Har ete sauehovud ikveld😎 Salta og tørka. Og då med kålrabistappe og poteter😉 No trur eg det er nok eting på ei veke
Kosa meg med mamma og tante😉 Eg syns det er kjempegodt Er nok delte meiningar om den saka. Kan jo skjønne at ikkje alle syns om det. Men eg syns det er berre lekkert. Og i triveleg selskap med mykje latter og historier er det ekstra kos.
Trivelege damer begge to❤ Gjer seg å vere litt sosial innimellom. No er det sofa og Lindmo.
Lurer felt på om eg har klær som passer og som eg kan vise meg for folk i….er joggebukser som har vore standar her i nokre mnd.. Knapper er noko herk med ei hand.. Iallefall når buksa er trang…
Julemessa i nabobygda måtte eg jo og få med meg. Kjøpte meg belte. Har i grunnen lenge tenkt eg skulle skaffe meg eit belte frå Fred😉 Likar dei litt enkle Ikkje det at eg treng belte for å halde oppe buksene… Laaaangt derifrå😂
I grunnen har pengane liksom berre forsvunne dei siste dagane… Merkeleg
Ser bilder frå eit kjøpesenter der folk slost om klær som om dei var utsvoltne og slost om mat
Ingen køkultur derigården Det set liksom ting litt i perspektiv Vel var det sikkert billig men er det vert det? No var dei no meir sindige i sunnfjord😉 Og takk for det..
Skjønner at folk som er utsvoltne og lever under kummerlige kår kjempar for tilværelsen men dette er for meg nærmast galskap
Stappmett er berre forbokstaven Var god om eg må sei det sjølv Hadde for ein gang skuld nok smak på den Med gulrøtter i… Fordi eg syns det er godt🤡 Kokte i timesvis så kanskje det gå smaken Hadde spagetti og kotelett og😙 Litt for einkvar smak..ja ikkje oppi fårikålen altso😂 Ikkje alle som likar fårikål..
No er eg rett og slett nesten kvalm. Middagsgjestane er gått heim og eg har rulla meg opp i sofaene..
Rydde får eg gjere i morra. No er det litt sofasport. Reprise antagelig.. nytt for meg
Funne meg eit strikk Armen er ikkje så glad i den slags.. Men kjeder meg Skikkeleg vind ute… Men no har eg tatt helg😊 Julemesse i morra kanskje.. Litt kos det og😊
Jau Den starta hos eldstemann med hagl;lyn og torden Dei reiste på jobb og skule og gamla og Larrisen starta heimreisa på slapseføre.. Gjekk seint..men vi er ganske flinke til å sleppe forbi..
Vart steike pissetrengd😉så glad det var åpent på senteret i Dale.. Der var det jo folk tidleg på morningen.Den svarte fredagen var jo her og..
Hadde liksom ikkje tenkt å kjøpe noko eg altså… Men enda opp meg gore-tex sett som i mine auge var steik dyrt.. Og var liksom halv pris… Mulig eg er lettlurt men er noko eg treng om ikkje anna
Men så var det størrelsen då… Akk o ve For ei som størstedelen av mitt voksne liv har brukt S så stikk det i hjerterota med L
Hadde nok gått med M Men med ein arm som ikkje er så lett å ha med å gjere så er det best med romslege klær.. Fattigmannstrøst er å trøste seg sjølv😉
Hadde liksom tenkt meg bort på desse nye butikkane dei har fått inni nabokommunen… Men fann ut at no vart det nok pengebruk.. .litt vet må eg jo trumfe fram😙
Litt bedre føre resten. Godt fornøgd med Larrisen😉 Tek seg bra fram… Men det tek si tid med oss to
Regnklærne funka fint dei.. Greit å sleppe oljehyra innimellom😉
Fått fyr i ovnen. Litt utrivelige ute så innekos må til😙
God fredag😊 Armen verker og gamla er utsleten Ikkje berre berre med svarte fredagar😚
Litt sånn småskummelt på vegen idag meinte Larris.. Sånn 3 og 1 grad…kan vere bremseglatt. Hadde oss ein stopp i Dale… Var innom Kle… For dyrt så Larris… Jau..men måtte ha ei bukse og så vart det liksom ein genser på kjøpet.. Må gå skamlaus😙på kurs.. God å finne på unnskyldning..
Innom Spar på Sande.. Kjøpte likegodt ferdig pizzabunn..
Ikkje så greit når ein er glad i mat Då vert det ofte litt mykje på mitt fat Ein skal ikkje kaste,det har eg no lært Så då trykker eg det ned om det går noko tregt
Litt salat må ein ha ,det er jo så sunt Kva som skjuler seg under;har ein nesten då gløymt Måtte ete opp alle rester frå igår Er det løye eg har fått musegrått hår
No er eg kvalm av meg sjølv og det eg stapper inn Får nyver i panna og roser i mitt kinn Magen den verker og minner meg på Går an å ete mindre og bruke dei små grå