Berre å nyte


Var rett og slett nydelig på rusleturen min.
Måtte klarne hjernen litt etter å ha styra med grunning på vegger.
Vart eit styr..lurer litt på kva for type maling som var på denne veggen..
Er eg så uheldig å male bortpå der eg alt har malt,så dreg eg av malinga igjenn.
Heldigvis er det ikkje malt på alle vegger..
Vert mykje pussing og mange strøk..
Men ikkje idag..

Må berre sei at dette synet gjorde godt for pulsen og humøret..

Litt trolsk stemning..
Fekk strikketråden eg hadde bestillt idag..Mor mi skulle strikke sokker..
Var berre fargen som stemde…Ho spurde om eg hadde hatt brillene på..
Hadde kunne vedda mykje på at eg hadde bestillt rett merke..
Jaja…Handvask er tingen..

Sett heimafrå..
Gidd ikkje gjere meir idag..
Berre hekle litt.

Krølle meg godt opp i sofaen og sjå tv.

God lørdagskveld

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg