Lyse natta;-)

Har du tenkt å sove no det er lyst og flott ute?
Hjernen min den lever sitt eige liv
Fullmåne antagelig på denne tida.Ikkje veit eg,men jaudå,,,Natta er lys og flott
Ikkje grått men heller flott
Har skallebank eg då.så tatt ein paracet og stått opp.Like greit,tenkjer eg.
Har fri,så kan ta meg ein lur på morgonstunda

No har hjernen min jobba med pasientreiseproblematikk,munnbind og sjukehusinnkallingar..
Kvifor må fuglane vite.Eg skal ikkje dit det eg veit,og drosje tek eg ikkje,
Er nok det at eg las at grunna korona,så sleit drosjane med kapasiteten og ba oss køyre sjølv..
Uff…men kvifor hjernen min skal blande seg oppi det er uvisst

Er igrunnen fredfullt å sitte oppe om natta.
Sove får eg når kroppen er klar.
Kanskje eg skal finne meg noko varmt å drikke

Truls Svensen og sambuaren sin sang vant i Mega Hit.Er flott syns eg,men merkeleg nok er det mange av sangane som set seg fast i hjernen om ein vil eller ei.
Rart fenomen.Tek meg i å nynne på fleire til tider.Ikkje det at alle er dei store sangarane,men det er vel heller ikkje tanken bak.
Har ikkje sett alle programma,men fekk med meg finalen:-)

Ikkje veit eg kva eg gjere feil,men slik skal nok ikkje kransekakestenger bli.
Jaja.Om ikkje anna har eg fuglemat.
Baking er ikkje mi sterke side

6 kommentarer
    1. Jeg har også lagt merke til at det er lyst i natt. Ligger her og glor på tv. Har sovnet fra den så vidt et par ganger. Kommer nok til å sove som en stein utover formiddagen tenker jeg.
      Det er utrolig hvor mye hjernen jobber og funderer om natta da man skal prøve å sove😊

    2. God morgen 😁
      Eg har hørt på “Ludvik Dae” jodlesong i heile natt…🤪 den har kommet og gått i drømme og våken tilstand 😅

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg