Småfrys her eg sit

var ikkje så mykje hjelp i ein varm dusj eingang
Jaja..Litt småforkjøla,det er alt
Krølla meg godt inn i eit teppe og koser meg med varmt drikke
Går seg nok til

Nyheitene er berre trist,så tenkte eg skulle sjå Alle mot alle.
kanskje eg lærer noko.Ikkje godt å vite.
Må ha litt anna enn nyheiter og.

Har slengt genserprosjekte ned i ei korg og strikker meg nytt teppe.Berre rett.Det klarer eg altso:-)
Orker ikkje stresse med noko eg ikkje får til.Iallefall ikkje idag.

Lettvint middag idag.Kyllingvinger med ris og grønnsaker.Laga seg sjølv:-)Godt er det og syns eg.Treng ikkje vere noo innvikla greier

Ser at eg har like runde former no som då eg var liten.
stort hovud og lite vit:-)Mamma var flott:-)Det er ho fortsatt.

Lengter etter vår og fjellturer.Treng snart å byte ut den faste turen min etter vegen med noko som krev litt kondisjon.
Meldt fint ver neste veke:-)Er eit håp

Sol i morgon og ser eg på vermeldina.Regn på turen idag.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg