Nytt år og muligheiter:-)

Godt nyttår 🙂
Her starta det med at tv signala forsvann.Og det var ikkje rakettane sin feil:-)
Er nok han stakkaren som sat og las på bruksanvisningen på østlandet ein plass,som nok ikkje heilt kunne det han skulle.
Iallefall så står det kun at eg ikkje har tilgang og må oppgradere programkortet…
I dag er det helg og eg har no data og nett,så eg overlever:-)

Gjekk inn i dei første timane med å sjå episoder av fader Brown…Til og med nokre eg ikkje har sett før
Regna då eg gjekk heimafrå igår og gjekk heim på glatte vegar og stjerneklart.Nydelig:-)
Syns det er fint med rakettar, men er glad eg ikkje har dyr som er redde. Har hatt det ,så veit kva det er.

Men vakkert å sjå på syns eg
Åt formykje,stinn og litt uvel:-)
Grytte i meg resten av skumnissane i natt,så er nok grunnen.No er det no iallefall tomt.Og vekta har fått ny rekord:-).

Uff…Jaja godt kva som er gjordt
Burde heller gått rett å lagt meg..
Tidleg vaken idag og.
Tar meg nok ein liten føremiddagsstrekkkjenner eg.
Nyte helga og mandag er det tilbake til normal arbeidskvardag.
Greit det og,hadde det ikkje vore for glatte vegar..Ikkje glad i det.Men er vel bakdelen for å ikkje bu det dei kaller meir sentralt:-)
Trivast litt usentralt..Irriterer iallefall ikkje naboane..Eller eg vel å tru det.
Kan vere at eg gjer det her eg bur og.Men men…
Er nok ei vanesak.Greit å besøke sivilisasjonen og av og til.
No er ein no litt isolert uansett kor ein bur….


Kanskje derfor eg har få venner.Eg er den dei kvitter seg med…Har tenkt litt på det.
Eller det er sjølvvalgt.Kanskje ei blanding..Eg er sær..
Sjølvinnsikt er litt greit og,men ein må nesten få lov å vere den ein er..
Visst ein heile tida skal passe på kva ein seier og korleis ,så blir ein veldig sliten…
Er då ein er glad å vere åleine og kunne senke skuldrane…
Veit eg er var på andre sitt kroppsspråk.Ikkje alltid ein fordel…
Men ingen er perfekt..
Dei fleste av oss gjer så godt vi kan.
Meir kan ein igrunnen ikkje forvente.

Spent på kva 2022 gjev meg av nye opplevelser.Håper mest gode

Ha ein super 1.januar

9 kommentarer

Siste innlegg