Vakker soloppgang i slutten av september
Er så heldig å bu med natur rundt på alle kanter,
Kan vere eit problem til tider,men stort sett fint
Stillheit er ein fin ting,men treng av og til påfyll av mennesker,liv og røre og det å kunne bevege meg blandt andre uten at alle veit kven eg er
Men når ein har gjordt det valget og bu i periferien er det det som er bakdelen.
Langt til folkeliv,butikker og kafeer.Kino og uteliv er ei sjeldenheit.
Men har nydelig natur,stillheit og ro.
Kunsten er vel å kunne variere litt,slik at eg ikkje vert altfor sær:-)
Hausten er tid for ettertanke
Mørkare kveldar ,fyr i ovnen og inneaktivitetar
All årstid har sin sjarm,men sjølv er eg ikkje så veldig glad i den mørke årstida
No har vi stillt klokka tilbake og kveldane vert endå lenger
Ikkje så kjekt syns eg,men sånn er det no eingang
Fargane om hausten er iallefall berre heilt nydelige:-)
Har starta med noko eg ikkje kan.Male..resultatet vert no deretter,men gjer no mitt beste
Ingenting er som å sitte å nyte stillheita og roa ein fin søndag i advendt.
Ute er det komme litt snø
Inne er det varmt og godt
I år har eg til å med gjordt noko eg ikkje plar gjere.Pynta med litt nissar og lys tidleg i desember
Julegavene trur eg at eg har sånn nokonlunde kontroll på.
Mangler nokre men er no ei stund til jul endå
baka kakemenn med barnebar og riflekjeksa er i boks
Boks og boks.Har klart å få i meg halvparten,så no bør eg pause det litt.
Kjeksa er igrunnen best før jul.
Hadde igrunnen tenkt å bruke dagen idag til å bake litt,men vart med tanken
Men no skal eg bruke resten av kvelden til rett og slett å berre kose meg
I dag har eg kun gjordt ein einaste ting
Slappa av. uten fingrar i sving
Det føles igrunnen skikkeleg godt
å nyte litt fred og ein kaffikopp.
No sit eg her i mitt lune hi
Lysa er kveikte og dagen på gli
Korslaget syng og maten på kok.
Gjenstår å finne ei spennande bok
Ein ting har eg visst alikavel gjordt
Skufla vekk snø, borti ein krok
Gjorde igrunnen skikkeleg godt
å få bevega min etterkvart aldrande kropp-
Ha ein fortsatt fin 2.søndag i advendt
No lurer eg på
Vert det skitnare i huset når bestemor passer ungane enn når foreldra gjer det?Desse reklamane gjer meg forvirra:-)))
Reklame kan jo sjåast på mange måter og vi tolkar som vi vil og etter humøret:-)
Sett for mykje tv i dag sikkert.Reklamepauser blir normalt brukt til alt anna enn å sjå på dei,sjølv om enkelte er morsomme..
Ellers så har eg ikkje kvite handukar så slepp det problemet.Den reklanen er tørr…
Eg er nok eit b eller c menneske vorten.
Var ikkje det då eg var liten .Då var eg tidleg til sengs og nesten altid den første som sto opp.
Kor tid dette endra seg er eg meir usikker på ,men eg trur det kom med alderen.
No er det liksom eit slit å stå opp,men jammen er det same slitet å legge seg og.
Veit igrunnen ikkje kvifor,for skal eg vere ærlig så likar eg morgontimane bedre enn kveldane.Iallefall om vinteren.
I dag kan eg no skulde på at eg kan dra ut tida sidan eg får ein ekstra time i morra.Ikkje verst berre det:-)
Vi har hatt ein nydelig haust,men flotte farger
Ikkje for det.Godver har vi ikkje hatt så mykje av,men sidan det har vore lite med vind har lauva på treea fått stått i fred.
Ei veke med nydelig ver i oktober gjorde liksom susen.Humøret steig betrakteleg
No er det plutseleg vinter:)Ikkje så glad i snø.I motsetning til mange andre er eg ikkje typen som er født med ski på beina.
Har prøvd,men dei gjekk feil veg og det i susande fart..så den står eg over..I min alder skal ein og passe seg for lærbeinsbrot og andre komplikasjonar:-))
Vinteren gjer sitt inntok
hausten må sleppe tak
No er det tid for snømåking lesing og innekos,Hadde det ikkje vore for at ein måtte køyre på glatte og sørpete vegar og måke snø ,så hadde det ikkje vore så verst:-))
Dette er den første posten på min nye blogg 😉