Bestemorhelg:-)

Utruleg så heldig eg er som har den æra og vere bestemor

Besta.Ikkje farmor.Har valt det sjølv

Syns det høyres så koseleg ut

Bles godt her.Skummelt ifølge dei håpefulle.Ikkje slik der dei bur:-)

Må hogge ned trær får eg beskjed om

Altfor farleg å ha så mange tre rundt husa.Dei kan dette ned og ødelegge,meg og kanskje?

Onkelbesøk er kjekt.Sjå litt kva han har rundt om.

Onkel er topp så der har nok besta lite å stille opp:-)

Siste gruppe av turistar ankom

Må igrunnen sei at dei er maks uheldige med veret.Mykje vind:-)

Ikkje så mykje vi kan gjere med det.Dei får fiske etter ørret inne i fjorden:-)

Vi stillte like godt opp heile gjengen for å hjelpe onkel med velkomsten:-)

No syns no prinsessa at dei godt kunne snakka norsk.og iallefall kunne dei vore litt meir forsiktige då dei nede med sjøen kasta veskene sine oppå der ho hadde samla blåskjel

Stort minuspoeng:-)

Fordelen var no iallefall at vi kom oss ut og vekk frå dataspel 🙂

 

På lokalet:-)

Kjekt med teater:-)Vore på ein flott framsyning av Sogn og Fjordane teater

Flott musikk og sang og flotte dansarar

Full i humor: og fekk meg i godt humør

Ein artig time:-)

Slike ting burde eg nok gjere oftare

Hadde igrunnen passe lyst før eg for.Fortsatt vondt i tennene etter tannlegebesøk og følte meg klar for sofaen.

Men.Hadde veldig godt av ein tur på lokalet:-)

 

Stiv og støl

Litt usikker på om morgenstund har gull i munn

Kjennes ikkje slik ut

Har dratt meg ut or senga,Trakta meg litt kaffi og håper på at ting går seg til:-)

Tegn på at eg dreg på åra kanskje,men kjem seg vel utpå dagen

Treng berre litt fred og ro:-)

Kjenner meg mest slik som dette:-)

Godveret er over noko som betyr at eg har langfri:-)

 

ojsann

Sat her så fredeleg og kosa meg istad

Kjende meg trøtt og ganske glad

Plutseleg kom det er veldig drønn

Hjelp tenkte eg,her er det ingen bønn

 

Det første som slo meg var at det tordner no

Hoppa opp og nett før eg tok på meg sko

Men var ikkje det og tenkte.. dynamitt

Men så seint er det jo ingen som tenkjer på berre sitt

 

Var nok eit jordsjelv  og må ha vore ganske nær

For sjelden eg merker det like i mine tær

Men men var fort over og det var no godt

Men no skal det regne så vert nok ganske vått

Smil og vær glad :-)


I dag var vi smarte og gjekk ein ny tur

Var mykje skogsveg og så litt myr

Var verkeleg flott å gå må ei sei

Vi gjekk den breide og ikkje smale veg

Visste ikkje att der var så mykje vei 

som var laga i skogen og det så brei

Var som å gå i ei anna verd

og ikkjs slik som på stiane her

Med sekk og vatn  bar det av stad

humøret på topp og lett og glad

Systa gjekk først og passa på

så eg var sikker på kor eg skulle gå


Litt busker og kratt det smalna inn

Men vi var lette, i sjel og i sinn

Fantastisk flott i naturen vår

sjølv om vi begge har fått gråe hår:-)

No var vi komne litt oppover berga

Men vi har god tid ,skal ikkje nå ferja

Er viktig å kose seg når ein går tur

Ellers er det fort at ein kan verte sur


Utsikta den kan ein ikkje klage på

Kan ikkje verte finare når ein skal gå

Litt regn det kom så innimellom her

men vi hadde så nokonlunde tette klær

Her var det letta og sola kom att

vi tok oss ein pause og såg oss om att

Litt nøtter og sjokolade kom fram frå vår sekk

Må jo kose oss litt sjølv om vekta får ein smekk


Vanvittig flott lys på himmelen var det og

Litt sol og regn og skyer vi såg

Men skyer med regn kom sånn i full fart

Så skjønnte fort at regn det vart

Ein nydeleg flott varde har dei her

Ikkje mykje slendrian der

Men no måtte vi gå skulle vi komme ned i vegen

før vi vart klissa våte og trøtt og segen

Nydeleg  natur her ute

Fred og ro men såg kun ei skute

Dei fleste er nok inne og koser seg

For regnet krysser no vår veg

Men turen nedatt var våt og bratt

Og ned ein fjellskrent skulle det vore ei trapp

For der var det veldig skummelt idag

Var glatt og ubehageleg  og då er eg vag

 

Men vi kom heile ned, og turen var flott

Skal gjere den oppatt men då går eg opp

Der eg idag valde å gå ned

så slepp eg å få så steike ilt i mine kne

Tur med systa

Plutseleg var Oslosysta dukka opp.Kjempekos.

Å gå å tur med andre enn gale Lise var igrunnen hærlig

Fantastisk ver.Sommar i september idag og.Ser ut som det er over ute no,men gjer jo ingenting for vi er ferdig med turen


Nydelige snille systa klar for strabasane.Endelig ei syste som eg fortsatt klarar halde fylgje med..enn så lenge

Litt pause må til og passer godt å trekke pusten opmed demma.Nydelig

akk ja

Vi har klart det.Hipp hurra:-)

Var faktisk godt å komme opp på toppen til litt kaldare vind


I mantalet må ein jo skrive seg syns vi:-)


Måtte sitte litt å toppen og nyte utsikta å veret.mandarinsmaker fortreffeleg i høgda:-)

Her er vi:-)
 

Trøtt

Ingenting er så godt som å endeleg komme heim å få slenge seg ned etter nattevakt

I natt har eg altså vore steike trøtt ,men no når eg kan sove er eg nok overtrøtt

Søvnen vil liksom ikkje komme med ein gang

men snart kjenner eg:-)

Trur eg legg meg på sofaen så eg ikkje søv for lenge,

Må jo vere frisk og opplagd i morra tidleg og det er vel tvilsomt om eg er visst eg snur døgnet

 

 

Full fart:-)

I dag har eg vore å kursa meg

Sikkert litt lurt for meg som er treg

Om eg vert klok det gjenstår å sjå

Står iallefall ikkje skreve utanå

 

Etter det tok eg meg ein tur å fjellet

Er så vått ein burde hatt gjelle

Men var flott deroppe idag som før

Jagar alle triste tankar på dør

Har prøvd dei nye skoa mine

Dei er om ikkje anna reine og fine

Gjenstår å sjå om eg vert fornøgd 

Men var no tørr på beina så det er utprøvd

 

Skunda meg ned for eg måtte på møte

Så fort eg kunne for eg måtte meg føte

Ein rask dusj det rakk eg å ta

Noko som sikkert for andre var bra

 

Men no får eg prøve å sove litt

For skal visst på jobb og det omlitt

Men det er igrunnen berre kjekt

Berre eg stiller klokka så eg vert vekt


 

 

akk ja

Las at ungane alltid fekk inteligensen ifrå mora..

Ja visste eg det ikkje!.Berre så synd at eg trur at eg har gitt ifrå meg alt ,for følest ganske så tomt ut oppi øverste:-)

Mykje ein kan lese i slike artiklar.Noko stemmer vel og andre ting stiller eg meg meir uforståande til

Mulig eg ikkje forstår det fordi eg har gitt frå meg inteligensen:-)

 

Ein annan ting eg lurer å er.

Visst eg kun heklar ei rekke på gardina mi kvar dag.Kortid vert eg då ferdig?

Ikkje god i matte:-)

Har liksom ikkje det dugg lyst til å drive med handarbeid for tida

Men tek det fram.Tenkte det var passeleg syssel til 71 grader nord

Kjempestas å sitte i sofaen og gomle i seg usunne ting å sjå på andre slit:-)!

Kanskje eg skal legge opp til eit nytt teppe,for dette er ferdig om ikkje anna

Gjer det eg ikkje kan

I dag har eg vore i Førde ein tur

Måtte innom på sykehuset for å sjekke at alt er som det brukar

Innom coop.Måtte ha ingrediensar til glutenfrie knekkebrød

Hadde skrive opp må vite

Leita å nettet og funne nokre oppskrifter

Ikkje så god på å lese antageleg for på lista sto solsikkefrø og eg kom heim med solsikkekjerner

jaja Får gjere nytta

men måtte jo ha meg middag så tok den lettvint på coop

Syns middagen der er heilt grei eg og til ein grei pris

Koselege og reine lokale er der og.

Måtte innom sporten i Dale for klarde jo å kjøpe for små sko

Trur føtene mine veks endå for skostørrelsen går opp kvart år:-)

Men så var det heim å bake

Akk o ve.Mulig dette er plankekøyring for folk flest

men kjøkkentjeneste er ikkje mi sterke side:-)

Har ikkje mindre enn tre forskjellige sortar.Skal det vere så skal det vere for trur det vert mykje svinn

Kan no hende ein av typane er etande og fell i smak.Er nok ein eigen teknikk med dette her som eg slit med å skjønne

Anten vert det for mykje stekt eller så vert det forlite og seigt

Desse hadde kort steiketid men er faktisk dei som ser best ut:-)Litt anna framgangsmåte enn dette andre greiene:-)
Desse her veit eg ikkje heilt…Men men

Den tredje sorten står og godgjer seg på ettervarmen og det skal den berre få gjere,for no er eg lei

må ha meg ein tur ut i frisk luft trur eg.Iallefall kjennest det slik ut:-)

No er no bestillinga gjort,så får mottagaren gjere med dei kva ho vil,for eg har no prøvd etter beste evne:-)