Feiaren rakk det akkuratt i tide.
Sånn ca nett før klokka var fire
Skal sei han var rask og var ganske fornøgd
Lite å gjere ..veden var nok tørr
Noko fjelltur gadd eg ikkje ettet fire
Gale Lise kunne ikkje halde seg og måtte no flire
Ho syns eg er lat og det kan no vel hende
Men slik er det når eg på forkjølelsen kjende
No gjekk eg no etter vegen ei tid
Syns det var greit nok for gidd ikkje gå på ski
Hagla og snøa og sola ho skein
Trur det var lurt at eg gjekk på to bein
Men no har eg ete og ovnen den brenn
Godt eg slepp av nokon å få skjenn
For eg har vore i frysen og henta meg is.
Høyrde gale Lise gav frå seg eit knis
Meiner bestemmt eg kan kose meg no
Det er no lørdag og isen er god
Det er berre det at eg fekk lyst på litt meir
Kanskje det bør halde med ein og ikkje fleir