JobbehelgTravelt men kjekt
Har og vore på basar etter jobb.
Koseleg.
Til inntekt for grendalaget her
Ikkje berre berre å vere eigar av eit gammalt skulehus
No må vi ha nytt toalett og dusj.Ikkje minst treng vi varmepumpe …
I dag gjekk det an…vart ikkje ihelfrosen.
Noko er og gale med vassledningane
Så her treng vi peng
Berre å brette opp armane…ikkje det at vi er so mange
Var kos å springe rundt med gevinstar…for det gjekk unna må viteher er vi kjappe.
Vann gjorde eg og
Vannflaske
Slik hadde eg ikkje så vel fornøgd…
Ikkje så ofte eg vinn
Laga meg middag etter eg kom att
Fint folk et seint
Men eg et formykje
Fått god fyr i ovnen for det vart plutseleg minusgrader..og det etter 8 pluss før idag..småskummelt på våte vegar..vert veldig glatt
Men eg skal ikkje ut meir idag hadde eg tenkt.
Kveikt adventslysa og krope godt opp i sofaen med beina høgt
Snart handball
Gjeld å finne gleda i dei små ting