På ukjende stiar

Gjekk tur på ny plass i dag
Følgde ein skogsveg
Oppover bar det

Fekk fres på kolsen
Men like kjapt som den starta så slutta skogsveien oppi skogen
Vi var litt usikre på om det gjekk an å fortsette i marka og kor vi igrunnen var i terrenget
Gjekk nedatt.
Dattera var med og hadde ikkje den store utfordrertrangen med ei retningsvill mor
Ingen skam å snu
Fekk no trimma litt
Nedom grava eintur
Kveikte lys

Mange fint pynta graver
Vinteren er kommen
No er det kvitt
Morgenturen min gjekk på den faste ruta.Den er eg trygg på kor går henn:-)

Vart litt kort skogsvegtur❤️
No veit eg no korleis den er..Må prøve andre muligheiter neste gang
Frisk luft er no uansett godt
Er litt kjekt å prøve nye vegar

Sjakk på tv fortida
Aldri vore så opptatt av den sporten
Kanskje fordi eg ikkje skjønner eller kan sjakk
Får skulde på det
Er igrunnen det same med golf
Men vi er heldigvis ulike

Litt godt berre å slappe av under pleddet med bestevennen ved sida av
Fann meg ein kanal med krim:-)

Ha ein fin kveld

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg