Larris og gamla

Vi er litt av eit par..
Idag testa vi piggdekk.
Kom oss no på trening..
Dvs Larris fekk trene på å køyre med gamla og eg fekk trene hos fysio..

Gjekk ikkje fort.. .men kom no fram

Rusla meg ein tur i fineveret
..gjorde godt..

Har mekka ihop ein lasagne
Ære vere Toro og Bunnpris😙
Til å med laga salat…
No vart middagsgjester seine…
Eg tok meg ein bolle😉
Mat må ein ha..

Så får eg sette inn lasagnen når ein av dei nærmar seg😉

Retteleg overgått meg sjølv.
 

Vert nok mat om ikkje så lenge😙

71grader nord ikveld og allting.
Berre velstand

Så lysa er kveikte og fyr i ovnen..
Musene kan jo ikkje fryse må vite…

Stakkars Larris

Der står han ute…heilt ihelfrosen
I motsetning til musene har han ikkje hus å snike seg inn i…

Må snart starte han for vi må ut å køyre på glatta…
Kvir oss begge..
Uff
Men først må gamla gjere seg klar😎
Vert nok ein nydeleg dag

Mus i hus💣

Høyrer det kravler oppetter veggen
Kalt ute antagelig.. .
Fytti
Sakner Rolf…fantastisk til å halde musene vekke…litt smågal katt…

Burde hatt meg ny..
Trur det kryr av smågnagere..
Ikkje glad i desse krypa

Der for den nattesøvnen .
Kunne no funne seg ein annan stad å bu…
Søte på film…men likar dei ikkje

Skulle sette opp ei felle hin dagen..no funkar ikkje høgrearmen helt ,så den small att…
Fins nok andre nyare typar…

Greiare med katt..
Går ein ute her av og til, men den vil ha mat frå boks…lite hjelpsom og freser ved tilsnakk😑

Gje det var sommar heile året!!!!

Ikkje mi årstid

Ikkje glad i vinteren
Ikkje har eg eit forhold til skigåing heller..
Forbind vinter med isete eller sørpete smale vegar der ein køyrer med hjartet i halsen og håper det går bra…

Kroppen min vert stiv og støl…
Trur nok eg hadde vore den perfekte klimaflyktning.😊
Berre at eg nok hadde sakna familien..

Men no bur eg no her..
Så funne fram ullkleda..
Prøver å sjå lyst på det
Likar adventstida😉
Kan kunsten å kose meg

Håper på ein mild og fin vinter.

Skitt lagå

Som de ser…
Stemmer ikkje heilt den der
Ut på tur..aldri sur.

Ikkje nett smilerynker på denne dama..
Men kom meg no ut..
Vart berre veldig svolten etterpå..

Må finne på noko å gjere på trur eg..
Denne sofasporten eg driv med no gjer meg berre breiare over reva
.. .men det var denne tiltakslysta…

Kanskje eg skulle ha rydda ein plass.. .rimelege muligheiter..
Aldri vore ordensmenneske..

Ute vaskar Vårherre med høgtrykkspylar så der er det ikkje verande

Nei…dette her går ikkje😙

Ned i kjellaren med gamla…starter der trur eg

Elastisk med høgt liv

Ja noko anna nytter ikkje..
Bukser altså..
I tillegg må dei vere rimelig vide i låra så ein får dei på..

Så er det berre å stappe alt det lause nedi buksa og håpe det held seg på plass…eller at det får plass..
Søren ikkje enkelt..

Jadå.. veit eg burde trene magemusklene og meir til…

Sukk og stønn..
Ikkje noko treningssenter her..
Går fint an å trene heime..
Berre at det vert ikkje..
No prøver eg psyke meg opp til ein tur ut i storm og kulde…med nedbør..

Har fått på meg ull under..
Og joggebukse..
Slepp stappe så lenge ingen ser meg..
Mulig det var det eg burde..gå i klær som stramma..jaja…

Ikkje i dag…
Fått i meg frukosten.Høyrer på nitimen og seier til meg sjølv…

No skal eg snart ta meg ein frisk flott luftetur😙

God lørdag😁

#humor#ironi

Fikse på fasaden😙

Idag var grensa nådd😉
Ein ting er å føle at ein ser ut som eit forete takras…men går jo an å gjere det beste utav det…

Mirakel venta eg ikkje..
Og under ser sjelden..
Men litt farge og striper er ikkje av vegen

Kva de trur😙
Var då eg såg at augebryna grodde som ugras…
Fekk fiksa dei og..
Litt godt å verte stellt med og ikkje heilt enkelt å vaske håret skikkeleg sjølv fortida..

Nærmar seg…
Syns eg vart mykje godt…
Reine luksusen..
Las blad..drakk kaffi  masa hol i hovudet på frisøren…

Stakkars..

Jaja…
10 kilo for tung…
Ein arm som ikkje er som han skal og ikkje god i hovudet heller..
Men som forfattaren Tveit sa

Så lenge kjeften fungerer skal ein ikkje klage

God fredagskveld😚

..

På reservetanken

I grunnen ein fin tittel som kan brukast til mangt.
Føler eg er litt der idag.

Orkar ingenting
Mangler ikkje lesestoff men er ikkje i lesemodus.

Men har då fått meg halvvegs gjennom reservetanken😊
Er nok fordi eg les om plassar og folk eg kjenner.
Ja ikkje alle då…

Kjenner eg mangler frisk luft..
Vurderer om eg allikevel bør trosse veret…
Finne fram viljen og regnklærne og labbe i veg.. ..
Uff…

Dagens høgdepunkt er middag hos naboen…
Raspeballer❤

Så burde nok labbe laus…
Men er eit helsikes ver…

Er ikkje glad i hausten….
Men den vert nok ikkje bedre eller går fortare om eg sturer😊

Lenge leve humoren😊

God torsdag vidare

Nei,nei og atter nei

Ser ut glaset og tenkjer…
Kjem ikkje på tale
Vore flink eg…til å gå tur..
Slenge på armen i all slags ver..

Idag har eg rett og slett ikkje lyst
Skikkeleg drittver ute…

Fyrt i ovnen…kokt meg kaffi..
Sett meg i sofaen.

Fått meg varmepumpe…
Og ny straummålar…
Seier ikkje meir..
Fekk straumrekning igår..
Skulle tru eg dreiv hotell…

Idag er eg berre stiv og støl og småforkjøla..
Trur han på snart 90 såg sprekeste ut enn eg..
Får ta meg ihop..

Her ringer det ei dame frå Trøndelag og vil bestille taxi ..fleire ganger…Hjelp så lite

Driv ikkje med denslags eg og Larrisen

Får prøve å vere ei rose eg og…
Om ei litt avblomstra ei😊

Bokslepp og 90års fest

Hurra for Norvald Tveit.

Flott teaterfeiring av jubilanten på
Sogn og Fjordane teater..
Førdehuset.

Koret var fantastisk.. Skikkeleg imponert eg.
Skuespelara likeså

Rett og slett ei triveleg stund.
Syns jubilanten var i sitt rette element

Ærast den som ærast bør.
Hatt det ikkje berre lett denne karen.

Attpåtil var det bokslepp med signering.
Kake og mosell

På reservetanken😊
Vart signert bok på gamla og

Versegod😙

Syns han var sprek.

Glad mellomste tok mora  med på tur.
Larris sto for transporten.
Gamla slapp køyre og med drittglatt føre første del heim att ,var Larris glad han hadde nye dekk og gamla var glad junior sat bak rattet

Men ei kos utflukt…