Må vere superheldig med påskveret på fridagen min
Når påskeferien er 1 dag,så er det viktig å maxe den ut vermessig
Idag var det nydelig
Frukost i sola med krimboka til dessert
Berre lata meg i solveggen og hatt kvalitetstid med dattera
Fordelen med ho er at ho får mora med ut i skog og mark.Forma mi er altså langt under pari og for å vere ærlig…Heilt elendig
Men ut på tur:-)
Tok si tid og godt med tolmodig fylgje
Men det er verdt det
Rett og slett fantastisk på toppen idag
Varmt og godt og sånn skikkeleg vårstemning:-)
Kjende formeleg fregnene sprette ut
Tusla oss frå varden på Bygdeheia ned til dagsturhytta Vidsyn
Der var det rett og slett nesten for varmt i solveggen.
Kvalitetstid
Kjennes ut som eg har gått fjell på 2000 og ikkje 260,men sånn er det når kondisen manglar
Tre dagvakter for tur…
Så er det å håpe at eg får sove:-)Litt opp og ned med den saken
Sol i morgon og ser eg og så er vi tilbake til normalen:-)Berre å nyte sola når den er her
Flott vær hos deg og. Den boka har jeg og lest i påsken.
Ja fornøgd med veret og boka:-)
Det var kvalitetstid det! Så er vi i april 🙂