Med feil fot

Den sånn litt mugne følelsen ein får,når ein forsiktig skal prøve å komme ut av senga,og merker at ryggen har slått seg vrang…
Tok litt tid,men det gode er at eg har fridag
Ute er det klink is,og eg treng ikkje køyre nokon stad

Håper det roer seg litt ut på dagen:-)
Det er jul om ikkje så brått.
Idag skal eg vere inne og fyre med ved,sånn etter sangen til Vaselina bilopphøggers

Ihelga har vi pynta til jul på jobb:-)Hjalp på julestemninga.
Litt godt å ha ein fridag og ta seg litt inn 🙂
Kanskje berre rydde vekk litt saker,så det ser ut som her bur folk:-)

Messi fekk vm gullet sitt,og godt er det:-)Er ikkje så glad i fotball,men dette var liksom ikkje til å unngå for meg heller
Krigen herjer som før. Ikkje alle som fortsatt har det trygt og og godt som oss.
Her er det vel prisauke,renteauke og straumprisane som er bøygen for mange
Husleigene stig massivt enkelte stader.
Er trist å ikkje ha råd til dei daglege utgiftene.Unner ingen det og veit korleis det kjennes på kroppen
Med jula for døra så vert det ekstra merkbart.
Viktig å tenkje på dei som ikkje har det så greit som ein sjølv har det

Mykje ein funderer over her ein sit med kaffikoppen og håper på at ryggen skal ombestemme seg

Kanskje eit håp om at eg får ferdig denne idag.Vert ofte litt mykje oppattrekking når eg held på.

Ha ein fin mandagog gå og køyr forsiktig 🙂

5 kommentarer
    1. Ha en fin mandag du og.
      Det er mye å tenke på, mye en skulle ønske en kunne rette på. Ikke like lett å rekke opp feilene andre har gjort, som krig og høye priser.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg