Er ikkje så god til å tolke draumar og kanskje det er like greit
Draumane mine fortida får iallefall sjølvtilliten min på null og og sjølvbilde blit utsletta
Kvifor eg drøymer desse no i ferien skjønner eg ikkje
Gjer noko med meg kjenner eg så trur eg treng å sjå folk som gjer meg godt
I det minste treng eg frisk luft
Sjølv om ein veit ein drøymer så lurer ein jo på kvifor slike draumar og med dei folka kjem
Det er veldig ralistiske draumar
Ingen usansynlege ting,men vonde
Ikkje veit eg
Kanskje kroppen min driv sånn sjølvransaking
Ute er det høst
Sit her med kaffikoppen.Ser ut og tenkjer Burde nok forlengst vore på mi vanlege runde
Snart,kjenner eg
Starta på prosjekt restesokkar
For å vere sikker på at dei vert så nokonlunde like har eg begge i sving på ein gang
Får ta neste etappe etterpå:-)
Godt å bruke alle snånøsta til noko fornuftig,og er igrunnen litt artig
Kanskje eg bør ta på meg regnjakka og sko og gå litt ut i frisk luft,så dei negative tankane tek ein pause
Ha ein super søndag
Det er rart med realistiske drømmer. De sitter igjen litt ut over dagen. Tatt deg en tur og rist de av deg.