Sat godt oppi sofaen og las litt på nettet .Då ser eg at ei hadde gått frå vettet
Ho sa at ho hadde gått seg ein tur ,I dette veret og vart ikkje sur
Eg tenkte du verden for eit pågangsmot
glad eg sit inne her i mitt rot
Då kom det surt frå mitt alterego.
Sjå der du ,ho kan det er bedre enn deg
Då tenkte eg ..berre hald kjeften på deg
Eg fann fram regnklær og støvlane mine
eg er slett ikkje noko verre enn hine
Igrunnen er eg ei uværskråke
som elskar og plaske ,leike og ståke
men alteregoet seier til meg
ta deg litt sammen og oppfør deg
Var no litt kjekt å rusle rundt
kanskje det til å med er sundt
med regnet som plasker og vinden som bles
Og båtane som skundar seg rundt neste nes
Etter å vandra i vel ein time
kjende eg det var godt å ta av regnklærne mine
men det var då det slo meg
eg hadde gløymt, at i morra så skal bosset vere tømt
Så på att med støvla, men eg tok berre jakka
kan ikkje verte så våt på berre litt bakka
men slik slendrian vil ikkje Vår Herre ha
så han slepte ned resten han ville verte kvitt idag
Så våt som ei kråke eg stupte i dusjen,frå den var vegen ikkje lang i pysjen
så no sit eg i sofaen god og mett, og ser på tv,rett og slett
Veldig bra disse bloggene dine snuppa 😘😘
Anne Lise: tusen takk vennen.Lediggang er rota til alt vondt
Hehe, herlige dikt. Sånn er det!
Kjersti Sandnes:Takk:-)