Tida fyk
 Dagane vert litt kortare kvar dag og verkar som høsten er her:-)
 Litt skremmande fort så forsvinn den lyse årstida og vi går inn i den mørke
Alt skjer så fort no i forhald til då eg var liten
 Då føltes veker som år:-)
Basaren igår var sosial,tappa kontoen litt meir enn eg igrunnen tenkte og gevinstane let vente på seg, men det var mange og flotte
 Men masse folk,gode kaker og sosialt
 Koseleg
 Passeleg aktivitet når regnet høljer ned
 Det gjer det idag og ,så sit no her eg .Energien er litt nede fortida,så får spare den til jobb:-)
 Gjesp
 Nyheitene gjer ein heller ikkje direkte i bedre humør
 Lidelsane til folk som er i krigsonene er skremmande
 Verkar og som det berre fortset uten at nokon igrunnen har lyst å gjere noko med det
 Eller det er for vanskeleg politisk ..Ikkje veit eg
 Grusomt å sjå på uansett grunn
Gruvedrifta på Svalbard har ein ende
 Kva som då skjer med dei som bur der og jobb kan ein jo sjå for seg.
 Litt spesiellt når mange års drift og miljø vert vekke
Hadde tenkt å verte litt meir sprek i sommar eg..Gå litt meir i skog og mark..
 Den tanken har eg endå men utføringa er det litt verre med
 Ha ein super mandag og nyt siste junidagen i 2025
 
 


Du må ikke snakke om at det blir MØRKERE ennå 😮 Nå vil jeg ha sommer en stund til 😀 22 grader er passe her, vil ikke ha VEEEELDIG varmt, men litt lunt er fint 🙂 Ble en tur i dag 🙂