Det har eg lært gjennom eit langt liv.Har ein sambuar så er det viktig med felles interesser
Det har Ingolf og gamla og.Nokre få.Vi liker mat og vere inne i surt ver.
Ingolf forlanger middag fleire ganger på dagen,så idag har her gått ei kule varmt.Han vert tildels amper visst han ikkje får det som han vil
No let eg meg ikkje overkøyre,så litt tøffor får han då tåle.Kort lunte på meg og fortida
Og eg vil ha middagen min ifred.
Så no har vi time out.
Ingolf har fått nyvaska pledd.Kongeblått sjølsagt,og eg har funne fram strikketøyet.Pledd.Berre rett og eg slepp tenkje..
Samtidig varmer det mens eg held på med det.
Ikkje tenkt å belaste ryggen meir enn høgst nødvendig idag heller.Den er litt kranglete..
Men det er lenge lyst ute,og psyken kjem seg ilag med våren
Ikkje glad i den mørke årstida
No venter eg berre på at sola skal komme att,så kjem det seg
Ikkje så storforlangande….
Litt småkaldt inne,men idd ikkje gå ut etter ved.Så pledd får gjere susen.
God torsdagskveld
Innekos kan være bra..men blir fint med sol og varmere vær også.. da er det deilig å være ute 🙂 Kos deg som best du kan under pleddet <3
Kjekt med pledd som varmer mens de strikkes…
Felles interesser er bra ja – og pledd som varmer slike gråe dager er bare lekkert 🙂
Lag deg en fin fredag 🙂