Kolapsa i sofaen

Sånn med tunga ute og armane på feil plass.
Vakna heilt groggy.Handleddet på venstrehanda kjendes ut som det var brote.
Rett og slett uggen…
Var som eg knapt visste kor eg var…
Sånn er det når ein har sove forlite etter nattevakt og trur ein kan døgne som før i tida…

Vore innom naboen eintur.
Hadde tenkt å gå ein tur,men syns det var så kaldt…så her sit eg att.
Lurer på kven som har funne på den idiotiske reklamen til Drygolin.
Mister lysta på heile malinga…
Er i rette humøret til å irritere meg.

Hadde snøa inatt..vekke no men nordavinden gjer det temmeleg ukoseleg.

Fått strikkedilla og gjer igrunnen det eg ikkje kan…spent på resultatet.
Skal ha meg ei kosemegogkommetilhektene helg.

Sola skin og det ser heilt nydelig ut utanfor stoveglaset…
Gamla treng 5 grader til…
Gidd ikkje finne fram att stilongsen.
Sylvi er tilbake som statsråd.
Spent på kva det måtte bringe..
Som minister for dei eldre så vil det ha innvirkning på meg og.

Ulvejakt i fjella…
Svensk ulv på ferie på Vestlandet.
Liker nok fjord og fjell.
Hjort er det nok av.

Sas er på lufta att.
Håper dei fekk orden på arbeidstida.
Sjølv slepp eg i streik.
Godt er no det.

God fredagskveld🌹
Eg skal fortsette å strikke og irritere meg over ett og hitt😁

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg