Eg er litt tregstarta om dagen
Alt går liksom seint og eg kjem ikkje igang med nokon ting
Gjesp
Har i det minste vaska håret
Berre det føltes som eit maratonløp
Eit eller anna innsekt har stukke meg på albogen på morgonstunda
Etter størrelsen å dømme ser det ut som klegg
Korleis den er kommen inn på soverommet veit eg ikkje,men glaset står jo på gløtt
svir og klør så bør vel finne litt eddik og sjå om det hjelp
Vert så imponert over all energien folk verkar å ha
Berre den hadde vore smittsom:-)
Men har jobbehelg
Har planar om litt frisk luft før den tid,men ikkje heilt endå
Sola skin,men får høstfølelse
Heilt stille på fjorden og heilt nydeleg ute,så burde nok lette på kroppen og gå ut i det minste
Gjere som Ingolf
Ta dagen som den kjem
Ha ein super fredag
Det kan være lurt å ta dagen som den kommer. Har ikke hørt dette med edikk og kleggbitt… det må prøves. Kanskje man slipper å kløne av seg rurene. Håper dagen din blir god og fin etter hvert 🙂