Morgonfunderinga

Sit no her som vanleg med kaffikoppen og prøver å våkne til liv
Les nyheitene,og ikkje alltid noko oppløftande lesing.
Nettkrim og overgrep mot barn.Kjenner eg vert kvalm her eg sit.
Sikkert mange mørketal og,men glad for alt som kjem for ein dag og vert stoppa.

I det heile syns eg det er mange triste sjebner i nyheitsbilde.

Sjømateksporten er på topp og bra er det.Godt ein tjener penger på noko.Skaper arbeidsplasser
I tillegg er det sunnt.Iallefall trur eg det,for slike meiningar skifter ofte.

Facebook og instagram er iorden at og verden på plass.
Greit når ting er tilbake til normalen:-)Korleis skal vi ellers hukse kven som har bursdag:-)
Notere det ned som vi gjorde før:-)

Eg er kommen i den alderen at eg må ha alt notert ned.
Har det i almanakken og ikkje på nett.
Litt beggedeler faktisk,men syns den vesle røde boka mi er super.
Får jo nermast panikk visst eg har lagt den vekk

Lokale forhandlingar idag.
Ikkje så glad i det eg.
Mange forbund skal sitte og slost om ein liten pott.
For min del burde alt komme frå sentralt hald.
men det er mi personlege meining.
Ofte har medlemmane store forventningar til det som igrunnen er ingenting..
Alle kan jo ikkje få .Urettferdig ,men sånn er det..

Ha ein super tirsdag.Her regner det:-)

8 kommentarer

Siste innlegg