Morgenstund

Vakna tidleg idag her i min midlertididige bolig
Snart ut til Ingolfen
Trur rett og slett eg skal ta bilen
Vel og merke er det ikkje så mange hundre meter,men veit ikkje heilt om veret frestar:-)
Litt mørkt endå,så ser igrunnen ikkje

Nyheitene handlar mest om Usa og Grønland
Verda er ikkje kva den eingang var
Veit ikkje kva som lurer rundt neste hjørne

Seinvakt idag og jobbehelg.Heilt greit det og
Likar meg på jobb
Gårsdagens foredrag kvernar fortsatt i hovudet
Brukar igrunnen ofte å vere slik etter denne typen foredrag
Men,vi har godt av å bli minna på vår eiga rolle i møte med andre menneske
Korleis vi kan påverke dei rundt oss
Vi veit det igrunnen,men lett å gløyme i ein kvardag
Nokon er berre fantastiske menneske som sprer godheit rundt seg
Vi andre må jobbe med oss sjølv for å komme dit

Utstrålinga mi trur eg kan vere ein prøvelse av og til
Jaja
Kan berre gå ein veg får eg håpe
Eller mulig eg vert verre med åra

Snufs idag så håper det gir seg med det

Ha ein super torsdag

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg