Held på å mygle

Har prøvd å halde humøret oppe gjennom sommaren

Sånn etter mottoet..Det fins ikkje dårleg ver men berre dårleg klær men no er det nok!

 

I dag har det hølja ned uten stopp.

Har nett sprunge innom naboen for å så  hente posten min på tilbakevegen .Det plaska ned

Vurderte å ta på meg vestlandsbunaden å gå ein tur men det fins grenser sjølv for meg

Så idag har eg stort sett tilbrakt dagen i sofaen 

Surfa litt på nettet,hekla på langtidsprosjektet sånn i korte perioder,sett på tv og sist men ikkje minst, ete

Og det siste burde eg definitivt gjere litt mindre

Men sånn er det når ein kjeder seg.Ikkje gidd nokon ting.Har for god tid og er for glad i mat

Men no er eg klar for handballkamp.Slepp jo å bevege med der og.Berre rope litt sånn innimellom:-)

 

Er meldt godt ver i neste veke,men visst det går etter planen så er det då eg skal halde meg inne og ikkje tole lys på kroppen….

Selvfølgeleg.Har langfri no og det ser ein på veret

Men men.Var no godver i går og heldigvis hadde eg vet til å vere ute:-)

 

pitstopp

 

 

I dag er det skikkeleg ruskete ute

regnet piskar ned på mi rute

Då er det godt å tenke på

neste gang eg kan ut å gå

 

Bilde er frå skogens bunn

Der har soppen det godt på sin grunn

den trivst godt i vårt våte ver

mens vi andre kun får våte klær

 

Så i dag skal eg halde meg inne i regnet

Skal ikkje samle ei einaste fregne

For det kan eg sei sjølv om veret var grått

dei har eg jammen meg samla i flokk

 

Dikt om overmot:-)

Vel nede frå Einingsfjellet og blenda av dagens sol

så var det som om tanken på meir ,rundt i hovudet mol.

Kva om eg tok å klatra på nok ein topp i dag

eg måtte jo nyte sola som skein i fleire lag

 

Fra tanke til handling gjekk det og eg starta på nok ein topp

sånn er det når egoet fylles og vetet går ut av min kropp

Men sakte oppover bar det,ja det gjekk retteleg seint

og kan ikkje akkuratt seie at eg gjekk rett og beint

 

Men framover med meg bar det, men plusteleg kom eit hol

selvfølgeleg steig eg nedi,og det med skrik og skrål

Men heldigvis så vart det ikkje brot i foten min

men alteregoet fekk jo lyst å bruke kjeften sin:-)

 

 

Eg tenkte no går du nedatt og ikkje meire opp

Då var det alteregoet kjefta og sa no var det nok

No får du ta deg saman og ikkje ta på veg

Det er no flott i sola og vegen er så grei

 

Så traska eg vidare opp på den kjende og kjære topp

Eg kan jo ikkje berre gå heim og så lett gi opp

Men det skal no verkeleg seiast

her var både vått og glatt

Var nesten så eg kjende at no får eg verkeleg fnatt

 

Men endeleg var eg oppe.Kjende det gjorde godt

Det er så flott å gå her ,eg kjenner det i min kropp

Å vandre på langs over fjellet og fritt la tankane fly

Det gjer at når turen er ferdig så føler eg meg god som ny

 

Så når eg til slutt varden og det er tid for å snu

eg føler at jammen er eg heldig som uti her kan bu

Det å få kvile blikke og nyte utsikta her

Er vert litt svette og kaving og kravling på såre kner

 

Vel nede frå fjellet kjenner eg at eg må veldig på do

I tillegg treng eg snart sårt til nye sko

For desse er ikkje så tette og er no nokså slitt

så eg får nok kjøpe nye,eg drøyer berre litt

 

 

L

 

 

Pust og pes

Har vore eit grådig ver her i det siste 

så har ikkje gidda gått på fjellet.

 

Er ingen tilhengar av ekstremsport

men idag skin sola

Har sett på den på jobben og psyka meg opp

Veit det at skal eg gidde, så må eg heim,skifte og utatt uten nokon mellomlanding

Så og idag..

Men dei seier at kondis er ei ferskvare og det trur eg på.

Trudde eg skulle krepert i første stigning

Pusta og pesa så ein kunne høyre meg kilometervis

I andre stigningen fekk eg blodsmak i munnen og i neste, nesten hjarteinfarkt

Og det skuldast ikkje farten

Høyrde det prata lenger oppi og stoppa opp og heiv etter  pusten.  Prøvde å halde den på eit normalt nivå

Smilte og lot som alt var i skjønnaste orden då ungdommane passerte og håper på dei ikkje har fått varige skadar

 

Var veldig vått og slept men kom meg opp

Riktig stolt av meg sjøl

Sat ein familie på toppen.Dei såg igrunnen ut som dei var litt redde meg så eg skunda meg å skrive meg inn i mantalet

Tok nok eit blikk over den nydelige utsikta før eg labba nedatt.Godt fornøgd meg meg sjølv:-)

 

orker ikkje,gidder ikkje:-)

Idag har eg ikkje gjordt det minste slag

utenom det eg måtte gjere idag

Jobben må ein jo passe på

ellers så kan det jo vere eg må gå

 

Ikveld ser eg striper av noko blått

Antar det er himmelen som har dukka opp

men ellers var det temmeleg svart

av skyer som held seg og klamra seg fast

 

Men gradestokken viste kun ni,

er jo så ein snart kan stå på ski

Og det i August,du snakker meg om

Er så eg kjenner eg vert aldeles tom

 

Så no sit eg her i min gode stol

og tenkjer at snart er det jammen meg jol

Men imorgon så er det jo ein ny fin dag

Heilt fri for stress og mas og jag

 

 

Dikt om regnet

 

Sat godt oppi sofaen og las litt på nettet .Då ser eg at ei hadde gått frå vettet

Ho sa at ho hadde gått seg ein tur ,I dette veret og vart ikkje sur

Eg tenkte du verden for eit pågangsmot

glad eg sit inne her i mitt rot

 

Då kom det surt frå mitt alterego.

Sjå der du ,ho kan det er bedre enn deg

Då tenkte eg ..berre hald kjeften på deg

Eg fann fram regnklær og støvlane mine

eg er slett ikkje noko verre enn hine

 

Igrunnen er eg ei uværskråke

som elskar og plaske ,leike og ståke

men alteregoet seier til meg

ta deg litt sammen og oppfør deg

 

Var no litt kjekt å rusle rundt

kanskje det til å med er sundt

med regnet som plasker og vinden som bles

Og båtane som skundar seg rundt neste nes

Etter å vandra i vel ein time

kjende eg det var godt å ta av regnklærne mine

men det var då det slo meg

eg hadde gløymt, at i morra så skal bosset vere tømt

 

Så på att med støvla, men eg tok berre jakka

kan ikkje verte så våt på berre litt bakka

men slik slendrian vil ikkje Vår Herre ha

så han slepte ned resten han ville verte kvitt idag

 

Så våt som ei kråke eg stupte i dusjen,frå den var vegen ikkje lang i pysjen

så no sit eg i sofaen god og mett, og ser på tv,rett og slett

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dikt

Ute har himmelen åpna seg

Det regnar så no er eg snart utan veg

Ikkje så mykje å finne på

kva skal ein gjere for ikkje å

gå i stå

 

Husarbeid hadde nok vore tingen

Visst ein no berre hadde det genet i fingen

Det har eg ikkje det kan eg trykt sei

Igrunnen så gjer det meg fryktelig lei

 

Men har nokre klær eg burde ha stroke

Mulig eg klarer det uten å bråke

For mitt andre jeg likar ikkje slik jobb

trur innerst inne ho er ein snobb

 

No er halve dagen snart til vegs ende

Trur ikkje underet her vil hende

Så er nok best eg tek grep om dagen

Og får klærne unna og litt mat i magen

 

Dagen har igrunnen gjordt veldig godt

Knapt bevega min trege skrott

Men no lyt eg prøve å ta meg saman

Få tøyet unna med fred og gaman

 

Burde nok prøvd å lufta meg litt 

men ser ut glaset og tenkjer mitt

Får vere grenser til arbeidslyst

og trykker sangen under inntil mitt bryst

 

“I morra i morra men ikkje i dag

i dag nei i dag gjer eg ikkje det slag”

 

 

 

Godt ein har hus å vere i:-)

No er det meldte ruskeveret kommen til meg
Skikkeleg surt ut.
Vinden piskar mot glaset og det regnar vannrett…
Jammen glad eg lufta vetet då eg gjorde for nemmen om eg hadde gått tur no
Fyrt i ovnen,ser på Lewis på tv og funne fram hekletøyet att.
Det er no ei sak for seg.Eit langtidsprosjekt som vert tatt fram sånn av å til så det vert lufta.
Kom på at eg skulle hekle to lange og to kortare gardiner i etestova, som dei seier på tv.:-)
Dei lange er no så godt som ferdig.Ting tek tid:-)
Men vert sikkert bra når eg ein gang klarer å gjere dei ferdige

Men vert mykje oppattrekking så eg har lenge og godt arbeid

Ekkel draum

Hadde ein skrekkeleg draum inatt

Trur eg les for mykje krimbøker og ser for mykje krim på tv.

Når dette i draumane blandar seg saman med jobben min vert det til eit skrekkeleg mareritt

Vakna med hjartet i halsen og sjelvande kl 05.

Klarde ikkje få synet av draumen ut or hovudet så sto opp..

Tenkjer igrunnen på det endå. Merkelig kva slike draumar kan påvirke ein og kor iallverden klarer ein å drøyme slikt skit

Vurdere å kutte ut krim ei stund,men klarer vel ikkje det heller sikkert:-)

Godt eg ikkje har behov for å sjå meininga med det eg drøymer:-)

Ikkje så ofte eg hukser kva eg drøymer .I det siste har eg drøymt lite trur eg

Iallefall hukser eg lite av det..Søv så tungt at eg trur folk kunne bore meg ut uten at eg hadde merka det:-))

Begynnt å verte gammal:-)Iallefall eldre.

#personleg #roman#drøm

 

 

 

SLiten eller berre litt lat

Kjenner meg rett og slett sliten…Eller kanskje berre trøtt.

Vorte for lite trim i det siste og det kjenner eg på kroppen

Burde apsolutt tatt meg ein spasertur

men altså…det frister overhovudet ikkje

Ute er det vind.regn og skodde.

Er nett kommen frå jobb og det einaste eg igrunnen har lyst til er å krype godt opp i sofaen og ta meg ein høneblund

Men samtidig har eg ei indre uro og uvelfølelse som seier at eg burde ta på meg regntøyet og gå meg ein tur

Trur det kallast då

rleg samvittigheit

Så trur det er det eg skal…Først ein kopp kaffi og så vestlandsbunaden

Trur eg kjem til å sove mykje bedre etterpå:-)

Har ein eit 0 punkt så har ein det