Igrunnen så miste eg interessa for farmen då presten rauk ut.. Har ikkje noko forhold til desse karane i finalen.. Fekk litt julestemning då oslofrøkena kom heim til jul.. Klemmen må vente litt..Avstand må til no i desse tider..
Idag har eg mala og laga potetmjølsvafler… Var gode i det minste.. Malinga var det verre med.. Får pusse imorra.. Såg liksom bra ut då eg held på.. Var verre med brillene på.. Jaja…
No er det iallefall godt å slappe av. Vore ein nydelig dag men litt glatt.. Vakker tid. Kveikt to lys og nyt søndagsfreden.
Var rett og slett nydelig på rusleturen min. Måtte klarne hjernen litt etter å ha styra med grunning på vegger. Vart eit styr..lurer litt på kva for type maling som var på denne veggen.. Er eg så uheldig å male bortpå der eg alt har malt,så dreg eg av malinga igjenn. Heldigvis er det ikkje malt på alle vegger.. Vert mykje pussing og mange strøk.. Men ikkje idag.. Må berre sei at dette synet gjorde godt for pulsen og humøret.. Litt trolsk stemning.. Fekk strikketråden eg hadde bestillt idag..Mor mi skulle strikke sokker.. Var berre fargen som stemde…Ho spurde om eg hadde hatt brillene på.. Hadde kunne vedda mykje på at eg hadde bestillt rett merke.. Jaja…Handvask er tingen.. Sett heimafrå.. Gidd ikkje gjere meir idag.. Berre hekle litt. Krølle meg godt opp i sofaen og sjå tv. God lørdagskveld
Luksusfella neste.. Det er å overdrive.. Men no vert det varmekabler i kjellarstova.. Skal det vere så skal det vere.. Ikkje noko billig oppussing. Men må til,så får ta den kostnaden… No har eg plutseleg fått litt tidspress på maling og utrydding. Her må det verte litt framgang i sakene.. Har ikkje gidda gjordt ein skit på lenge..
Skjønner heller ikkje kor eg har gjordt av alt julestyret.. Mulig det er på høgeloftet…eller det er nissa vekk..
Har idag faktisk gått tur innover i fjorden.. Mot normalt. Fint inni fjorden og. NYDELIG SOL Var på kaffibesøk før eg snudde heim.Ja ikkje hos denne typen altso.. Amaryllisen har bomma litt på jula,men fin er den…
Sånn etter mørket var starta å legge seg over sansehagen vår på jobb,oopdaga vi lys i mørke.. Der gjekk teamledarane våre og hengde opp lys etter jobb..
Skikkeleg koseleg for oss som sat innafor vindauga og kosa oss med sjølvbaka lefser og julekjeks og høyrde på julesangar.. Kom skikkeleg i julestemning.. Litt meir ein sur opplevelse for dei i hagen..men det merka vi lite til..
Er der eg har julestemninga..på jobb Heime ser det ut som totale kaos.. Ikkje har eg baka og verken rydda eller vaska.. At det går an… Uff. Ikkje får eg sove heller.. Så her sit eg klokka 06 og skriv blogg.Burde nok heller ha rydda Den einaste som er fornød med det er grendapusen som har fått mat.. Dundra på glaset i utedøra så det sto om liv.. Så mager er den slett ikkje..
Om eg kjem igang med noko idag… Tja har heldigvis fri.. Så tek eg det derifrå.