Wow

Eit syn for auge
Kjenner at depresjon over tung og trist høst lettar og godfølelsen kjem❤
Rett og slett vakkert
I slike
stunder er eg glad eg bur her😙

Å sitte med kaffekoppen. Nyte det vakre synet og våkne til liv

God mandag

 

 

Tjo hei

Nydeleg ute
Eg vart så glad
Litt kaldt er det nok
Men det går nok bra

Har funne meg litt kaffi
Mens eg høyrer kva som  skjer
Må fylje litt ned i tilfelle sola dette ned😋

No skal gamla snart ta skoa sine på
Kanskje littt ull under før eg skal ut å gå
Litt trim for armen og resten må nok til
Sånn sett vekk frå kva eg igrunnen vil

Lørdag:-)

No har gamla funne roen i sofaen

Lørdagskveld.Litt småsnufsen kjenner eg

Hærleg å berre sige ned og kjenne på roa

Litt småsurt, så er kos med fyr i ovnen og levande lys:-)

Vore eintur på sjukeheimen.Kos på eldrekafe:-)Mor mi syns eg trengde litt husforandring og ho har sikkert rett i det

Flott tiltak av helselaget

Salg av kaffi og kaker.Mykje folk og god stemning:-)

Uheldigvis så var eg på butikken:-)Fristelsen for å kjøpe endå meir søtsaker var jo ikkje å overvinne:-)

Kunsten å kose seg den har eg i rikeleg mon:-)

Vorte litt lite tur dei siste dagane…

Var ein småtur i dag tidleg,men burde tatt ein til…Vert iallefall ikkje ikveld

Der går grensa:-)

Tenkte eg skulle prøve strikke litt.Øve armen på dei små bevegelsane.)

Ikkje rare trimmen men tidsfordriv.Eg kjeder meg:-)

Ha ein skikkeleg triveleg laurdagskveld:-)

 

 

Farsdag….

Litt rart denne farsdagen

Gjekk inni butikkane idag, der det var plakater overalt som minna om farsdag…

Ikkje måte på kva dei meinte vi burde kjøpe..I tillegg til alt anna..

 

Første året eg ikkje har nokon far å kjøpe noko til…

Kjende det var ein rar følelse i magen…

Hadde meg ei lita minnestund for meg sjølv

Kjøpte blomster til mamma eg:-)

Ho fortjener det:-)

og så til meg sjølv såklart:-)

Ellers så orka eg ikkje gå i det folkehavet

Men slik er livet.

Ingen veit kva som ventar rundt neste sving

 

På tur med Larris:-)

No har i vore på vår først sånn miniferie vi to.

Tek si tid..Men denne gangen måtte vi liksom.Starta etappen igår.

Du veit.Vi la inn ei overnatting på Sande:-)Fint skal det vere.

Idag har vi bya oss.Eller vore i Førde.Hadde meg no nokre timar på sjukehuset,men først la vi inn ein frukost på coop.

Når ein er der før ting åpnar er det jammen godt det fins plasser som åpner 08 og til og med har fredagsfrukost,

Kosa meg eg.Larris måtte vente ute

Langåpent idag.Drittver,snøa og folk overalt.Å finne parkering var ei mare…

Men når ein må vente før ein kjøyrer så har ein ikkje så mykje valg.

Fått kjøpt litt julepresanger.Ingen tilbud på dei,men sto på ynskjelista:-)

Sikre meg mens det endå er å oppdrive:-)

Kjøpte blomster til meg og mamsen fordi vi fortjener det:-)

Vi kom oss no både opp og ned.Kva medtraffikantane seier om oss det veit vi ikkje og det er mindre nøye

Gjorde vårt beste både eg og Larrisen:-)…

Har laga meg mat,tulla eg inn i teppe og skal nyte roa;.)

Sånn småfrostige av heile greia

 

Ha ein fin fredagskveld

Det rangler og skrangler :-)

Ingenting slår kaffikoppen om morningen

Sit å kjenne at jau…det er no litt liv i ein gammal skrott

Med vintermånadane kjem stiv og støl kropp:-)

Vert liksom ikkje noko bedre med åra.

Men alt er ein vane og det går seg til litt utover dagen

 

Får jo til og med med meg dei tidlege morgonstundene no, om enn litt motvillig

Stilna med vinden ute,eller den tek seg berre litt pause

Iallefall tek den ikkje slik på huset.Har ikkje satt nasa utom døra, så mulig den berre har dreia..

Har ikkje tenkt å sjekke endå….

Her er det ikkje mykje futt i skrotten:-)

Har drosje til fysio fortida:-)Luksus kanskje men eit must..

Men er ikkje så mykje å stå etter for er jo samledrosje:-)To timar reisetid når det tek ein halv:-)

Men sånn er det no.Glad eg slepp å måtte komme meg inn på eigahand:-)

Skal verte godt med litt fysio.

Går jo på fram sikkert,men det går evindeleg seint…og det er smertefullt..

Musklane lager eit helsikens liv.Dei hadde no sett for seg ein vinter i dvale antageleg..Liker lite å verte ruska i..

Einaste som skikkeleg blostrer er matlysta og søthungeren.

Veit ikkje heilt korleis eg skal få has på den saken:-)

Ein ting av gangen kanskje:-)

 

#Humor#ironi

 

 

skal sei det suser i sivet

Må ærlig innrømme at når det blæs skikkeleg ute, og det er mørkt som fy, så likar eg meg sånn passeleg

Greit å vere påkledd om taket fær av:-)

Litt greiare når eg ser kva som skjer.

I det minste får eg håpe at lyset ikkje går.

No er det no ikkje så mykje eg kan gjere med vinden uansett ,så stresser ikkje, men å sei eg koser meg er å overdrive

Naturen er litt lumsk..

Her blæs no igrunnen ofte.Litt meir enn normalt no.Mykje bråk med denne vinden igrunnen

Kan kanskje vere glad det ikkje er snøstorm:-)Gjeld å finne det positive

Nei her er det berre å kose seg med Wordfeud,tv og vere glad eg fortsatt har lys:-)

 

 

 

Berre lekkert

Krope godt opp i sofaen inntulla i teppe
Fin fyr i ovnen og kaffikoppen i handa.

Gått meg ein tur i vinden.
Aukar på høyrer eg ,så kveikt eit lys sånn i tilfelle.

Tid for hjem på tv.
Flinke folk.Ser så enkelt ut når dei held på..
Imponert..
Skulle gjerne komme heim til renovert hus❤
Hadde vore tingen…men ikkje alt eg syns er greit..

Prøver å psyke meg opp til å gå i dusjen..då er det gale.
Føler meg sånn ca 90+

Ikkje berre berre å dusje å vaske håret😀men det trengst

Ha ein superfin kveld

Kaffikopp❤

Jammen gjer kaffien godt for min kropp
Kjenner den varmer før den gjer eit stopp
Flyt gjennom kroppen og renn ut til slutt
Let ikkje eingang igjenn litt krut

Mørkt

Det er morning

det er mørkt

fått fyr i ovnen og starta på dagen.

Ikkje så veldig god start idag,men sånn er det no

Vinden tek godt tak rundt hushjørna og eg antar det er regn.

Ikkje vore ute og sett.

Trekt meg kaffi og trur eg skal kose meg på sofaen under teppet mitt ei stund visst det går

Kosen altså..Armen er ikkje i storstrøk.

Litt opp og ned fortida.Går no på fram trur eg ,men går litt seit

 

Mykje elendigheit i verda.Skremmande.

Folk går berserk med våpen og verden er ei tikkande bombe.

Viktig å nyte augeblikka:-)

Kanskje eg er vorten meir slik med alderen.

Vakker morgon i Oslo seier dei.Kjekt for dei som bur der.

Igår var her flott:-)

Må ut å gå når det lysner litt så eg får litt sleng på musklaturen..Brukar å hjelpe litt

Frestar ikkje så mykje så dryger det litt:-)

Liksom ikkje det same å gå fordi ein må:-)

 

Først skal eg no drikke litt meir kaffi og vakne til liv

God tirsdag:-)