Kom trøtt og sliten inn døra , og ærleg talt .Det frista null å gå ut
Vårherre hadde åpna alle kranane og sett dei på fullt.Trur igrunnen det må vere vasslekasje deroppe og han har glømt kor stoppekrana er
Var på veg inn på sofaen då alteregoet dukka opp.Jau…Syns det var ei som sa ho hadde kjøpt seg tette regnklær og hadde for ein gangs skuld tette støvla
Jada.Ikkje det som er problemet..
Vidare frå alteregoet
Syns eg såg å badevekta at den hadde krope ein god del opp og ikkje ned og følte du deg ikkje oppblesen og uvel….Gni det inn tenkte eg..
Igrunnen så likar eg meg ute i regnveret så lenge regnet kjem frå oven og ikkje frå sida
Så på meg vestlandsbunaden og refleksvesten
Ser litt olm ut og igrunnen så er eg ei sær heks:-)
Syns det var noko som ikkje heilt var som før på utsikten,men tenkte at no har det gått heilt i surr ,så eg fortsette til eg hadde nådd nullpunktet og litt til
Koseleg skilt.Viktig å ta vare på dei små,men her snur eg…
Men no fekk eg forklaringa på kvifor eg syns det var noko rart å utsikten.Trefte på ein kjenning som lurte på om eg hadde sett at han hadde saga ned og rydda på utsikten i regnveret…
Akk ja..Kor treg kan eg igrunnen vere. Men er det full gjennomtrekk, så er det det, tenkjer eg.Så no bar det strake vegen til utsikten for å sjå på arbeidet:-)
Til og med nesten opplett så eg fekk av hetta og kunne sjå meg rundt.Er nesten så ein er trafikkfarleg når hetta er trekt så langt ned i ansiktet at ein verken ser eller høyrer:-)Mulig eg er det ellers og:-)
Alle småbuskene som sto på kanten er vekke og utsikten er prima:-)Båten med Yme er der fortsatt og det ser ut som den sakte men sikkert nærmer seg Lutelandet:-)
Hadde meg halvannan times tur i regnveret.Det gjekk så seint at eg trur ikkje eg forbrannt ein einaste kalori.men fekk masse frisk luft og er igrunnen hærleg når regnet piskar i mitt trøtte ansikt:-)
Regnet stoppa då eg kom på tunet,:-)
Men no har eg berre lyst på noko godt å ete.Får veldig matlyst av denne friske lufta:-)
Har fundert over alle hattane vi har på oss i dagleglivet eller kanskje vi skal kalle det for roller
Litt lettare ord kanskje men gir same meininga
Kor ein er i livet avgjer ofte og kor mange roller ein har å hoppe inn og ut av
Har ein for mange så kan det verte stress og så vert ein utbrent:-)
Viktig å ha sånn passe. Nokre roller styrer vi ikkje mens andre kan ein gjere noko med.Kan tenkje over kor mykje vi treng delta i diverse .
Den kjekkaste rolla eg har er bestemorrolla.
Sjølv om barnebarna har fortalt meg at eg må vere klar over at eg er gammal og slett ikkje pen så er eg like god bestemor for det:-)
Litt småsprø og ikkje heilt a4 kanskje men det trur eg igrunnen ikkje barnebarna bryr seg stort om
I såfall så seier dei ifrå.Det er det som er det greie med ungar.Dei seier det som fell dei inn.
Litt slik som meg kanskje:-)
Enkelte roller stiller krav til oss Kva vi meiner,seier og klesstil,mens andre går meir på følelser og det og stille opp
Kan jo vere at vi av og til trur andre har krav til oss som viser seg at dei ikkje har.Andre ganger klarer vi ikkje innfri krava
Ikkje lett å vere menneske.Ein må gjere det beste utav det,tenkjer eg.Prioritere kva roller vi syns er viktige og kva for roller vi kan gå ut av
Nokre roller har vi heile livet:-)
Som regel så går det greit.Vi får no heller tole at vi trakkar i salaten av og til.Bedre det enn å stadig gå i redsel for å gjere feil.
Det siste vert ein jo berre psykisk stressa av.Kan jo av og til få lyst å berre ligge i senga og dra dyna over hovudet,men kjedeleg det og
Ein må vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku
Eg slit meir med rolla som ikkje røykjar enn eg gjorde som røykjar igrunnen,men luktar kanskje bedre
iallefall nydusja :-)For når eg pæsar rundt etter vegen eller oppi liene så lukter eg iallefall ikkje godt:-)
Her er det eg brukar å finne krafta til å ta vare på rollene mine.Kjenner at kreftene kjem berre ved synet
For etter som åra går så vert eg ikkje berre eldre,men og ganske så sær og vanskelig,så når eg då skal vere hyggeleg og grei på jobb og i livet ellers så krev det at eg tek meg alvorleg mykje ihop:-)
Det er då eg syns det er hærleg å komme meg ut i frisk luft og la tankane fly
Av og til lar eg all gørra eg har innimeg komme ut i tankane. Forhåpentlegvis klarer eg å snakke stille innimeg ,men å mumle sånn halvhøgt visst ingen høyrer gjer liksom susen:-)
Litt greit å få ut alle tankane ein har gjordt seg gjennom dagen.Sortere dei og legge dei vekk.
Brukar det ikkje berre i jobbsamanheng ,men og ellers visst eg føler livet butter litt mot.
Mange tårer som har fått fritt utløp og mange stygge ord som er tenkt ute i naturen .Vel å merke visst eg går der å surrar aleine
Viktig det å rydde opp i harddisken innimellom.
Eg er født i tvillingane sitt tegn.Kanskje det er derfor eg tenkjer så mykje . Gjer det, sjølv om ein kanskje får inntrykk av i bloggen min at eg er delvis tankelaus:-)
Er nok derfor det vert så mange turar og så mykje sortering:-)
I dag vandra eg først ut på utsikten for å sjå på den omtala store båten med plattforma Yme oppå. Båten var nok stor den,men Yme var som eit lite knøtt oppå.
Skal igrunnen meir til enn ein stor båt til for å imponere meg. Virkar nok større visst du ligg attmed den på sjøen eller den gjer frå avstand på land:-)
Kjende at turen ut der ikkje heilt var nok for å nullstille meg idag .Såg opp på Einingsfjellet med tjukk skodde rundt og tenkte at det var mykje meir majestetisk enn denne båten, og idag tiltrakk fjellet meg kjende eg.
Var litt langt å gå heilt ut der så eg rusla først heim for å finne bilen og baske meg ut
Var rett og slett herleg å vandre oppover.Gjekk ikkje fort men eg hadde så mange tankar som skulle sorterast at eg trengde jo tida:-)
Det å til slutt gå å vase i skodda og berre sjå så langt som eg hadde behov for gjorde faktisk godt.Og så lenge det ikkje er så tett at det er farleg så er det igrunnen berre hærleg og den låg så tett berre øverst:-)
Hjelp å få snakka med meg sjølv litt:-)Eller med alteregoet .For vi har nokre diskusjoner før vi kjem fram til eit felles standpunkt.
Eg er avhengig av slike turar.Har eg mykje som må sorterast vert det kanskje som idag to turar. Men då vert verda så mykje bedre.
Eg har fått frisk luft,Fått nullstillt psyken og slått av jobb.Må det ,skal eg ha det bra med meg sjølv og mine medmenneske
Vert eg mentalt sliten så er eg ikkje kjekk å omgås for den eine eller den andre. Ikkje har eg det greit med meg sjølv heller.
Først må eg få ut gørra,Når det er gjordt er eg klar til å sjå ting frå ei anna side og gje ting ein positiv vri.
Ja galgenumor er jo og viktig då,men alt med måte:-)Er litt greit visst eg klarer alt dette uten å innvolvere andre syns eg
Visst ikkje gjer eg som dei i spørrekonkuransen og vel.Ringe ein venn:-)
Så no har gamla fått på seg joggebukse og krølla seg godt opp i sofaen.Livet er igrunne flott:-)
Det andre viser fram som baksida av hagen sin er liksom bedre enn det eg har som framside:-)
Her er blomstene mine:-)Fine sant?Men idag tok eg og plukka dei
Fekk hjelp til innhaustinga av han her.Leif:-)Litt sær og skal lite til før han ikkje vil meir eller vi må ta ein liten pause,men vi fekk det no så nokonlunde til:-) Tja.skal vi kalle det her blomster.Er fornøgd eg:-) Lyng er pent .Den har eg rikeleg av
Ikkje alle som har grønne fingra og ærleg talt så er eg vel heldig som ikkje har naboar rundt meg,for trur eg hadde skjemt ut omgivelsane:-)
Spegelblank fjord og kjende at idag hadde det vore fint med ein båttur:-)
Middag fekk eg hos mamma.heldig som i min alder har foreldre i nærheita ,og når eg til og med får middag er jo dagen redda:-)
Ete der i heile dag forresten,Bortskjemd:-)
Mine håpefulle skulle på sjøen i ettermiddag og jammen fekk eg lov å vere med:-)Stor stas
Var aldeles nydeleg på sjøen Kapteinen hadde det meste under kontroll:-)Men kor er fisken? Ser langt og lenger enn langt Teiner er tingen.Prinsessa her kontroll Onkel og prinsen har styringa.Gjeld å fordele oppgavene Skikkeleg fres over prinsessa. Vi måtte ha ein tur innom Lutelandet for å sjekke tilstandane før Yme plattforma dukker opp
Det einaste vi åg var ein mann på ei gravemaskin og ein å toppen av ein containar…Helekopter som landa og letta då vi var kommen litt lenger unna,så ikkje den store aktiviteten.Men håper det endeleg skjer noko her ute for det er langt ned mykje peng og mykje arbeid Dagens fangst og den sto svigerdattera for med fiskestanga til prinsessa:-)) Vakkert Må jo ha eit bilde av Alden:-)
Fantastiske blåfargar.Solund i det fjerne Men ein tek ikkje med besta på fisketur ustraffa.Er virkeleg begynnt å lure å om eg har dårleg karma.
Motorstopp.Men heldigvis var det ikkje verre enn at dei unge håpefulle kunne reparere og vi kunne tøffe oss heim…Nokon av oss har sikkert ein skytsengel med
Jettegryte:-)
Flott tur innover i Skifjorden.
Kjempekjekk kvalitetstid:-)Er slike stunder ein kjenner at det er godt å leve:-)Og at det er dei små tinga som gjev livet meining
Vel heime venta både lapper og seinare pizza frå mor,bestemor og oldemor i ein og same person.
Så vel fornøgd med dagen er er havna i sofakroken,Handball på tv og strikketøy og data.
Litt lite sikkert.Det må eg innrømme,så eg måtte halde meg i aktivitet:-)
Handledag.og klart eg måtte kjøpe meg skillingsbollar .Elskar skillingsbollar og åt så klart ikkje berre ein:-)
Har eg godt av dei !?..Nei!!,men syns eg det smakar fantastisk.?.Ja!!
Lenge sidan eg har vore på Vardeheia ,og det sjølv om eg berre kan ta på meg skoa og gå omtrent rett opp..
Veit ikkje kvifor eg er der så sjelden, for stortrivst på desse turane.Mulig fordi det alltid er vått og når det har vore slikt ver som i det siste så er det ikkje berre litt vått og gå
Må innrømme at det tok på å gå oppover.Kunne høyre meg kilometervis:-) Men er så fantastisk å kjenne roa som senkar seg når eg er kommen opp dei første stigningane ,Traskar over myra og kjem inn til vatnet. Magisk.!!
Er eit eller anna med denne naturen som når fram til det beste i meg:-)Mulig det er fordi eg er på heimebane. Sola kom oppi første bakken og det vart nydeleg:-)H)adde rett og slett ein fantastisk tur:-)Burde sikkert gått litt fortare men fekk det liksom ikkje til idag.Må jo sjå om det er orm og stige litt utenom dei verste bløytene.
Den følelsen når ein er oppe ved varden og kan nyte utsikta Skjønner de no kvifor eg stortrivest på dette fjellet Litt påfyll må til I dag var det hett og godt på toppen.Sat lenge og berre kosa meg og let blikket kvile å den flotte naturen og utsikta ut i havet
Skjelefred
Til og med vorten brei over skuldrane:-) Flotte kvite striper i fjellet
Kven er det som bankar på mi bru…? Lifjellet i det fjerne.Snart heime 🙂
Vel nede og høg å meg sjølv og naturopplevelsane slo det meg….Skulle eg kanskje ta Einingsfjellet i same slengen?
Heldigvis for meg så var det eitpar friske hjerneceller att som ga beskjed om at dei trudde kanskje eg skulle gi meg mens leiken var god
Tok med meg avisa i forbifarten,låste meg inn.Sette på kaffi og såg eg burde ta inn litt klær..Så vart gjordt
Planen klar.Dusj,kaffi og avis i sola.
Det første gjekk greit.men så vart spørsmålet…Kor var avisa?Borte vekk..Fann den absolutt ikkje, men av ein eller annan mystisk grunn hadde eg plutseleg to fulle kopper med kaffi.
Etter å ha leita etter den hersens avisa i all den tid ,tenkte eg at skit i den.Eg tek kaffi uten avis..
Kva låg ute på altanbordet…Jau,avisa
Men no hadde eg lett så lenge at sola var forsvunnen den og og vorte erstatta av kald skoddevind
Så tusla innatt,Laga meg middag og tok meg ein ,trur eg,nødvendig middagslur:-))
Så no har eg funne avisa,kokt meg ny kaffi og funne fram strikkerøyet.Snart ete opp 250 gram nøtter.Har dårleg samvittigheit og tenkjer…
I morgon skal eg starte på eit nytt og bedre liv ….trur eg