på meg,!!og skunda meg
etter..
Jammen vart ho ikkje glad for å sjå meg..
Trur eg må stikke av oftare.

No er det kveldsvasken

Den følelsen…

Du veit den følelsen…
Når ein står seint opp ,oppdager at døra til kjellaren og kattekassa er lukka..Katten er oppe og det lukter noko enormt…

Æsj….så no treng eg ny vedpose,og det er vaska skikkeleg rundt ovnen…Syns det lukter endå eg,så håper ikkje eg finn andre toalett

Ingolf måtte ut om han ville eller ikkje i vinden…
Eg har med sjølv å takke, men sånn er det å ha katt…Må ein på do så må ein det.(eller)

Nesten så eg har mista lysta på morgonkaffien. Matlysta kan eg gjerne misse eitpar timar.

Går seg vel til
Ha ein fin dag:-)

Det bit om nasa

Stakk så vidt nasetippen utom døra no på morgonkvisten
Nydelig sol,men iskald vind….Uten jakke var det rett og slett litt for kaldt.
Rart kva den vinden gjere med temeraturfølelsen
Ikkje for det.Trur ikkje det er så varmt ute heller,men har ingen temperaturmåler.
Mulig eg burde ha det..

Funne meg ein kopp kaffi for å prøve å få kroppen igang.Litt vondt både hist og pist:-)
Ikkje det at det er uvanleg.Når kulden bit slit kroppen min:-)

Krigen vert hardare og skremmer meg.Utfallet kan bli dramatisk.Det er krigen no og
Når maktsykja tek overhand og mennesker er lite vert,så kan det gå skikkeleg gale

Våren er kommen her ute ved kysten heldigvis.Burde vel tatt meg ei opprydding i hagen,men orker ikkje skal eg vere årlig.
Må nok skaffe meg nokre gulrotfrø.
Glad i gulrøtter ,så det er litt kjekt å dyrke sjølv.

Kanskje på tide å komme ut av pysjen.Behageleg å ha på 🙂
Kjekt med lange dager og sol.Gjer godt for kropp og sjel og energien er litt bedre enn om vinteren.
Sliten,kjenner eg.Men det går seg vel til.
Må ta meg sammen og få rydda litt i huset før jobb:-)

Ha ein nydeleg onsdag:-)

Hipp hurra for oss

Kvinnedagen går mot slutt og har ikkje markert den på noko vis.jobb og luftetur før eg kollapsa i sofaen.

Ser på camp culinares.
Litt avveksling frå krigsbilda og flyktningsstraumen.
Stakkars folk.

Straumpriser og bensinpriser går til himmels.
Treng bil for å komme meg frå a til b.
Kollektiv transport er eit framandord..

Knappare økonomiske tider.
Vi har blitt godt vande..
Ikkje at eg har det så romsleg,men vorten vandt med låge prisar og billige lån.
Har sikkert godt av mindre kosemat.
Ein sim gir blanke er Ingolf.


Om ikkje anna er det underhaldning på tv..
Vi står han av


Kveldsroa har senka seg og her ligg vi
Trøtt som ein spa men Ingolf er blid.
Han syns det er greit å slappe av
Liker ikkje at matmora kjem med krav.

Frys du,er du gal,seier ingolf og gjesper
Einaste som frys her må vere hekser.
Føler meg omtrent som Madam Mim
Men frosten går gjennom kropp og sinn

Litt grått

Litt grått idag,men ikkje vått
Kjenner kroppen er sliten og trøtt.
Godt å berre tusle rundt i eige tempo
Litt meir tempo på Ingolf,men slapper han først av så gjer han det..
På min plass
Godt sofaen er stor.

Var godt med pannekaker.
Kjapt og godt.
Ser ut som bensin og oljeprisane kan bli enorme..
Litt langt å gå på jobb,og sykle?Risikosport på desse vegane og med min ballanse..
Fyrt i ovnen..syns det er huskaldt..
Prøver å ikkje sovne…litt nattesøvn er bra før dagvakt

Våren er her

Litt småkaldt ute,men sola skin og fuglane kvitrer.
Kva for fugler eg høyrer ,det aner eg ikkje.Men kvitrer gjer dei uansett

Kjenner at sola gir meg sårt tiltrengt energi.
Hadde den berre kunne viska vekk all krigen i verden,så hadde det vore supert

Seinvakt og tid til sakte oppvåkning:-)
Berre slumre i sofakroken og nyte kaffikoppen
Natttesøvnen har ikkje vore på topp,så litt greit med litt tid til å summe meg
Nyheitene gir meg eit bilde av ein verden med ufred og krig som likegodt kan ramme oss.
Vanskelig å forutsei kva neste trekk blir.
Lover ikkje godt

Skal ha meg ein luftetur om litt.Er ikkje heilt klar endå,kjenner eg.
Vorten tiltakslaus:-)Orker ikkje,gidder ikkje
Må berre la sola varme litt meir først.Få litt meir tak:-)

God søndag

veit de?

Veit de det kjennes så fantastisk godt
å berre sitte her nett som ein sokk
å strikke litt på teppet mitt
og kose meg med chipsen litt

Å spele litt med alle for ein
sjå litt kompaniet og gnage på eit bein
å berre slappe av og koble ut
all frustrasjon og livets sut

Å kose meg og slappe av
nyte at no takker snart dagen av
I morgon kan eg få sove litt
få lov å vakne litt etter litt

Er glad eg til no har fått leve i fred
sleppe at bombene hagler ned
Men vi er ikkje lenger trygge som før
Kjennes som om hjertet mitt blør

Forandring fryder

nydelig morgenutsikt til kaffikoppen.
Førde og rensking av tannkjøt og tenner..
Berre tanken fekk Larris til å fryse til is.
Vi tina no til slutt både eg og bilen.
frukost på kafe.
Så var det dessert på olefine😍
Viktig med rikeleg føde før bedøvels..
Etter var det verre.
Full fart heimover og til jobben på kurs..
Kjekt..

Litt artig å sjå forskjellen frå vårstemninga her ved kysten til snøen lenger inne i landet.

Var fantastisk å endelig komme ut i frisk luft og nyte siste resten av ein solfyllt dag.
Tømme hjernen for tankespinn og irritasjon.
Berre vere til.