Trur eg vert gal

Ikkje veit eg kva som kva slags innsekt som har invadert beina mine,men er full av stikk bak begge knea og det klør
Noko så inn i hampen
Skuldar på katten..Dreg altslag i hus:-)Så eg ga opp forsøket på å få søvn
Stått opp
Tatt allergitablett og ein paracet
For hovudverken den tenkte den kunne halde kløinga med selskap:-)
Reknar ikkje med eg har fått allergisk utslett etter all trekkspelmusikken:-)
Er ikkje det eg normalt sett høyrer på,men er flott på slike konsertar som igår
Kjekt når trekkspelfolk frå mange plasser i landet er samla,og finn ut dei skal gi ein gratiskonsert:-)Slike spontane konsertar vert ofte dei kjekkaste.Og veldig flott gjordt

Skal pynte ei kake på morningen,så kankje eg snart kan begynne med det,for å ha noko å sysle med:-)

I dag er det Skifjordag,men aktivitetar,salgsboder og reknar med musikantane dukkar opp der og
Det viktigaste idag er faktisk det sosiale
Det at dei treffast og slår av ein prat
Viktig å ha aktivitet for å få ei levande bygd:-)
Så gamla skal stå på stand og selge mat,sånn i skjønn forening
For skal det skje noko må jo og nokon stille opp på dugnad:-)

Ikkje så mange å ta av i ei lita bygd
Så håper at regnet held seg vekke idag og.Hadde vore supert.
Ser litt bob bob ut:-)
Har laga meg kaffi,og har det igrunnen slett ikkje så verst.Høyrer bilar køyrer forbi,så ikkje berre eg som er oppe lenge før fuglane syng
Ikkje lenger desse flotte lyse nettene
Men det er begynnt å lysne.Har vorte 04.30,så går på fram:-)
Les på nett at ei kvinne hadde ramla ut or ein bubil i fart og føraren hadde ikkje merka nokon ting
Stakkars seier eg,men kjenner at det samtidig nesten vart morsomt
Går bra med dama trur eg,og godt er det
Men ein skal altså sitte med seler under køyring og ikkje jobbe baki bilen.Då er det fort gjordt å miste ballansen i rundkøyringa
Men ein lærer ofte av eigne feil,og godt det gjekk bra:-)

Ha ein super dag.Det kal nok eg og om eg klarer halde meg våken
Blir ok trøtt av allergitabletten så mulig eg tek ein time på sofaen:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg