Funne meg ein kopp kaffi og sit no her og gjesper Såg meg sjølv i spegelen på badet og tenkte at,,,Kjære vene..Pløsete og rynkete og såg knapt augene…Er litt bedre når eg har våkna til liv,men slett ikkje mykje….Her er det ikkje snakk om å lyge på alderen:-)
Eg er som eg er…Godt eg bur aleine…Skrukketroll er vel rette betegnelsen:-)
Tid for Førdetur og injeksjon på auget.Heile pakka idag..Heldig at eine sonen køyrer meg idag..Ser ut på veret og tenkjer at det jammen er greit. Vind og snø i lufta..Ikkje akkuratt det eg er glad i . Strømpriser og corona er det som opptar folk flest for tida Med heimekontor bruker vi og meir strøm.Når mange oppheld seg heile dagen i heimen, kan ein heller ikkje senke gradane til under frysepunktet. Håper det endrer seg snar. For mange er dette noko som dei slett ikkje klarer å handtere.
Såg ein kommune hadde tatt vekk eigendomsskatten for å hjelpe situasjonen. Men det er jo kun for dei som eig og ikkje leiger.Dei er det vel like tøfft for.. Håper det kjem ei løysing på det snart. Hos meg hadde det nok hjelpt mykje å skifte vindu,kjenner eg. Vel får eg eindel gratis gjennomlufting ,men gradestokken går ned… Syns det trekkjer inn overalt.Ikkje rart eg må sitte med pledd… Iallefall slike dager som i dag når det er vind …Ser ikkje kor mykje det snøar…Mørkt ute…
Må tusle meg i dusjen tenkjer eg.Kan ikkje både vere skrukkete og lukte vondt…Det er ikkje bra:-)
Trøtt og litt skallebank på morgonkvisten Rett og slett eit ufyseleg ver ute,og gruer meg til turen til jobb. Imens drikk eg kaffi,og håper på eit under:-)
Aukande smittetal ,og meir skal det bli seier avisene. Må vel lære oss å leve med og ikkje uten denne virusen
Mystisk hjernesykdom blandt unge i Canada.Det skremmer meg litt… Kva er det for sykdom?Og kvifor får dei den?
Den her er altso litt grei som leveregel for meg som har det med å sei ting eg ikkje burde ha sagt. Det kjem berre ut på eit vis… Snakker formykje og,men ikkje støtt.Av og til er det nok å putte på ei krone og skravla går i timesvis Berre å beklage.Prøver å endre meg men det har vist seg å ikkje vere så enkelt…Brukt over 60 år på saka..Motlaust igrunnen.
Koseleg dag på jobb,luftetur,middag og her sit eg..I sofaen såklart.Litt sånn skutt og sånn godt sliten
Har vore liten og søt eingang eg og… Litt godt at kvardagen har starta oppatt.Mindre glad i det kvite som kjem ned….Men veret kan eg ikkje gjere noko med…
Skifta litt på turløypa idag. Altfor vått i marka til eg orker å gå der. Stort sett snøfritt,men meldt kaldt att,så kjem nok att. For meg kan vi snart få vår,men lenge til mars. Her er det rikeleg vatn… Har ikkje rydda vekk jula endå. Tenkte at sidan mange av kollegaene mine ikkje feirer jul før 7,så kan eg vente til neste søndag. Haster ikkje. Fått kjøttkaker hos naboen idag. Mett endå. Har vore veldig godt med ferie,men trur og det skal verte greit å komme i normal gjenge att. Lett for å verte sittande mykje iro merker eg. Tatt hurtigtest for sikkerheitsskuld.Eg er alltid litt sånn tett ,allergisk mot diverse,så greit å vite at det ikkje er covid,no i desse tider
Kjem nok ikkje unna denne virusen dei fleste av oss,men har ikkje lyst å vere den som smitter andre. Men det kan skje den beste.
Vinden rusker godt rundt hushjørna Glad eg kan sitte inntulla i fleire pledd i sofaen. Litt småtufs ikveld,men forhåpentlegvis berre litt forkjøla.
Frå kald og stjerneklart til mildt,regn og vind.Typisk forkjølelsesver. Men uansett godt med frisk luft.
Etter lang venting og godt samarbeid med dyktig dame hos Allente,kom tvsignala på plass. Greit å få beskjed om kva eg må gjere,og saman fekk vi orden på det. Kvifor signala vart plutseleg vekke det er fortsatt eit mysterium…
Så no har eg sett Foile på tv.Krim sjølvsagt Greit når det går mange episoder etterkvarandre.. Ikkje utever.. Hekler litt innimellom. Kjenner at eg snart er klar for kvardagen igjenn:-)
Godt nyttår Her starta det med at tv signala forsvann.Og det var ikkje rakettane sin feil:-) Er nok han stakkaren som sat og las på bruksanvisningen på østlandet ein plass,som nok ikkje heilt kunne det han skulle. Iallefall så står det kun at eg ikkje har tilgang og må oppgradere programkortet… I dag er det helg og eg har no data og nett,så eg overlever:-)
Gjekk inn i dei første timane med å sjå episoder av fader Brown…Til og med nokre eg ikkje har sett før Regna då eg gjekk heimafrå igår og gjekk heim på glatte vegar og stjerneklart.Nydelig:-) Syns det er fint med rakettar, men er glad eg ikkje har dyr som er redde. Har hatt det ,så veit kva det er.
Men vakkert å sjå på syns eg Åt formykje,stinn og litt uvel:-) Grytte i meg resten av skumnissane i natt,så er nok grunnen.No er det no iallefall tomt.Og vekta har fått ny rekord:-).
Uff…Jaja godt kva som er gjordt Burde heller gått rett å lagt meg.. Tidleg vaken idag og. Tar meg nok ein liten føremiddagsstrekkkjenner eg. Nyte helga og mandag er det tilbake til normal arbeidskvardag. Greit det og,hadde det ikkje vore for glatte vegar..Ikkje glad i det.Men er vel bakdelen for å ikkje bu det dei kaller meir sentralt:-) Trivast litt usentralt..Irriterer iallefall ikkje naboane..Eller eg vel å tru det. Kan vere at eg gjer det her eg bur og.Men men… Er nok ei vanesak.Greit å besøke sivilisasjonen og av og til. No er ein no litt isolert uansett kor ein bur….
Kanskje derfor eg har få venner.Eg er den dei kvitter seg med…Har tenkt litt på det. Eller det er sjølvvalgt.Kanskje ei blanding..Eg er sær.. Sjølvinnsikt er litt greit og,men ein må nesten få lov å vere den ein er.. Visst ein heile tida skal passe på kva ein seier og korleis ,så blir ein veldig sliten… Er då ein er glad å vere åleine og kunne senke skuldrane… Veit eg er var på andre sitt kroppsspråk.Ikkje alltid ein fordel… Men ingen er perfekt.. Dei fleste av oss gjer så godt vi kan. Meir kan ein igrunnen ikkje forvente. Spent på kva 2022 gjev meg av nye opplevelser.Håper mest gode