Ord

Det ligg mykje makt i ord
Ord kan glede og det kan ødelegge
I tillegg til ordet er det settinga,oppfattelsen til den andre og tonefallet som avgjer korleis sjølv det enklaste ord vert oppfatta

Kommunikasjon er ein vanskeleg greie
Er ikkje berre det eg seier,men omgivelsane og dei eg snakker med har like stor innverkanad på kva ordet til slutt betyr

Eg lar meg imponere av enkelte sin evne til å fortelje og snakke om alt frå kvardagslege ting til vanskelege tema
Dei snakker med innlevelse og ei tyngde som gjer at folk trur blindt på det som vert sagt sjølv om det ikkje har rot i verkelegheita og igrunnen er berre ein bagatell
Andre vert ikkje høyrde,sjølv om det som dei seier er vel så klokt
Merkeleg korleis ord oppfattast heilt ulikt alt etter kven som seier dei og korleis

Sjølv snakker eg på inn og utpust til tider
Alt anna enn sjarmerande og sikkert utruleg slitande for dei som må høyre på
Hender eg seier noko klokt eg og ,men drukner nok i alle unødvendige orda
Eg veit det,men vanskeleg å gjere noko med til tider

I tillegg er eg ofte innom mange tema på ein gang.Starter med eit emne,så er eg innom mange andre tema på vegen,som i mitt hovudet naturleg høyrer med,før eg ender opp med poenget der eg starta.Då har dei fleste ramla av.Synd for dei:-)Var mykje viktig informasjon der:-)

Masete og slitande er vel kanskje det som er knaggen typer som meg blir hengde opp på
Hender eg er stille.
I tillegg har vi jo kroppspråk som eg føler kan vere det mest ekskluderande
Då viser vi tydeleg om vi er det minste opptatt av kva den andre prøver å formidle
Mitt er altfor tydeleg

Men,eg er ikkje så aller verst på ein god dag

God torsdag

2 kommentarer

    1. 🙂 Ord har makt… det er heilt sikkert. En fin egenskap er å lytte – og være stille når det trengs…. vi er alle masete til tider tenker eg 😀 Kommunikasjon er vanskelig – og kan bli misforstått og tolka feil. Praten auge til auge er den beste men å skrive er også bra. Du skriv gode innlegg! Lag deg ein fin torsdag

    2. Ord er samanlikna me fuglar som lettar, når en ting er sagt kan ein ikkje gjæra det ugjort. Eit godt innlegg med gode refleksjona og som Mette seier over her, kven er det ikkje som snakkar for mykje inn i mellom. Og kroppspråket og ikke minst alle dei små musklane i ansiktet, kommuniserer. Eg er igong med å prøva og ikkje snakka negativt om andre. For av og til har eg «kosa» meg med slikt. Ein treng ikkje det. Det er så bra at ein alltid har noko å arbeida med.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg