Tja,kva skal ein sei?

Altso
Ute er det eit forrykande ver
Gamla har sove lite og ingenting
Så i frustrasjon gjekk eg på sofaen og la meg sånn midt på natt
Der sovna eg då,til slutt,og bråvakna av at Ingolfen sette klørne i meg
Han har nemlig ikkje lært å trekke dei inn.
Ilt var det,så gamla kom på føtene i ein kave og var ikkje nett blid
Trudde han måtte ut
Ut?sa Ingolfen.I dette veret?
Frukost
Det var då eg fortalde kva eg syns om denne oppførselen og kasta meg oppatt i sofaen
Til og med Ingolf trekkjer seg tilbake når det er den tonen:-)
Gjekk å la seg på teppe sitt og sovna
Det gjorde ikkje eg
Sit og gruer meg til køyretur i dette veret
Må ein så må ein
Er då ein skulle ønska her var kollektivtrafikk

Nyheitene blir berre verre og verre og eg vert fysisk uvel av å sjå å høyre kva som rører seg
Skremmande kva vi menneske er istand til
Lite eg kan gjere med det,men blir prega

Håper på at vi snart får litt sol og opplett og
Litt så trist med all denne vinden og regnet
No har vinden gått på nord og vinteren blafrer med vingane

Hadde vore ok med litt sol og fin høst før den kom,syns eg
Mulig eg er storforlangande
Er heilt mørkt ute,så ser ikkje korleis det ser ut.Berre høyrer
Blir nok ein strevsam tur til sjukehuset.

Men,får ta dagen som den kjem
Veret kan eg heller ikkje styre
Ha ein super torsdag
Snart helg:-)

2 kommentarer
    1. Huff! Så kjedelig år været er slik. Håper dere får det bedre ❤

      Oktober måned har vært mye våtere enn i september. Har regnet så og si hver dag, og det er surt og gufsent høstvær.

      Ønsker deg en superfin torsdag ❤😊

      Purr, purr, og klem fra Toril og kattene

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg